Det må ein snuoperasjon til om vi skal innfri naturavtalen

FNs naturtoppmøte COP15 fant sted i Montreal i Canada i desember.

193 nasjonar samla seg nyleg om ein naturavtale i Montreal. Noreg er langt unna å nå måla.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Naturavtalen set ambisiøse mål for å ta vare på det vi har att av naturmangfald. Eit viktig prinsipp bak avtalen er at naturen gir oss eit mangfald av verdiar og tenester og ikkje kan reduserast til eit verkemiddel i klimapolitikken. Ei myr er altså ikkje berre eit område som lagrar karbon og dempar flaum, men ein naturtype som er viktig for mange planter og dyr. Ei snødekt myr er dessutan flott å gå ski på.

70.000 fotballbaner

Det Noreg har forplikta seg til å gjere innan 2030, er:

  • å stoppe tap av areal med naturmangfald av høg verdi. Kvart år bygger vi ned eit naturareal som svarer til meir enn 70.000 fotballbaner her i landet.
  • sørgje for naturrestaurering av minst 30 prosent av areala der den økologiske kvaliteten er redusert. Noreg er i gang med naturrestaurering, men har langt att for å nå dette målet.
  • verne minst 30 prosent av resten av areala som er særleg viktige for naturmangfald, økosystemfunksjonar og økotenester. I dag er rundt 18 prosent av landarealet i Noreg verna, mens berre 3,6 prosent av havarealet er verna.

Kan ikkje ofre naturmangfald

Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt), som er leia av Vestlandsforsking, dokumenterer i si forsking at omsynet til naturmangfald er svakt integrert i politikken for fornybar energi og reduksjon av klimautsleppa.

Norsk politikk er hemma av sektortenking der kvar minister arbeider for sine sektorinteresser

Utsleppskutt er sjølvsagt viktige, også for naturmangfaldet, men vi kan ikkje ofre naturmangfald av høg verdi. Det siste tiåret har det skjedd i samband med utbygging av fornybar energi, ikkje minst vindkraft. Og nedbygging av natur skjer stadig ved utbygging av motorvegar. Betre vegar vert ofte argumentert med å gi reduserte utslepp.

Ein stor kjelde til nedbygging av natur er hytteutbygging, eit område som regjeringa manglar politikk for.

Naturmangfald må vektast tyngre

Det er flott at klima- og miljøvernminister Espen Barth Eide (Ap) har vedteke naturavtalen på vegner av Noreg, men det ventar ein stor jobb på heimebane.

Arealbruken her i landet er ikkje i samsvar med naturavtalen. Norsk politikk er hemma av sektortenking der kvar minister arbeider for sine sektorinteresser. Dei ser ikkje samanhengen mellom klima- og naturkrisa.

For at naturavtalen frå Montreal skal få noko å seie her i landet, må olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) gi Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) beskjed om at naturmangfaldet må vektast langt tyngre enn hittil ved utbygging av fornybar energi.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) må stoppe planlegging og bygging av motorvegar, og kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) må sette grenser for den planlagde hyttebygginga rundt om i kommunane.