Når døden er alternativet, bør elektrosjokkbehandling kunne brukast | Bjørn Henning Østenstad
I nokre tilfelle kan personen vere så prega av den psykiske tilstanden at vedkomande ikkje er avgjerdskompetent.
Tvangslovutvalget skjerpar krava kraftig for bruk av elektrokonvulsiv behandling (ECT). Strafferettsleg nødrett som er ein vag og uklar regel, skal ikkje lenger kunne brukast.
Arve Kirkevik og Joar Tranøy overser dette i sitt innlegg i Aftenposten 1. juli. Eit krav om samtykke til helsehjelp er alltid utgangspunktet, også ved bruk av ECT. Men i nokre tilfelle kan personen vere så prega av den psykiske tilstanden at vedkomande ikkje er avgjerdskompetent. Han eller ho har til dømes ei oppfatning om å vere skuld i all krig og ulukke i verda og difor «ikkje fortener å bli frisk».
Tvangslovutvalet vil legalisera psykiatriske overgrep | Kirkevik og Tranøy
Når døden er alternativet
Fleirtalet i utvalet meiner difor at det må gjelde unntak frå kravet om samtykke der personen er så sjuk og somatisk svekka på grunn av manglande inntak av næring eller væske, at døden vil inntre innan få veker utan behandlinga.
Vi snakkar altså om ein rimeleg strengt definert situasjon der ECT utgjer eit livreddande tiltak når alt anna er prøvd. Dette bør likevel ikkje omtalast som ein nødssituasjon: Dét omgrepet treng, ei klarare og snevrare avgrensing av omsyn til rettstryggleiken.
Fordi ECT er særleg omstridd, bør behandling ikkje kunne iverksetjast der personen viser motstand. ECT kan dermed ikkje gjennomførast med tvang, i utvalet sin språkbruk.
Kirkevik og Tranøy meiner det er frekt å definere tvang på denne måten. Men krenkinga av sjølvbestemmingsretten er sterkast i motstandstilfella, og slike inngrep står difor i ei særstilling. Ei generell likestilling av motstand og fråvær av samtykke i lovverket er lite djuptenkt. Det vil i stort omfang fråta personar utan avgjerdskompetanse tilgangen til nødvendig hjelp. Difor er det gode grunnar for den omgrepsbruken utvalet nyttar, uavhengig av diskusjonen om ECT.
Innbilt problemstilling
Effekt av ECT vil normalt vise seg innan to veker etter iverksett behandling. Utvalet meiner difor at dette skal vere yttergrensa for eit vedtak, utan rom for forlenging. Vidare behandling må altså baserast på samtykke frå pasienten. I tillegg kan folk reservere seg mot ECT, utan tidlegare å ha prøvd behandlinga. Utvalet oppfattar dette som eit rimeleg kompromiss mellom dei ulike omsyna som gjer seg gjeldande.
Kirkevik og Tranøy hevdar at strafferettsleg nødrett vil kunne brukast i tillegg til den lovføresegna utvalet gjer framlegg om. Dette er misforstått. Tvangslovutvalget si utgreiing er klar: «strafferettslig nødrett vil etter utvalgets opplegg aldri mer kunne påberopes». Ein stor del av innlegget til dei to går slik med til å diskutere ei innbilt problemstilling.
Sivilombodsmannen har uttrykt uro for rettstryggleiken ved bruk av ECT. Utvalet er samd og vurderer i NOU 2019: 14 Tvangsbegrensningsloven at ei restriktiv lovregulering er eit nødvendig steg for å møte menneskerettslege krav.
Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.