Debatt

Formuesskatten bør avviklast | Aksel Mjøs

  • Aksel Mjøs
    Førsteamanuensis ved Norges handelshøgskole og leiar av Kapitaltilgangsutvalet
Kapitaltilgangsutvalget, ledet av artikkelforfatter Aksel Mjøs, fremla i går sin rapport om Norges kapitaltilgangsutfordringer.

Formuesskatten hindrar kapitaltilgang. Samstundes diskriminerer den norske eigarar.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.
Kapitaltilgangsutvalget, ledet av artikkelforfatter Aksel Mjøs, fremla i går sin rapport om Norges kapitaltilgangsutfordringer.
Aksel Mjøs
  • Får norske verksemder den kapitalen dei treng til å veksa og utvikla seg?
  • Får dei lån når dei heller skulle ha hatt langsiktig eigenkapital?
  • Er eigarane dyktige nok til å utvikla dei verksemdene dei eig?
  • Korleis må kapitalmarknaden endra seg for å omstilla norsk nærings- og arbeidsliv?

Kapitaltilgangsutvalgets rapport:

Dette er nokre av temaene Kapitaltilgangsutvalet har arbeidd med sidan oppstarten våren 2017. Vi har hatt gode innspel, interessante analysar og utfordrande diskusjonar, og resultatet finn ein i rapporten vår, «Kapital i omstillingens tid» (NOU 2018:5), som er lagt fram 1. mars.

I kapitalmarknaden møter spararar, bankar og andre som har kapital, verksemder og prosjekt som treng kapital. Når denne marknaden fungerer godt, får kapitaleigarane avkastning som høver med den risikoen dei tek, samstundes som forventa verdiskapande prosjekt vert finansierte.

Samla sett fungerer kapitalmarknaden godt i Noreg, og det er ei viktig årsak til styrken i norsk økonomi.

Fokus på vesentlege hindringar

Kapitaltilgangsutvalet gjennomgår heile kapitalmarknaden. Fokus i utvalet sine utgreiingar og tilrådingar er likevel på dei områda der det truleg er vesentlege hindringar mot at verdiskapande satsingar vert finansierte, eller at dei ikkje får kapital som sikrar best mogleg utvikling.

Analyse av gode prosjekt som ikkje vart realiserte på grunn av manglande kapital, er vanskeleg, sidan dei ikkje fins i nokon statistikk. Utvalet har likevel prøvd å skaffa seg oversikt over desse utfordringane, og har ikkje minst fått nyttige innspel frå aktørar i marknaden.

Les også

Salmar med milliardutbytte, Gustav Witzøe (25) tar én milliard i egen lomme

Omstillingar i næringslivet

Kapitaltilgangsutvalet skulle vurdera om kapitalmarknaden støttar nødvendige omstillingar i næringslivet i Noreg framover. Enten perspektivet er nedtoning av oljerelatert næringsliv eller vekst innan nye næringar definert av digital teknologi, så krev det at kapital vert flytta frå tradisjonell verksemd til noko nytt og ukjent.

Kapitalen må difor forvaltast av kompetente miljø med rett motivasjon, særleg til å ta risiko på rett måte. Gode, risikable investeringar er dei som, om det går bra, både skapar nye viktige næringar og gjev investorane god avkastning. Samstundes må ein sjølvsagt vurdera faren for tap og konsekvensane av dette for investor.

Større privat eigarskap

Utvalet er oppteken av at omfanget av privat eigarskap er lågt i Noreg, sidan staten og utanlandske investorar dominerer, særleg i børsnoterte selskap. Eit større og meir mangfaldig privat eigarskap er viktig for å ha omstillingsdrivande kapital.

Utvalet foreslår difor mellom anna:

  • At det skal verta enklare å investera pensjonssparinga vår i aksjar og annan langsiktig kapital.
  • Staten bør og gå meir inn i tidlegfasefinansiering, såkalla venturekapital, for å stimulera denne marknaden.
  • Vi foreslår også å gjera såkornfonda som investerer i dei yngste selskapa, meir effektive. Noreg treng å sikra nok kompetent kapital til verksemder som har mange år med kapitalkrevjande utvikling framfor seg, men som kan verta viktige i norsk nærings- og arbeidsliv i framtida.

Ny bankregulering

Banklån er ofte verksemda si viktigaste kapitalkjelde utanom eigarane, særleg om verksemda kan tilby gode panteobjekt. Bankane er samstundes innvevd i heile det finansielle systemet på ein slik måte at bankkriser skaper svært store samfunnsmessige kostnader.

Det gjev spenningar mellom å avgrensa risikoen slik at bankane er stabile og kan gi lån også i vanskelege tider, samstundes som dei kan finansiera også meir risikable prosjekt som kan gi omstilling og vekst.

Analysar utvalet har fått gjort, men også mange innspel frå marknaden, kan tyda på at bankane etter finanskrisa har redusert finansieringa av unge og mindre verksemder.

  • Vi tilrår at ny bankregulering må konsekvensutgreiast både med omsyn til finansiell stabilitet og tilgang til kapital for næringslivet.

Crowdfunding

Utvalet er opptekne av gode forenklingar for å ta ned kostnadane i kapitalmarknaden. I vår digitale tid er dei største kostnadane knytta til informasjonsutveksling.

  • Betre låne- og aksjonærregistre og tilrettelegging av folkefinansiering (crowdfunding) kan styrka kapitaltilgangen til verksemdene.

Formuesskatten

Skattlegging av verksemder og dei som finansierer dei, er viktig finansiering av samfunnet, men all skattlegging skaper samstundes ineffektivitet i marknader.

  • Frå eit kapitaltilgangsperspektiv foreslår utvalet difor mellom anna å avvikla formuesskatten.

Rapporten inneheld ei lengre drøfting av formuesskatten. Den hindrar kapitaltilgang, og grunnlaget for forslaget er særleg at det er uråd å gjera den nøytral mellom ulike investeringstypar, samstundes som den diskriminerer norske eigarar og er særleg tyngande i verksemdene sin utviklingsfase.

Kapitaltilgangsutvalet sin hovudkonklusjon er at den norske kapitalmarknaden fungerer godt. Det er likevel ein samansett marknad, og vi peikar på ei rekke ulike tilhøve som kan forbetrast for å gjera kapitalmarknaden og norsk økonomi betre førebudd på framtida.