Debatt

Eg er tidlegare ufrivillig barnløs. Eg forstår. Men vi bør ikkje tillate eggdonasjon i Norge | Marit Johanne Bruset

  • Marit Johanne Bruset, tidlegare ufrivilleg barnløs, psykologspesialist og barnefagleg sakkyndig

636a9239-438f-f56b-eb89-7af679a9b6a4_doc6p6cg4iv00ixcddm117.jpg e-mail

Biologi er viktig for tilhøyrsle og identitet.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Aftenposten-serien Babydrømmen illustrerer premissane i reproduksjonsdebatten som er i ferd med å dominere i samfunnet vårt; ei utvikling i retning av eit stadig sterkare vaksenfokus med argumentasjon ut frå rettar, likestilling og likebehandling.

Det vil seie det underliggjande premissen for utviklinga er at barnet vert gjort til ein rett for vaksne.

Barnet som bestillingsvare

Reportasjen frå den russiske klinikken som gir babygaranti og val av donor ut frå fysiske kjenneteikn og utdanning, er ein sterk illustrasjon av at barnet er blitt ei vare som kan bestillast, «designast» og tilpassast vaksne sine ønskjer og behov. Den er også ei påminning om risikoen for utviklinga mot at barnet i den postindustrielle velferdsstaten blir det planlagde «drøymebarnet» i tråd med visjonen til den nye, superliberale generasjonen av intellektuelle, representert ved filosof og transhumanist Ole Martin Moen.

Ved at barnet vert gjort til ein rett står vi i fare for å oppfylle ein av hans framtidsvisjonar: Å gjere barnet til eit «lykkeobjekt» for dei vaksne.

Utviklinga der barnet vert redusert til eit middel for dei vaksne sin sjølvrealisering, er også skremmande fordi det endrar vårt grunnleggjande menneskesyn.

Motreaksjonar

Utviklinga er ikkje uunngåeleg, og vi treng ikkje bøye oss for den (ref. skråplaneffekten). Motreaksjonen er avdekking av faktorar som styrer utviklinga mot eit stadig sterkare vaksenfokus og svekking av barneperspektivet – til dømes sterke grupper sin rettigheitskamp, maktstrukturar som styrer debatten ved skeiv mediedekking og nedtoning/ugyldiggjering av biologi i høve tilhøyrsle og identitet.

Ein annan motreaksjon er gjeninnføring av barneperspektivet og utviding av diskusjonen til større etiske spørsmål som femner meir enn viktigheita av genetiske band mellom barnet og foreldra; som spørsmål om kva som utgjer kontinuiteten mellom generasjonar i ein kultur.

Mitt bidrag er å vise til mine erfaringar som psykologspesialist i klinisk arbeid innan både barne- og vaksenfeltet, og som barnefagleg sakkunnig i fleire tiår. Min erfaring er at for svært mange er biologi og genetisk slektskap viktig for utvikling av tilhøyrsle og identitet, og mange opplever ein stor sorg og eit stort sakn pga. av manglande kjennskap til sitt genetiske opphav og manglande mogelegheit for å få omsorg frå sine genetiske foreldre.

Ikkje tillat eggdonasjon

Som tidlegare ufrivillig barnløs har eg sjølv erfart den tunge situasjonen dei står i, og har stor sympati og forståing for dei. Men erfaringane i yrkesrolla veg så tungt, at eg ikkje finn vektige nok grunnar for at vi skal tillate eggdonasjon i Norge.

Å sikre barn grunnleggjande rettar er ei hovudoppgåve i alle samfunn og viktige spørsmål er; kven sine behov/rettar bør ha prioritet når desse kolliderer?

Har vi gjennom lovverket rett til å bidra til at menneske påførast belastningar som sakn og sorg, fordi dei er fråteken ein rett som vi andre tar for gitt?

Delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Bioteknologi
  2. Baby

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Høyre bør snu om eggdonasjon. Motargumentene våre holder rett og slett ikke vann. | Kristian Tonning Riise

  2. KOMMENTAR

    Far er like viktig som mor. Tillat eggdonasjon. | Helene Skjeggestad

  3. POLITIKK

    20 spørsmål du ikke har turt å stille om eggdonasjon

  4. POLITIKK

    Forslag om hvilke kvinner som skal få donere egg får krass kritikk

  5. NORGE

    Kristne leger sier nei til både sæd- og eggdonasjon

  6. FAMILIE OG OPPVEKST

    Kvinner reiser utenlands for å oppfylle babydrømmen med andres egg