Ytringsfridom handlar om at redaksjonar skal vere frie og stå imot ytre press

  • Merete Røsvik
Forrige uke kritiserte Anki Gerhardsen Merete Røsvik (bildet), redaktør i tidsskriftet Prosa, for at Prosa ikke publiserte en bokanmeldelse av Halvor Foslis nye bok. Her svarer Røsvik på kritikken.

Det bør vere ukontroversielt at ein redaktør refuserer ein tekst ho meiner ikkje held høgt nok nivå.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

8. juli 2020 hevdar Anki Gerhardsen at eg har utført «sensur uten sidestykke» i Prosa – tidsskrift for sakprosa. Det er i overkant dramatisk.

Bakgrunnen er at eg refuserte ei bokmelding av Morgenbladet-kritikar Per Hem om Halvor Foslis bok Mot nasjonalt sammenbrudd. Norge i masseinnvandringens tid, ei bokmelding eg sjølv hadde bestilt.

Ikkje grundig nok

Det stemmer at eg først godkjende for publisering, men seinare refuserte og grunngav det med at eg ikkje ønskte å gi Foslis bok merksemd i Prosa. Det Gerhardsen ikkje skriv, er at dette hang uløyseleg saman med kvaliteten på teksten Hem leverte. Hem vart gjort merksam på dette før han tok saka til media.

I boka omtalar Fosli menneske med muslimsk livssyn og identitet som ein trugsel mot velferdsstaten og norsk kultur. Det er generelt eigna til å skape frykt, men spesielt alvorleg for norske muslimar. Difor var det viktig at denne meldinga var basert på ei grundig lesing. Hem viste lita evne til å granske faktagrunnlaget og resonnementa bak dei kontroversielle påstandane i boka.

Hem godtok refusjonen og fekk utbetalt avtalt honorar, som var høgare enn standardhonoraret. Det var først elleve dagar seinare han leverte krav om dobbelt honorar på grunn av «manglende synlighet». Då eg avslo dette, gjekk han til Dag og Tid.

Vi skal vere uavhengige

Redaktørplakaten slår fast: «En redaktør skal alltid ha frie mediers ideelle mål for øye. Redaktøren skal ivareta ytringsfriheten og etter beste evne arbeide for det som etter hans/hennes mening tjener samfunnet.»

Ytringsfridom er retten til å gi uttrykk for meiningar utan frykt for represaliar, men gir ikkje rett til å kome på trykk i eit bestemt medium. Per Hem står fritt til å publisere meldinga av Foslis bok i eit anna medium.

Det bør vere ukontroversielt at ein redaktør refuserer ein tekst ho meiner ikkje held høgt nok nivå. Sjølvsagt er det ikkje ideelt å godkjenne ein tekst for seinare å ombestemme seg, men eg vurderte det som verre for Prosas renommé å publisere ein svak tekst om eit så politisk brennbart tema.

Ytringsfridom handlar også om at redaksjonar skal vere frie, uavhengige og stå imot ytre press. Det er del av mitt ansvar for det offentlege ordskiftet.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter