Debatt

Kven bestemmer over orda?

  • Direktør I Språkrådet
  • Forf>
  • Av <forf>sylfest Lomheim<

Det gjer verken Ny Tid, Thomas Hylland Eriksen eller Likestillingsombodet. vHeller ikkje Språkrådet.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Dette grunnleggjande punktet i debatten er både Knut Olav Åmås og eg samde om. "Ingen enkeltgruppe kan avgjøre hva et ord skal bety", skriv han 5. november. Me er dermed òg rungande enige om neste punkt, når han skriv: "Det er ikke i ordboken slaget står, men på gaten." Slik sett burde me vel òg bli samde om følgjande, som har vore essensielt for oss i debatten, nemleg at Språkrådets primære oppgåve er å forklara korleis ord blir brukte i det norske språksamfunnet.

Varierande bruk.

I lys av dette er det ikkje spesielt logisk av Knut Olav Åmås å basera oppslaget sitt på kva seks sentrale politikarar meiner om ordet "nordmann". Ein av dei er stortingspresident Torbjørn Jagland. Ikkje uventa ønskjer minst fire av dei å bruka "nordmann" som eit ord for "alle som bur i Noreg", språkmedvitne som dei er. Me må likevel halda fast det me nettopp var samde om: Ein handfull personar med makt og posisjon avgjer ikkje kva "nordmann" tyder. Korleis er det så med "nordmann" i dag? Svaret må bli at bruken ikkje er eintydig. Mange (kanskje fleirtalet?) legg seg på ei inkluderande linje à la Jagland. På den andre sida er det framleis gjengs i vide krinsar å tolka og å bruka "nordmann" meir snevert, i samsvar med tradisjonell bruk av ordet. Den sistnemnde gruppa tykkjer at "nordmann av utenlandsk opprinnelse" kling litt rart, medan dei med inkluderande bruk av ordet tykkjer uttrykket verkar heilt greitt. Denne varierande bruken pliktar Språkrådet forklara, når me får spørsmål om korleis "nordmann" blir brukt. At Åmås og andre kan kritisera ein slik flytande bruk og dermed freista å påverka utviklinga, er legitimt og ei heilt anna sak.

Ordet "neger".

Så var det ordet "neger". Det er heva over tvil at berre femti år tilbake var det eit såre nøytralt ord i norsk. Aftenposten brukte det, novellemeisteren Johan Borgen brukte det. I 2006 har ordet "neger" blitt tvitydig, for å ikkje seia tvilsamt. Forklaringa er banal. Fleire og fleire har den siste generasjonen hevda med styrke at det er rasistisk. Problemet er at det framleis er tusenvis av nordmenn som ikkje oppfattar det slik. Dei som tvilar, kan berre ta seg ein tur vekk frå dei større byane.Kva seier Språkrådet til slikt? Me seier to ting: det kan ikkje reint sakleg seiast at "neger" per definisjon er diskriminerande i norsk. Dei som påstår det, får raskt ei dokumentasjonsutfordring. Men me seier òg at sidan det er eit faktum at svært mange av dei som har svart hudfarge, ikkje likar ordet, tilseier vanleg folkeskikk at me let vera å bruka det i alle samanhengar der det kan oppfattast som støytande. Verre er det ikkje. Me treng ikkje snakka om "politikk" for det.

Vi treng nye omgrep.

"Vi trenger begreper som gjenspeiler en kompleks virkelighet, og som ikke er rene overgrep mot dem som omtales", skriv Åmås. Igjen er me enige. Det er difor Språkrådet meiner me i visse høve treng andre omgrep enn det (framleis) noko sprikande "nordmann". Både "etnisk nordmann" og "norsk statsborgar" kan vera tenlege ord i nyheitssamanheng dersom ein ønskjer eit anna presisjonsnivå (og ei anna meining) enn det "nordmann" har.Kva så med til dømes danskar, samar, pakistanarar, amerikanarar og adopterte? Kva kan dei kalla seg? Tek Språkrådet identiteten frå folk? Nei. Det korte svaret er: kvar og ein har rett til å velja sin omtale. Ein kan vera "same" og "nordmann", ein kan vera "pakistansk" og "norsk". (Orda tyder ikkje det same av den grunn.) Veks du opp i Lofoten, kan du kalla deg "lofoting". I det jamne kvardagsspråket er det likevel sjeldan behov for meir spesifikke ord enn det slitesterke og runde "norsk".Vedtektene seier at Språkrådet skal "obervera og analysera". Dei seier òg at me skal "fremja språkleg toleranse". Me prøver på begge delar.

Les mer på side 12-13

og leder side 2

  1. Les også

    Hva er jeg som er adoptert?

  2. Les også

    Den blinde flekken

  3. Les også

    Nordmannsvernet

  4. Les også

    Negeren og nordmannen

  5. Les også

    Noman ikke nordmann?

  6. Les også

    - Ikke kompetanse

  7. Les også

    Hva er en &laquo;nordmann&raquo;?

Les mer om

  1. Debatt