Debatt

Kven får vere vestlending heretter? | Helge Sandøy

  • Helge Sandøy
    Professor emeritus i nordisk språkvitenskap, Bergen
Blir det heller ingen vestlandske kyr på Jæren?

I verste fall blir det ingen vestlandske fiskarar nordom Stadt lenger, og ingen vestlandske bønder på Jæren.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Kommunaldepartementet har følgt fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland og gått inn for at den nye regionen her på Midt-Vestlandet skal kallast Vestland, og bak ligg ei forklaring med at den ubestemte forma (altså utan –et til slutt) skal vere nok til å skilje mellom den tradisjonelle landsdelen Vestlandet og denne nykomlingen, regionen Vestland.

Språkrådet har uttalt at dette er uheldig, og ekspertane på stadnamn har sagt ifrå om at dette ikkje fungerer. Protestane frå fylka Møre og Romsdal og Rogaland har heller ikkje stilna etter at den finurlege argumentasjonen kom opp.

Men det er ikkje berre sjølve namnet som kjem til å skape problem. Av namnet lagar ein òg ordet for innbyggjarane. Dei som bur innafor landsdelen Vestlandet, er kalla vestlendingar.

Kva skal ein kalle dei som bur i regionen Vestland?

Her opnar ikkje språket vårt for å skilje mellom bestemt og ubestemt form av namnet. Vil fylkestinga og departementet kanskje gå inn for ei anna finurlegheit: vestlendar om dei i regionen? Dermed blir alle vestlendarar vestlendingar, men ikkje alle vestlendingar vestlendarar. – Nei, her blir det berre rot. Slikt er ikkje seriøst.

Ingen vestlandske bønder på Jæren?

Og endå verre: Av geografiske namn lagar vi òg adjektiv, og det skjer automatisk med –sk: vestlandsk. Slik blir nødvendigvis adjektivet til både Vestlandet og Vestland. Her er neppe noko alternativ muleg. I verste fall blir det altså ingen vestlandske fiskarar nordom Stadt lenger, og ingen vestlandske bønder på Jæren. – Nei, og atter nei.

Verken ministeren eller fylkesordførarane har vilja argumentere imot dei språkfaglege innvendingane. Dei berre ignorerer. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun svarar med at Vestland er «eit flott namn». Men det er ikkje noko svar.

Grov kost å tale om demokrati her

Kommunalminister Monica Mæland opplyser at fleirtalet går inn for Vestland, og fylkesordførar Jenny Følling ønskjer respekt for lokaldemokratiet. Det er heller ikkje noko svar på dei faglege innvendingane. Dessutan er det slettes ikkje sant.

Fylka Rogaland og Møre og Romsdal har 740.500 vestlendingar, som i denne saka må ha like stor rett til å stemme; den nye regionen har berre 633.009 vestlendarar/vestlendingar. (Tal frå siste årsskiftet.) Politisk er det grov kost å tale om demokrati her.

Å røve Vestlands-namnet er arroganse

Fylkesordførarane har lagt vekt på dette namnet fordi det knyter seg ‘identitet’ til det. Ja, og nettopp difor er det ikkje underleg at det kjem prostestar frå både nord og sør. Der òg må innbyggjarane få ha sin identitet og sine kjensler.

Fylkesordførarane bør vise litt respekt for andre. Å røve Vestlands-namnet og orda vestlending og vestlandsk frå naboane, slik det her blir gjort, er arroganse som skaper varige motsetningar. Har fylkesordførarane i den kommande regionen ein draum om å få med seg eit større område etterkvart, kan dei sjølvsagt gløyme den saka i lang tid framover.

No håpar vi på at Stortinget er i stand til å drøfte sakleg og høyre på innvendingar. Saka kjem opp før ferien. Det er faktisk muleg å lage alternative forslag. Eit sakleg forslag kunne vere Midt-Vestlandet (ev. skrive Midtvestlandet). Det er kanskje ikkje like «flott», men det er nokså sant, og med eit slikt namn tek ein i alle fall ikkje noko frå andre.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Jæren
  2. Rogaland
  3. Språkrådet
  4. Monica Mæland
  5. Lokaldemokrati
  6. Møre og Romsdal
  7. Hordaland