Debatt

Har 22. juli endra Noreg? Det er for tidleg å seie. Eg såg hatet igjen i dag tidleg. | Øyvind Strømmen

  • Øyvind Strømmen
    Øyvind Strømmen
    Forfatter og journalist

Det er for tidlig å si noe om 22. juli har endret Norge, mener forfatter Øyvind Strømmen. Foto: Dan Petter Neegaard

Landssvikretorikk. Løgnpropaganda. Tastaturkrigarane kastar stadig ukvemsord.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

eg veit ikkje når det var

eit par år seinare

eit par år etterpå

at ein utanlandsk journalist spurte meg

korleis endra 22. juli Noreg

eg svarte at det

var det for tidleg å seia noko om

ikkje at hatet var vekke

ikkje at landssviksretorikken hadde forsvunne

frå kommentarfelta

frå dei antimuslimske facebookgruppene

ikkje at Noreg var blitt eit varmare land

ikkje at den norske politiske debatten

hadde endra seg

for mange på høgresida såg på venstresida som dumme

for mange på venstresida såg på høgresida som vonde

ikkje at frontane var blitt mindre harde

ikkje at det hadde vorte meir rom for nyansar

ikkje at fellesskapskjensla var styrka

ikkje at nestekjærleiken hadde vunne

det

er for tidleg

sa eg

å seia noko om det

Øyvind Strømmen er journalist, oversetter og forfatter. De siste år har han kartlagt de kontrajihadistiske og høyreekstreme miljøer på internett. Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

eg såg hatet igjen i dag tidleg

i eit kommentarfelt

i kommentarfeltet til ei kristen dagsavis

eg såg landsviksretorikken

retta mot folk som reddar

menneske som elles hadde

drukna

i Middelhavet

eg såg løgnpropaganda

om det komande eurabia

det er

for tidleg

å seia noko om det

Lesbos, 2016. Foto: Jan T. Espedal

men eg sa til journalisten

at endringa kjem

at me kjem til å høyra frå dei

som overlevde

som såg vener falla

som såg mordaren i augo

frå ein generasjon av ungdomspolitikarar

som var Utøya-generasjonen

frå dei som mista

alt

og frå dei som mista

berre illusjonen

om det trygge gode landet

der landssviksretorikk er utan

konsekvensar, og drap er

berre i jo Nesbø-romanar

22. juli-senteret, 2015. Foto: Paal Audestad

det er for

tidleg

å seia noko om det

sa eg

og kanskje har Noreg

endra seg

lite

tastaturkrigarane kastar stadig ukvemsord

flyktningkrisa vart vår krise

ikkje deira

kald kynisk klokskap

vinn dagen

_

men det er

for tidleg

å seia

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meiningar på Facebook og Twitter

  1. Les også

    Denne skrev Øyvind Strømmen i 2011: Kven er terroristen?

Les mer om

  1. 22. juli
  2. Øyvind Strømmen
  3. Migrantkrisen i Europa
  4. Samfunnsdebatt

Flere artikler

  1. DEBATT
    Publisert:

    Dette handlar ikkje om ytringsfridom, men om kvalitet

  2. DEBATT
    Publisert:

    Tradisjonskultur er sårbare greier. Gje folkemusikken det han treng.

  3. KRONIKK
    Publisert:

    «Natur-Judas!» «Lås deg inn på mentalsykehus!» «Innavla!» Klimadebatten trenger hjelp.

  4. KRONIKK
    Publisert:

    «Den som får flest likes, ansees å ha rett og kan omtale seg som den som forvalter sannheten»

  5. DEBATT
    Publisert:

    Det er noko som er viktigare enn olympiske gullmedaljar

  6. NORGE
    Publisert:

    – Jeg våger knapt å fortelle hva jeg jobber med. Det er blitt en skam, føler jeg.