Vil regjeringa ha hemmeleghald framfor rettferd?
Heile denne saka kokar ned til eit enkelt verdispørsmål.
Stortinget behandlar i desse dagar ei ny lov om Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga, også kjend som Sivilombodet. Sivilombodet er eit organ under Stortinget som er oppretta for å føre kontroll med forvaltninga «for å hindre at det blir gjort urett mot den einskilde borgaren», som det heiter i Grunnlova § 75.
Sivilombodet er altså den vesle kvinnas og mannens vaktbikkje overfor staten. Sivilombodet gir ein rimeleg og rask måte for innbyggarane til å klage på lovbrot og uforsvarleg behandling av forvaltninga.
Uavgrensa innsynsrett?
Lova ser ut til å gli fint gjennom Stortinget, med unnatak av eitt prinsipielt viktig spørsmål: Har Sivilombodet uavgrensa innsynsrett i statlege dokument? Kan Sivilombodet også få innsyn i regjeringas eigne dokument dersom det må til for å hindre urett overfor ein innbyggar?
Harberg-utvalet, det tverrpolitiske og faglege utvalet som har utarbeidd lovforslaget, svarte samrøystes ja.
På Stortinget svarte ein samla kontroll- og konstitusjonskomité også ja, inkludert medlemmane frå regjeringspartia og Frp.
Så skjedde det noko. Eit fleirtal i Stortingets presidentskap, med representantane frå Høgre og Frp, inkludert stortingspresidenten, greip inn. Dei føreslo eit unnatak for innsyn i regjeringsdokument. Deretter gjekk saka tilbake til kontroll- og konstitusjonskomiteen, der medlemmane frå regjeringspartia og Frp no snudde og gjekk inn for å innskrenke innsynsretten.
Den juridiske djevelen i detaljane
Enden på visa er at regjeringspartia og Frp føreslår å innføre eit unnatak for innsyn i «regjeringsnotater og dokument direkte knytt til disse».
I tillegg til at forslaget medfører ei innskrenking av innsynsretten som Sivilombodet meiner det har og må ha for å gjere jobben sin, ligg den juridiske djevelen i detaljane.
Formuleringa betyr at regjeringa etter skjønn kan hemmeleghalde ikkje berre regjeringsnotata, men også alle andre dokument regjeringa sjølv meiner direkte høyrer til regjeringsnotata. Kva dokument dette unnataket omfattar, vil i kvar sak vere opp til regjeringa å bestemme.
Regjeringspartias forslag bryt her med det viktige prinsippet om at det er kontrolløren og ikkje den kontrollerte som skal definere kva dokument er naudsynt å få innsyn i.
Signaleffekten er ikkje god
Signaleffekten av regjeringspartias forslag er heller ikkje god. Forslaget bryt også med Europarådets anerkjente prinsipp for ombodsinstitusjonar, som Noreg gjennom Ministerkomiteen slutta opp om i 2019.
Ifølgje desse prinsippa skal eit ombod ha rett til uavgrensa tilgang til alle relevante dokument og materiale, sjølv når desse elles er hemmelegstempla.
Regjeringspartias ønske om å innskrenke innsynsretten til Sivilombodet kan sjåast i lys av at regjeringa gjennom departementas høyringsinnspel til Harberg-utvalet føreslo å endre og i praksis redusere heile ombodsordninga.
Det som gjer Sivilombodet til noko meir enn ein vanleg klageinstans, er at det ikkje berre kan påpeike reine lovbrot, men også at forvaltninga har handla uforsvarleg eller i strid med god forvaltningsskikk. Departementa ville at Sivilombodet berre skulle drive rein lovkontroll, og altså ikkje kunne påpeike andre uheldige sider ved forvaltningas praksis.
Dette dramatiske forslaget om å innskrenke kontrollen ser heldigvis ikkje til å ha noko støtte på Stortinget.
Kokar ned til eit spørsmål
Regjeringsdokument er og skal som hovudregel vere hemmelege. Men hemmeleghald er ikkje godt grunngitt overfor Sivilombodet.
Det at Sivilombodet får innsyn i regjeringsdokument, betyr ikkje at desse blir offentlege. Det er altså ikkje fare for at opplysningar som regjeringa har eit legitimt behov for å halde hemmelege, blir offentleg kjende.
Heile denne saka kokar ned til eit enkelt verdispørsmål: Det regjeringspartia seier med forslaget sitt, er at dersom regjeringas ønske om hemmeleghald står mot Sivilombodets behov for innsyn for å hindre at forvaltninga gjer urett mot den enkelte, så må rettferd for den enkelte vike. Smak på den.