Debatt

#metoo-sakene i Høgre: Forretningsadvokatens brutale møte med dugnadslivet | John-Ragnar Aarset

  • John-Ragnar Aarset
    generalsekretær, Høyre

«I Høgre er det mest dugnadsfolk og tillitsvalte som gjer jobben. Få er omfatta av Arbeidsmiljølova», skriver partiets generalsekretær John-Ragnar Aarset.

I eit politisk parti kan varslarane vere så unge som 16-18 år. Det er difor vi opnar for at den det blir varsla mot ikkje får greie på kven varslaren er.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Forretningsadvokat Runar Homble ønsker Høgre velkomen til «den brutale virkeligheten» i samband med arbeidet vårt med varslingssaker. Mykje av innlegget handlar om at arbeidsgivarar må følge Arbeidsmiljølova.

Eg ønsker Homble velkomen til min fantastiske «virkelighet». Her er det mest dugnadsfolk og tillitsvalte som gjer jobben. Få er omfatta av Arbeidsmiljølova. Av Høgre sine medlemer, er det om lag 0,3 prosent som er tilsette i partiet.

Advokat Runar Homble

Likestillingslova gjeld derimot for alle. Førarbeida til Likestillingslovas paragraf 13 peikar på varslingsrutiner som ein moglegheit for å hindre trakassering. Høgre oppmodar til at den det blir varsla mot, skal få kunnskap om kven varsleren er. Ein slik varslingsrutine vil bidra til å førebygge trakassering og innfrir difor krava i lova.

  • Aftenpostens politiske redaktør Trine Eilertsen: Med sin hjemmesnekrede varslingsrutine er Høyre i ferd med å ta varsler mindre alvorlig, ikke mer alvorlig

Langt færre varsel

Enkelte vil heller varsle fortruleg, typisk på grunn av ung alder eller skeive maktforhold. Viss Høgre skulle kreve at varsleren sitt namn alltid må bli kjent for den det blir varsla mot, veit vi sikkert at partiet vil motta langt færre varsel. Da ville vi ha mindre sjanse til å førebyggje og hindre trakassering, fordi leiinga ville ha mindre kunnskap om kor stort problemet er.

Forarbeida til Likestillingslova bér og preg av at rørsler skal ha stor fridom til å fastsetje høvelege tiltak for å førebyggje trakassering. Leiinga i Høgre har lagt til grunn at det er avgjerande at partiet har størst mogleg kunnskap om dette problemet, uansett om ei handling blir råka av Likestillingslova eller ei. Da må vi gjere terskelen så låg som råd. Vi vil forstå kvifor dette i så stor grad har kunne skje i rørsla vår, og jobbe hardt for å kome ukultur til livs.

I arbeidslivet vil som regel varslaren vere vaksen. Kanskje har ein også fagrørsla i ryggen, og ein har større evne til å tåle ein konfrontasjon med den det blir varsla mot. I eit politisk parti kan varslarane vere så unge som 16-18 år. Det er difor vi opnar for at den det blir varsla mot ikkje får greie på kven varslaren er. Så erkjenner vi at dette gir oss utfordringar. Og varslaren skjønar at fortruleg varsling gjer det vanskelegare å setje i verk kraftigare reaksjonar. Alternativet er gjerne ingen varsling og ingen reaksjon.

Tillit er tufta på skjønn

Ein politisk tillitsvalt har fått vervet sitt i kraft av tillit frå partiet. Blir den tilliten broten, mistar ein grunnlaget for vervet. Om medlemer av eit politisk parti har tillit til leiarane, er ikkje regelstyrt, men er tufta på eit skjønn som er forankra i partiet sine tradisjonar og i ønsker frå medlemene. Det er den brutale røynda vår.

Skilnaden mellom det regelstyrte arbeidslivet og den tillitsbaserte politikken tilseier at leiinga i eit parti må ha eit stort spelerom for politisk skjønn i vurderingane sine av tillit. I Høgre skal det vere trygt for alle, og veljarane og medlemene skal ha tillit til leiarane. Det er naudsynt med ein lågast mogleg terskel for å varsle, for å gi partiet den kunnskapen ein treng for å setje inn tiltak som kan sikre tryggleik og tillit.

  • Her kan du lese flere artikler om varslingssakene i Høyre og behandingen av dem:

Les også

  1. Solberg mener at Riise-varselet fra 2014 er alvorlig nok til å kunne politianmeldes

  2. Unge Høyre-topp visste om seksuell omgang mellom Riise og beruset 16-åring, men fulgte ikke opp da han ble generalsekretær

  3. Høyre: Syv nye varsler i Unge Høyre

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. #metoo
  2. Seksuell trakassering
  3. Varsling
  4. Arbeidsliv
  5. Høyre (H)