Debatt

Ikkje veit eg kven eg «lærte» homofili av | Isabel Grindheim

  • Isabel Grindheim, barneskulelærar
Å vere homo er ikkje draumen. Det er ikkje det vi tenkjer om framtida vår når vi er barn. Det gjer livet hakket vanskelegare, skriv Isabel Grindheim.

Kvifor Nina Karin Monsen meiner så mykje om sex mellom to av same kjønn, veit ikkje eg – men det å samanlikne det med onani må eg berre le av.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Omtrent på denne tida er det ti år sidan eg tok turen «ut av skapet». Eg har aldri angra på det og blei berre møtt med positivitet og glede.

Aldri nokon sinne har nokon i familien min eller nokon av venene mine hatt negative kommentarar til at eg er homo – og det er eg enormt glad og takknemleg for.

Dei siste ti åra har Nina Karin Monsen stadig vore ute og blafra med pennen sin. Det er rart med det, korleis ei dame som eg har mista all respekt for for mange år sidan, igjen og igjen får meg til å føle meg som eit dårlegare menneske. Som gjer at eg blir lei meg og sint og får vondt i magen.

Nina Karin Monsen spreiar berre drit med sine utbrot om homofile. Oppgulpet har ho også vunne Fritt Ord sin pris for.

Eg trur ho må ta seg eit kurs

På fredag skreiv Nina Karin Monsen eit innlegg i Aftenposten. Igjen. Det har tatt meg to dagar å orke å skrive noko om det, men eg klarar ikkje å la vere, når slikt kan bli printa i ei av Noregs største aviser. Det må kommenterast.

Kvifor Nina Karin Monsen meiner så mykje om sex mellom to av same kjønn, veit ikkje eg – men det å samanlikne det med onani må eg berre le av.

Dersom dama ikkje klarar å forstå at sex kan vere nært og fint (og mykje anna) sjølv om ein ikkje nødvendigvis har både penis og vagina, trur eg ho må ta seg eit kurs.

Om å være nær og om kjærleik

Dersom sex for heterofile berre hadde vore inn og ut, og ikkje hadde handla om å vere nær og om kjærleik, så ville eg vore utruleg trist på heterofile sine vegne. Heldigvis er det ikkje slik.

Når ho skriv at heterofile iallfall veit forskjellen på onani og sex, så må eg berre leggje til at det veit eg også. Ho veit ikkje.

Denne teikneserien skal eg laga plakat av og ta med i Pride-paraden, skriv Isabel Grindheim.

Ho kjem forresten med fleire enkeltdøme i teksten sin. Mellom anna eit menneske som har hatt to mødrer, og som er imot at homofile skal få gifte seg. Gratulerer med det.

Det finst garantert ingen som har vekse opp med ein far og ei mor som er misfornøgd med oppveksten sin. Alle heterofile foreldre er perfekte.

Opplært homo

Nina Karin Monsen påstår også at heterofili er medfødd og homofili er lært. Ikkje veit eg kven eg «lærte» homofili av, kan ikkje hugse å ha lært noko anna enn at kjærleik er fint.

Kan også hugse at eg i fleire år hadde A1, Leonardo DiCaprio og David Beckham på veggen – og ikkje såg på det som eit alternativ å vere forelska i jenter.

Å vere homo er ikkje draumen. Det er ikkje det vi tenkjer om framtida vår når vi er barn. Det gjer livet hakket vanskelegare.

Det er mange som meiner vi ikkje bør vere gift, det er ganske mykje kjipare å lese idiotinnlegg og dritkommentarar i avisa og det er ein lang, krunglete veg dersom ein skal få barn.

Homofili er mote?

Det einaste positive i det innlegget, er at Nina Karin Monsen påstår at å vere homofil er mote. Kan ikkje hugse at eg nokon sinne har vore in, så det er jo litt stas.

Det siste innlegget hennar, i Aftenposten, høyrer ikkje heime i ei avis. Det er rotete og rart. I tillegg til at det er fullt av påstandar med kjelda «internett». Eg tykkjer det er direkte uansvarleg av Aftenposten å trykkje dette innlegget.

Som inspirasjon for å skrive dette innlegget med noko litt meir lystig som bakteppe, har eg teikneserien som Tegnehanne laga og posta på Instagram. Denne skal eg lage plakat av, og så skal eg ta det med I Pride-paraden, om så berre for å irritere Nina Karin Monsen.

Her kan du lese flere artikler om homofile og homofili:

  • Jeg misliker å være homofil: Stempelet tar knekken på meg
  • Feminine homofile: Jeg vet at vi utgjør et problem
  • Homofili: Det er verden, ikke André og Jakob som er problemet

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Homofili