Debatt

Skal Stortinget vedta «forslaget om drukningsdød for flyktningar»? | Syver Grepstad

  • Syver Grepstad
    Sjømann
Middelhavet, oktober 2014: Midt i mellom rør på mange tonn finn borna ein trygg plass for natta der dei kan kvile og kose seg. Ei trygg storesøster er da god å ha.

Gleda over talet på delingar i sosiale media har framstått som viktigare enn sorga over talet på drukna i Middelhavet.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.
Middelhavet, oktober 2014: idt i mellom rør på mange tonn finn borna ein trygg plass for natta der dei kan kvile og kose seg. Ei trygg storesøster er da god å ha.
Syver Grepstad

Hausten 2014 var eg del av mannskapet på offshorefartøyet «Bourbon Orca» som gjennom ei rekke redningsaksjonar plukka opp omlag 2000 migrantar frå havet mellom Libya og Malta.

Vi hadde ikkje kjennskap til forholda

Vi var på kontrakt for eit oljeselskap som leita etter gass på Libysk sokkel. Då vi kom til området, hadde vi ikkje kjennskap til at folk på denne måten flykta over Middelhavet til Europa. Dette til tross for at det hadde pågått i mange år.

I Noreg var det på det tidspunktet lite eller ingen kunnskap om forholda, men då eit norsk skip plutseleg var direkte involvert i så mange aksjonar, fatta media interesse for saka.

Som direkte vitne til dei dramatiske hendingane som utspelte seg på havet, prøvde vi å få fram fakta og skildringar, mellom anna gjennom to kronikkar i Aftenposten.

Les kronikkene her:

Les også

  1. Kommentar: For kvar dag ein ventar med å trappe opp innsatsen ute på sjøen i Middelhavet, druknar det folk som kunne vore redda

  2. Reisebrev frå ein sjømann utanfor kysten av Libya

Oktober 2014: Me har her redda opp 480 flyktningar frå to båtar som hadde gått tom for drivstoff midt på havet. Båten blir forvandla til ein flytande flyktningleir. Når flyktningane er levert, er det rett tilbake til arbeidet med å losse røra over til oljeriggen me jobbar for.

Sjøfolks plikt til å redde liv

Den ustabile situasjonen i Syria eskalerte. Menneske var på desperat flukt. Etter Gaddafi sitt fall sto Libya utan ei velfungerande kystvakt. Talet på båtflyktningar auka.

Sjølv om vi var på jobb for eit oljeselskap, brukte vi den plikta sjøfolk har til å redde folk i nød som argument for at vi skulle kunne delta i aksjonar når det var behov for det. Det var ingen automatikk i at alle sivile fartøy ville delta i redningsaksjonar eller at dei fekk gjere det utan økonomiske sanksjonar.

I desember 2014 var eg i Genève i møte med dåverande høgkommissær for flyktningar i FN, António Guterres, og fortalte om den krevjande situasjonen vi var i. Fram til da hadde Italia teke ein stor del av ansvaret for organisert redningsinnsats i Middelhavet.

Presset på at Noreg som sjøfartsnasjon, også skulle yte direkte bistand auka etterkvart som informasjonen om vår og andres innsats vart kjent gjennom media.

Regjeringa vil avslutte innsatsen

Vår kontrakt i Middelhavet gjekk ut i desember 2014, og «Bourbon Orca» segla vidare til ny jobb i anna havområde.

Det er to meter frå vatnet til døra i skutesida vår. Mange ombord i båten til flyktningane er gamle eller veldig unge.

Flyktningar slutta imidlertid ikkje å legge ut frå kysten av Libya. I april 2015 vart det bestemt at Noreg skulle sende eit skip til Middelhavet. Kontrakten gjekk til fartøyet «Siem Pilot» som nokre månader seinare var på plass og operativ fram til «Olympic Commander» i 2017 tok over same funksjon.

Sidan 2015 har vi altså hatt ein statleg norsk innsats i Middelhavet. Dette har vore til stor hjelp for norske og andre handelsskip i området. Skip som går med små besetningar som verken er førebudd på eller kompetente til å møte den påkjenninga det er å få mange hundre desperate menneske om bord.

Det har også vore avgjerande for kvar og ein av dei meir enn 35.000 menneska som har blitt redda frå skrøpelege båtar som aldri hadde klart å komme seg over havet utan bistand. Kor mange liv som ville gått tapt utan den norske innsatsen, kan ikkje talfestast. Det er utan tvil at bistanden har vore både viktig og heilt nødvendig.

I januar går kontrakten til «Olympic Commander» ut. Til tross for oppmoding frå EU om å bli verande, gjer Regjeringa no framlegg om å avslutte innsatsen.

Strengast mogleg

Med den kjennskap eg har til situasjonen i Middelhavet, er det både frustrerande og trist å følgje den norske innvandringsdebatten som ofte er lite nyansert. Det kan verke som ei målsetting har vore å få Noreg til å framstå som strengast mogleg slik at vi kan sleppe å hjelpe fleire enn høgst nødvendig.

Diskusjonen har ofte handla om frykt for islamisering, at vårt velferdssystem ikkje vil tåle større innvandring og om frykt for terror. Gleda over talet på delingar i sosiale media har framstått som viktigare enn sorga over talet på drukna i Middelhavet.

Skal vi i Noreg ta oss råd til å hjelpe desse menneska, eller vil det å hjelpe få for store konsekvensar for oss sjølve.

  • Eg såg folk drukne framfor auga mine
  • Eg snakka med menneske som nettopp var redda frå ein falleferdig båt som hadde gått tom for drivstoff 120 nautiske mil frå land.
  • Eg var vitne til desperasjonen hos foreldre som hadde teke med seg borna sine på livsfarleg flukt over havet, vel vitande om risikoen dei tok, men dei måtte. Dei fortalde meg at sjølv ein liten moglegheit for ei trygg framtid var betre enn den sikre død i heimlandet.
Oktober 2014: Treplankane på dekk er plutseleg ei god seng for natta. Me er i utgangspunktet ikkje utstyrt for denne typen situasjonar, men hjelper så godt me kan. Til dømes med svarte søppelsekker som kan brukast både som vindjakke, madrass eller dyne.

Å vere gode medmenneske

Nyheitsinteressa for norske redningsaksjonar i Middelhavet er ikkje like stor i dag som den var i 2014. Vi må ikkje gløyme at menneske framleis druknar under flukt. Vi kan ikkje hjelpe alle, men vi kan gå føre som eit godt eksempel.

Vi kan vere gode medmenneske, og vi kan gjere ein innsats. Det må politikarane hugse på når dei no skal ta ei avgjerd om vidare oppdrag i Middelhavet. Dei må vere seg bevisst kor verdifull denne innsatsen er for norsk skipsfart og kor avgjerande den er for menneske i naud.

Les mer om

  1. Migrantkrisen i Europa
  2. Siem Pilot
  3. Innvandring