Debatt

Til mor | Jeswanthiny Mayooran

Betraktning av mitt liv som andregenerasjons tamil i Noreg. Ein hyllest til mor, og alle andre kvinner, som har vist og held fram å vise styrke.

Jeswanthiny Mayooran er lege i spesialisering i voksenpsykiatri ved Stavanger universitetsykehus. Privat

  • Jeswanthiny Mayooran
    Lege i spesialisering, Stavanger universitetssykehus

«Love made the danger in you look like safety»
– Rupi Kaur

Varsamt let eg auga mine granske strukturen og detaljane på personen som står framfor meg i spegelen.

Langt, tjukt, bølgete, hår. Like svart som natta sjølv. Store, vide auge. Det ytre i farge av sukker, som har blitt karamellisert litt for lenge i panna.

Eg tenkjer ofte på bakgrunnen min, og kva betydning denne har for meg som individ. Det å føle seg splitta mellom to kontrastfulle verder, men samtidig kunne føle ein styrke midt opp i det vakre kaoset.

Stille titter eg bort på mor.

Det må vere fint å føle seg trygg no, tenkjer eg for meg sjølv.

Ingen frykt for å trakke på landminer på veg til skulen. Ingen redsel for å bli trakassert av singalesiske soldatar eller uro knytt til eit mogeleg tap av eit liv. For du må jo føle deg trygg her i dette landet, trass i eit sakn eg stadig ser i dine auge.

Minner frå barndommen, fulle av latter og hjartevarmande gleder. Du har alltid ei forteljing å kome med, ei som elegant set preg på dei graverte bileta du har bringa med deg i lasset hit. Solfulle bilete, som blei bombardert av tårer.

Korleis må det ha vore for deg, mor? Å etterlate din kjende heim, som du i all di oppvekst har knytt opp til ei følelse av tryggleik?

Å måtte etterlate ditt liv, i håp om å finne eit betre. Til å bli forma om til ei bru, som knyter dei to saman.

Eg har fått høyre delar av det du har opplevd, mor. Dei sette fyr på vår identitet og vaska vekk alle spor på kven vi er. Våre barn blei teke ifrå oss, våre systrer stolne frå sin sjølvrespekt. Ja, og kvar er brørne våre, mor? Etter alt dette, kva står att å bli teke når identiteten er blåst vekk i asker?

Hmmm ... identitet ja. Eg søkjer etter mobilen framfor meg, og tastar inn dette «fancy» ordet full av tyngde og prakt.

Definisjonen i eit leksikon er at «identitet kan bety det samme som personlighet, den man er. Identitet kan også betegnes ens selvbilde eller selvoppfatning».

Eg tenkjer på meg som andre generasjon. Ein som er blitt født og oppvakse her i Noreg. Ingenting av det du har opplevd, mor, har kome i mitt nære synsfelt. Her har eg det godt. Takk til deg som valte å etterlate ein bit av din kjære identitet for å konstruere og forme eit fullverdig «eg» i meg.

Du tok risikoen med å skape ein framtidig «knekk» i ditt sokalte sjølvbilete. Eit sjølvbilete som kanskje fram til i dag, er blitt nedprioritert. Ikkje forsøkt å bli forstått eller lagt i skygger av din eigen omkrets.

Ja, for saknet er der. Det ser eg stadig i dine auge, mor. Eit sakn om noko fullverdig, ikkje noko delt, som bind dei to saman.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. 8. mars 2020
  2. Kvinnedagen (8. mars)
  3. Innvandring
  4. Migrasjon
  5. Integrering

8. mars 2020

  1. NORGE

    Sterk 8. markering i Oslo og over store deler av verden - se bildene her

  2. VERDEN

    FNs generalsekretær etterlyser systemskifte på kvinnedagen

  3. SID

    Ingen burde tvinge oss til å bære frem et barn

  4. KOMMENTAR

    USA kunne valgt en av fire toppkvalifiserte kvinner. Det turde de ikke.

  5. KULTUR

    Hva skjer når likestillingskampen kjempes i parforholdet? – Forferdelig slitsomt, mener Kjersti Ericsson (76)

  6. SPORT

    Når Gro Hammerseng-Edin kjenner på skammen, vet hun at det er på tide å ta grep