Russland har fått eit nytt utenrikspolitisk konsept. Dette vil eg du skal vite.

Konseptet er eit interessant uttrykk for kor sært Russland faktisk er blitt under Vladimir Putin, skriv Tore Nedrebø. Bildet viser et knust portrett av Putin på bakken nær fengselet i Kherson i Ukraina.

Det er til dømes tydeleg at Putin gjerne vil splitta Europa frå USA.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Russland fekk 31. mars i år eit nytt utanrikspolitisk konsept, godkjent av president Vladimir Putin. Dette er ein oppdatert, offisiell versjon av putinismen som Den russiske føderasjonens politiske ideologi.

Han målber ikkje berre Russlands utanrikspolitikk, men også Putin-regimets russlandsidé. Konseptet er dermed eit interessant uttrykk for kor sært Russland faktisk er blitt under Putin.

«Det nære utlandet»

Konseptet omtalar Russland som «ein særskilt statssivilisasjon», «ei enorm eurasisk og euro-stillehavsmakt» og kjernen i noko ein kallar «den russiske verda».

Eit anna viktig omgrep er «det nære utlandet», som blir skildra som medlemmene av Samveldet av uavhengige statar (Armenia, Aserbajdsjan, Belarus, Kasakhstan, Kirgisistan, Russland, Tadsjikistan og Usbekistan).

Dette «nære utlandet» kjem først når konseptet listar opp politikken for ulike regionar.

Interessant nok for Noreg nemner konseptet deretter Arktis. Så kjem det eurasiske kontinentet, med særskilt omtale av Kina og India. Eurasia er faktisk nemnt 24 gonger, mot berre to gonger i førre slike konsept, som kom i 2016.

Århundrarlang russisk diskusjon

Tredje sist kjem «den europeiske regionen». Her heiter det at dei fleste europeiske statar fører ein aggressiv politikk som mellom anna undergrev «tradisjonelle russiske åndelege og moralske verdiar».

EU blir ikkje nemnt meir enn ein gong, som eitt av trugsmåla mot Russlands «tryggleik, territoriale integritet, suverenitet, tradisjonelle åndelege og moralske verdiar og sosioøkonomiske utvikling». Ukraina er omtalt berre når det er tale om «antirussiske» reaksjonar på tiltak Russland har treft «for å forsvara sine vitale interesser».

«USA og andre angelsaksiske statar» kjem nest sist i lista, før Antarktis.

Her omtalar Russland USA mellom anna som «hovudinspiratoren, tilretteleggjaren og utøvaren av den aggressive antirussiske politikken til det kollektive Vesten, kjelda til dei viktigaste risikoane for tryggleiken til den russiske føderasjonen, den internasjonale verda, [og] balansert, rettferdig og progressiv utvikling av menneska.»

Russlands nye utanrikspolitiske konsept viser korleis det noverande regimet definerer sine interesser etter fullskalainvasjonen av Ukraina. Men det reflekterer også Putins konklusjon på ein århundrarlang russisk diskusjon om russisk identitet og Russlands misjon i verda. Det er nøye samanheng mellom desse to aspekta.

Det motsatte av Europa og Vesten

Konseptet uttrykker regimets omfamning av den slavofile, eller heller partikularistiske eller eksepsjonalistiske, posisjonen i debatten om den russiske idéen.

Debatten oppstod på 1830-talet mellom slavofile og vestorienterte russiske intellektuelle. Slavofilane var konservative nasjonalistar som meinte Russland var noko heilt for seg sjølv. Det var altså ein «særskilt statssivilisasjon» mellom aust og vest og hadde ein særleg misjon i verda. Dei vestorienterte var liberale eller radikale og heldt på at Russland både var og burde vera europeisk.

På grunn av Russlands perifere posisjon i Europa og (derfor) autoritære tradisjon har dei slavofile hatt overmakta i det meste av Russlands moderne historie. Men slavofilane klarte aldri å samla seg om eit positivt, moralsk-etisk grunngjeve program og ein ditto definisjon av den russiske identiteten. Dei såg mest Russland som negasjon, som noko anna, gjerne det motsette av Europa og Vesten.

Slik er det også med det nye utanrikspolitiske konseptet.

Det seier ingenting om kva allmenngyldige verdiar det står for, anna enn forsvar av nasjonale og, i nokre tilfelle, felles «interesser» (som berekraftig utvikling, handel, helse), fredeleg sameksistens, gjensidig fordelaktig samarbeid og ei multipolar verd.

Det er relativistisk heller enn universalistisk.

Dette er også logisk når Russlands verdshistoriske misjon er å vera faneberar i kampen mot USAs «globale dominans», mot ei verd styrt av vestlege reglar og i det heile tatt mot den vestlege, einlinja utviklingsmodellen.

Ukraina som del av Russland

Omgrepet sivilisasjonsstat reflekterer statsvitaren Samuel Huntingtons idé om verdspolitikken som strid mellom sivilisasjonar. I russisk-putinsk tapping inneber det at verda er dominert av sivilisasjonsstatane Russland, USA, Kina og India. Berre desse landa er fullt ut suverene, ikkje minst fordi dei har atomvåpen. Desse landa har også rett på å ha særskilde innverknadssfærar rundt seg.

I konseptet står «det nære utlandet» som Russlands sfære, eit omgrep som til dels fell saman med «den russiske verda» (land med større innslag av russisk språk, russiskortodoks religion og russisk kultur) og Eurasia.

Ukraina høyrer i denne samanheng ikkje berre med til den inste kjernen i det russiske maktområdet, men er ifølgje Putin eigentleg ein del av Russland.

Det er implisitt her ikkje berre at sivilisasjonsstatane har rett til intervensjon i sine maktblokker, men at dei også bør styra internasjonal politikk slik den europeiske stormaktskonserten gjorde på 1800-talet.

Vil splitta Europa frå USA

Putin har tidlegare antyda at han kan tenka seg ein ny Jaltakonferanse som fordeler verda mellom stormaktene. Men samstundes signaliserer konseptet at Russland som stormakt vil halda fram med å manøvrera til sin eigen fordel i eit stadig skiftande maktspel. Det er til dømes tydeleg at Putin gjerne vil splitta Europa frå USA.

Som «Eurasia» er ordet «rettferd» nemnt påfallande oftare i dette enn i tidlegare konsept. Første punkt under avsnittet om Russlands utanrikspolitiske prioriteringar er såleis «etablering av ein rettferdig og berekraftig verdsorden».

Dette er ikkje berre eit forsøk på å få afrikanske, latinamerikanske og asiatiske land over på russisk side, til dømes under avrøystingar i FN. Det skal også appellera til venstresida i russisk politikk.

Det blir nytt presidentval i Russland neste år. Putin vil som tidlegare truleg få ein motkandidat frå kommunistpartiet. Sjølv om han vil vera sjanselaus, er det grunn til å tru at russiske veljarar er ei viktig målgruppe for det nye konseptet.

Dessverre vil dei fleste av dei sluka det rått. Men få andre vil la seg overtyda.