Debatt

Koronaspagaten er blitt utålelig

  • 47 kommuneoverleger, smittevernleger og samfunnsmedisinere
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under pressekonferansen 2. desember.

Før eller seinare må vi ta inn over oss at viruset er kome for å bli.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

25. september kom gjenopninga. Med overordna tiltak som vidare vaksinering, god tilgang til sjølvtestar og sterk oppmoding om å halde seg heime ved nyoppståtte symptom fekk endeleg samfunnet ein naudsynt omstart.

At smittetala ville auke, var venta. Likevel er talet på sjukehusinnleggingar lågt, i skrivande stund om lag 320 innlagde. Presset på styresmaktene har likevel auka med smittetala. Så kjem omikron, og vi er i gong på ny.

Ei føre var-haldning

Ei utfordring er rimeleg samsvar mellom reell fare og tiltak.

Smittevernlova er lovverket som gir heimel for dei tiltaka styresmaktene har gjennomført under pandemien.

Paragraf 1-5: «Smitteverntiltak etter loven skal være basert på en klar medisinskfaglig begrunnelse, være nødvendig av hensyn til smittevernet og fremstå tjenlig etter en helhetsvurdering(…)Tvangstiltak kan ikke brukes når det etter sakens art og forholdene ellers vil være et uforholdsmessig inngrep.»

Ei utfordring er rimeleg samsvar mellom reell fare og tiltak

Under pressekonferansen 2. desember høyrde vi fleire gonger statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) uttale at regjeringa no set i gang «kraftfulle tiltak». Grunngjevinga var todelt: inntoget av omikron og høg belastning på sjukehusa i austlandsregionen.

Det er mykje vi enno ikkje veit om omikron, men vi veit at koronaviruset muterer hyppig. Fleire variantar vil kome. Staten tek no ei føre var-haldning. Det kan seiast å vere fornuftig, gitt at vi treng meir tid på å få avklart eigenskapane til denne varianten.

Her byrjar spagaten å bli tydeleg. Dei «kraftfulle» tiltaka ville for få månader sidan blitt sett som ei nærast gjenopning av samfunnet. Tiltaka verka lite meiningsfulle, gitt at ein her står overfor ein truleg meir smittsam variant enn tidlegare.

Eit normalisert samfunnsliv

Problemet er «rimeleg samhøve».

Vaksinasjonsdekninga er svært god. Vi MÅ få i gang eit normalisert samfunnsliv att, det er ikkje så mykje meir vi kan gjere for å redusere risiko ved pandemien. Det vil vere lite rimeleg samhøve i gjentekne, betydelege avgrensingar i samfunnslivet for sikkerheits skuld.

Skal vi køyre fullt ut føre var-strategi, bør vi permanent endre samfunnet. Heimekontor, heimeskule, munnbind-krav, avskaffe kulturliv, turisme osv. Dette er sjølvsagt å trekke det altfor langt – noko som ikkje er ei dum øving å gjere for å sjå kvar vi kan vere på veg.

Det er ikkje så mykje meir vi kan gjere for å redusere risiko ved pandemien

Tiltaka meir belastande

Sjukehusa i heile Noreg melder om eit høgt press. Det er ei «gjeld» å betale for det låge trykket vi har hatt av infeksjonssjukdomar dei siste par åra. Det er fleire stader vanskeleg å utskrive pasientar grunna plassmangel i kommunale institusjonar.

Sjukefråværet er høgt. Det er frå 9. desember på ny innført nasjonale påbod med heimel i smittevernlova, dels grunna i høg belastning på helsetenesta. Men covidpasientane utgjer ein liten del av totalbelastninga på sjukehusa.

I kommunane har tiltaka lenge vore meir belastande enn sjølve pandemien. Trass snart to år med pandemi er ikkje intensivkapasiteten styrkja. Er det då rett å nytte smittevernlova på heile samfunnet?

Viruset er kome for å bli

Før eller seinare må vi ta inn over oss at viruset er kome for å bli.

Vaksinasjonsgraden er no så god som vi berre kunne drøyme om for eitt år sidan. Betre beskytta mot alvorleg sjukdom som samfunn kan vi vanskeleg bli. Likevel vil smitten spreie seg. Personar vil døy. Det vil oppstå nye, uventa situasjonar. Livet er som elles eit usikkert prosjekt.

Dette har vi i alle år tolerert når det gjeld influensa. Kring 1000 har døydd kvart år av denne sjukdomen, trass vaksinasjon. Nokre få av desse har vore unge og friske. Men det store fleirtalet er gamle og sårbare, som før eller seinare må døy. Av influensa, korona, andre luftvegsvirus, eller av noko heilt anna. God behandling og lindring er tilnærminga.

Eit kraftfullt leiarskap er å evne å ta oss gjennom denne pandemien ved å vere tydelege på konsekvensane, ha eit overordna samfunnsblikk og starte arbeidet med å reetablere naudsynt kapasitet i helsevesenet. Dette vil gjere oss i stand til å handtere dei svingingane i sjukdomsintensitet vi alltid vil ha i befolkninga.

Ta oss ut av den kommunikative spagaten, og vis veg!

De følgende har skrevet under på innlegget:

Øystein Furnes, kommuneoverlege Sunnfjord

Kommuneoverleger: Kjell-Arne Nordgård, Kinn. Mette Røkenes, Sortland. Theresa U. Hildan, Måsøy, Anne H. Davidsen, Alta. Sonni Schumacher, Hammerfest. Marius Solbakken, Stryn. Ingrid Kristiansen, Frøya. Bent Ingebrigtsen, Hornindal/Volda. Kristin Sekse, Midt-Telemark og Nome. Øystein F. Øgaard, Time. Saine Moshöwel, Nærøysund. Glenn A. Opland, Kvinnherad. Norunn K. Elde, Ulstein. Roman E. Benz, Klepp. Mari Wold, Rindal. Gerd S. Omland, Hå. Jan H. Dale, Kinn. Balpreet K. Sandhu, Sandnes. Kristine B. Longfellow, Høyanger. Ane W. Kvamme, Numedalen. Ivar Halvorsen, Stavanger. Aud M. Tandberg, Hammerfest. Jonas N. Dale, Bjørnafjorden. Jan Schille, Bokn. Kristin C. Schønberg, Askøy. Rolf M. Tande, Masfjorden. Elisabeth Skogheim, Senja og Sørreisa. Inger H. Trandem, Tromsø. Maret Krannich, Askvoll. Thomas V. Vedeld, Stad. Jakob Ravn, Fjaler. Grethe Fosse, Modalen. Raymond Dokmo, Bodø. Tor H. Bjørnstad-Tuveng, Tynset. Britt L. Mehmi, Vadsø. Cato Innerdal, Molde.

Smittevernleger: Lars E. Fikke, Enebakk. Frøydis Gullbrå, Aurland. Eli-Anne Emblem Skaug, Trondheim. Karina K-Lund (tidl. Bergen).

Andre samfunnsmedisinere: Anne Kveim Lie, førsteamanuensis, avdeling for samfunnsmed og global helse. Karin Rønning, pensjonert overlege, FHI. Paul-Olav Røsbø, leder Finnmark Legeforening. Jan Ove Tryti, Sogndal. Lizeth L. Jørgensen, fastlege, Bellevue legesenter. Stian E. Lobben, fastlege, Nytorget legesenter.


  • Følg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Koronaviruset
  2. Smittevern
  3. Sykehus