Debatt

Det er noko som er viktigare enn olympiske gullmedaljar

  • Se nederst for navn på innleggsforfatterne

I 2017 signerte statlege myndigheiter i Norge og Kina ein (frihandels)avtale som også omfatta idrett. Statsminister Erna Solberg var med på det, i Beijing. Foto: Heiko Junge/NTB

Det beinharde regimet i Kina kjem til å sola seg i glansen av det komande vinter-OL. Kan Norge bli med på det?

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Vi som forskarar på Noregs idrettshøgskole lever i eit fritt land i dag. Vi har mange å takka. Vi treng ikkje tenkja på følgjene av å offentleggjera kritikk for stipenda, eller reisemogelegheitene våre. Vi treng ikkje frykta at vi blir henta av sikkerheitspoliti, at vi blir fengsla utan lov og dom, at vi blir haldne vakne natt og dag. Dette skjer i Kina, med truleg så mange som 30 til 40 menneske kvar dag.

Rett nok har også nordmenn fått mange begrensingar lagt på seg, men dei er førebelse. Og myndigheitene som bestemmer og innfører smitteverntiltaka, må legitimera seg ovanfor det folket som har valt dei, og ei (forsøksvis) kritisk presse. Ein kan vera trygg på at det kjem dagar etter dette. Så som vinter-OL i Beijing, eitt år frå no, sett til 4.–20. februar 2022.

Ravande galen utvikling

Om vi hadde høyrd til ein religiøs minoritet i Norge, hadde vi ikkje blitt tekne ut av heimane våre og tvungne inn i såkalla omskoleringsleirar.

Vi hadde ikkje blitt kommandert til å læra eit bestemt språk og ei anna tru, vi hadde ikkje opplevd at ungane våre blei plasserte i kostskular, vi hadde ikkje blitt sterilisert. Visse trekk av dette har hendt i Norge, men: Dette skjer med uigurane i provinsen Xinjiang, kanskje så mange som ein million menneske.

Gudmund Skjeldal med flere er kritiske til vinter-OL i Kina. Foto: Norges idrettshøgskole

Les avisene. Ein treng ikkje vera forskar for å forstå at utviklinga i Kina er ravande galen under president Xi Jinping. No er også sjølvstyret i Hongkong i ferd med å kortsluttast.

Kina kombinerer knallhard makt med mjuk makt, konsentrasjonsleirar med nye silkevegar, fengslingar og forsvinningar med feiande flotte olympiske leikar. Kan norske vinteridrettsutøvarar bli med på det?

«Gjensidig forståing og vennskap»

Alt dette ramnsvarte skjer i eit land som Norge har innleidd idrettspolitisk samarbeid med. Så seint som i 2017 signerte statlege myndigheiter i Norge og Kina ein (frihandels)avtale som også omfatta idrett. Statsminister Erna Solberg var med på det, i Beijing.

  • Vinter-OL skal arrangeres i Beijing vinteren 2022.

Kinesiske unge utøvarar skulle få opplæring i norske favoritt-vinteridrettsgreiner som langrenn, hopp, kombinert, skiskyting. Leiarar og trenarar skulle få innsikt i den norske idrettsmodellen, og nordmenn i den kinesiske. Det skulle så fremjast «gjensidig forståing og vennskap mellom det kinesiske og det norske folk», som det heiter så fint i avtalen.

Men det var ingen norske idrettsleiarar til stades då denne «Omforente Memorandum» blei signert. Det er faktisk uklart om leiarane i norsk idrett då, Tom Tvedt i styret av Norges Idrettsforbund (NIF), eller Erik Røste i leiinga av Norges Skiforbund (NSF), visste noko som helst.

I ettertid er det blitt oppgåva til NIF å administrera avtalen på tvers av særforbund, og NSF har gjort mykje for avtalen heilt konkret i samband med disiplinar som langrenn og hopp.

I nær framtid vonar vi at nokon vil forska på dette: Korleis avtalen kom i stand, kva del av den diplomatiske framstøyten til regjeringa Solberg som idretten var, og (om det er mogeleg å spørja utan å risikera fridomen deira) kva kinesiske idrettsstyremakter tenkte. Kjente norske styresmakter eigentleg til idrettsmodellen i Norge? Kjenner dei historia til norsk idrett?

Sto imot nazifiseringa

Norsk idrett er uavhengig av staten. Dette har vore idrettens glanshistorie, idrettens trumfkort, idrettens pant på den største delen av tippemidlane, etter krigen.

Norsk idrett hadde stått imot nazifiseringa som okkupantane (og medløparane deira) forsøkte å etablera. Birger Ruud nekta å hoppa med tyskarane og hamna på Grini. Idrettsleiaren Rolf Hofmo i Sachsenhausen. Idrettsstreiken er blitt kalla norsk idretts største siger. Frivillig innsats og sjølvstende har vore fana til norsk idrett og er det framleis.

Så kan ein gjerne spørja: Protesterte ikkje norsk idrett mot å få seg påtvinga eit samarbeid med ei slik totalitær makt som Kina er? Var det ingen i styret til NIF som torde å seia ifrå til staten?

Det vi veit, utifrå medieoppslag i TV 2 og Aftenposten, er at idretten nekta å ta av tippemidlane «sine» til denne konkrete avtalen. Men det handla om kva pengane skal gå til av ulik idrettssatsing i Norge, og ikkje om hopehavet med diktaturet i Kina.

Kinas president Xi Jinping annonserer at det olympiske flagget er ankommet Kina. Vinter-OL skal arrangeres i Beijing neste vinter. Foto: Ng Han Guan/AP/NTB

Ville breia ut skisporten

Det er råd å forstå at særforbund som NSF blei med. Ein kunne engasjera ikkje berre trenarar lokalt (slik som ved skigymnaset i Meråker), men legar og smørjarar og fysioterapeutar transnasjonalt. Og kanskje på sikt: breia ut skisporten i det enorme fjellriket Kina, med alle dei millionane av menneske (og milliardane av kroner) som det impliserer.

Om Kina skulle ta medaljar i dei nordiske greinene under vinter-OL, er det berre som bonus å rekna for skisporten internasjonalt.

Ein forstår sjølvsagt kva regjeringa ville: gjenoppretta kontaktane etter fredsprisen i 2010 og den metaforiske fryseboksen som Norge hamna i då, og dei lakse- (og andre eksport-) kontraktane som følgde i kjølvatnet av den politiske opptininga no.

Å mista si sjel

Ja, ein kan vera så naiv at ein trur det hjelper på menneskerettsutviklinga med kontakt på idrettsarenaen. Ein kan fabla om at dei kinesiske ungdommane som dreiv med langrenn i Meråker og på Lillehammer, vil krevja fridom i alt frå treningar til politiske val når dei blir vaksne.

Men kan ein sjå bort frå den omdømmebygginga som regimet til Xi Jinping driv med gjennom OL? Vil nokon seia menneskerettsståa er blitt betre etter Beijing hadde sommar-OL i 2008, og ikkje verre? Kan det noverande idrettsstyret, og den olympiske og humanitære helten Johann Olav Koss mellom dei, gå god for at ein stor norsk tropp tar del i olympiske seremoniar og tevlingar på snø i 2022? I eit land der mange hundre tusen sit, og slit, i konsentrasjonsleirar?

Sonja Henie i Garmisch-Partenkirchen i Tyskland under de olympiske lekene i 1936. Foto: AP/NTB

Vi som skriv denne kronikken, er nok ikkje samde oss i mellom om ein boikott av Beijing-OL har noko for seg. Men kanskje er ikkje poenget om vi, eit knøttlite land, kan påverka det gigantiske Kina. Det er noko som heiter å mista si sjel. Det er noko som er viktigare enn olympiske gullmedaljar. Det er noko som er viktigare enn laks, til og med.

I OL i Garmisch-Partenkirchen (1936) gjorde Sonja Henie nazi-helsinga, før ho byrja på isdansen sin. Noko slikt må aldri skje igjen.

Gudmund Skjeldal, Anette Skilbred, Hanne Sogn, Pia Wedege, Allan Grønkjær; alle PH. D-studenter ved institutt for idrett og samfunnsvitenskap ved Norges idrettshøgskole, og Morten Sandvik og Gaute Heyerdahl, avlagt PH.D. ved Norges idrettshøgskole.

Les også

  1. Da noen dundret på døra midt på natta, fekk Li panikk. Det hadde ho god grunn til.

  2. 12 regimekritikere i Kina forteller åpent om skrekkbehandlingen de fikk da de ble tatt

Les mer om

  1. Kina
  2. OL
  3. Norges Idrettsforbund (NIF)
  4. Beijing
  5. Idrett