Jauda, klart vi et kval!

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Kvifor seier då NRK sin reporter at vi ikkje et det?

Verdas største hangarskip. Sjølvsagt stod alt som var å krype av media, i tigerstaden. Amerikanarane kunne knapt gå eit steg før media dundra laus om «kva meinte dei om Shaman Durek og Noregs prinsesse?».

NRK sin reporter måtte og svare på spørsmål frå soldatane: Åt vi kval i Noreg? Den uopplyste reporteren frå Marienlyst svara klart og tydeleg: «No, we don’t eat that!» Han har neppe vore i daglegvarebutikken eller sett kva restaurantar i Oslo har på menyen.

Berre eit par veker før debatterte Stortinget kval. Årsak? Næringskomiteen ville endra fiskeeksportlova. Vi som arbeider med kval, meinte at her baud det seg ein mogelegheit til å ta kval inn i Sjømatrådet, slik at vi fekk løfta arbeidet i Noreg. Sjølv om vi fangstar kval, har altså Sjømatrådet ikkje lov til det.

Sjømatminister Bjørnar Skjæran (Ap), den fremste ambassadøren for sjømat i landet, sa klart og tydeleg nei til denne opninga. Andre land kan ty til motangrep, meinte han.

Forstå det den som kan. I ei verd der ein i høgste grad har langt viktigare ting å bry seg om, ville dei verkeleg ha boikotta Noreg? Dersom vi opnar opp for å drive med marknadsføring av kval internt i vårt eige land, vil dei protestere?

I fjor sigla eit litt mindre krigsskip inn i Tromsø, med 800 amerikanske soldatar. Restaurantane i Tromsø gjekk då tom for kval! Slik er det og når vi som arbeider med dette, presenterer kval for utlendingar. Kvifor seier så Skjæran nei til smarte marknadsføringsgrep? I Stortinget påstod han at han heia på kvalen. Kva tiltak har han tenkt å setje i verk for å heie den fram?

På få år har bestanden auka frå 50.000 til 150.000 vågekval. Vi fangstar rundt 600 årleg. Samtidig etterlyser helsestyresmaktene alternativ til kjøt. Hallo?

Kjære statsråd, kjære NRK-journalistar og alle andre: Et med godt samvit norsk kval. Server det gjerne i kantina til statsrådane og på Marienlyst. Kanskje de då svarar ja med stoltheit når soldatane spør?

Øyvind A. Haram, styreleiar, merkevareforeningen Norsk Hval