Debatt

Ein kan ikkje måle traumer i legning | Susanne Egset

  • Susanne Egset

Dersom ein skal legge Follo tingrett sitt resonnement til grunn, kan det opne for veldig mange rare argumentasjonsrekker, skriv Susanne Egset.

Ville eg som heterofil kvinne blitt ansett av Follo tingrett som «mindre traumatiserbar» om eg blei utsett for same overgrep?

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Ein 36 år gammal mann blei fredag i Follo tingrett dømd fengsel i to år og ni månader for ei såkalla «sovevaldtekt» av ei kvinne i Ski.

Retten la i skjerpande retning vekt på at tiltalte var klar over at kvinna var lesbisk. Som om valdtekt har noko med sex å gjere.

Ifølgje Follo tingrett (gjengitt i Østlandets blad) vil ein valdtekt utøvd av ein mann opplevast som eit større traume for ei som er lesbisk enn for ei heterofil kvinne.

Denne traumatiseringssk

Les også

Skjerpende at voldtektsoffer var lesbisk

alaen dei argumneterer utifrå trur eg offentlegdomen kunne hatt godt av å sjå.

  • Voldtektsofferet til Aftenposten. — Helt feil å trekke inn min legning.

Utdatert samankopling

Eg kjenner ikkje denne saka personleg, og eg kan ikkje seie noko om graden av traumer offeret i denne saka har opplevd.

Det er ikkje det eg vil snakke om. Eg vil snakke om eitt element som er blitt gjengitt i media, noko eg opplever som ein veldig rar rettspraksis: Nemleg å fastslå grad av traume med bakgrunn i offeret si seksuelle legning.

Eg seier meg einig med Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LLH) i at samankoblinga mellom valdtekt og seksualitet utdatert.

– En voldtekt forøvd av en mann vil, slik retten ser det, oppleves som et større traume for en som er lesbisk enn for en heterofil kvinne, heiter det i dommen, ifølgje Østlandets Blad.

Denne formuleringa får meg til å lure.

Sit Follo tingrett og gnurar på ein forskningsrapport som ingen andre har fått med seg? Slår denne rapporten fast at kvinners seksuelle legning har innverknad på kor traumatisk det er å bli valdteken?

Slik eg ser det handlar ikkje valdtekt om sex i det heile, men om makt.

I så fall må dei gjerne dele denne rapporten med omverda. Dersom ein slik rapport ikkje eksisterer, så treng vi ein alvorleg diskusjon om kva slags tilsynelatande irrelevante faktorar det må vere lov å dra inn i valdtektssaker, uansett om det skal brukast formildande eller skjerpande.

Løner det seg å valdta heterofile?

Sjølv om eg gjerne vil applaudere at det er blitt lagt inn eit skjerpande element i ein valdtektsdom, vil eg gjerne utfordre grunnlaget det er tufta på.

Kva har kvinna si seksuelle legning med graden av traumer etter ein valdtekt å gjere, og kva slags signal sender dette?

Vil ei slik skjerpande omstendigheit kunne fungere motsett i neste rettssak der kvinna er heterofil?

Ville eg som heterofil kvinne blir ansett av Follo tingrett som meir «mottakeleg» og «mindre traumatiserbar» av same overgrep?

Ville eg som heterofil kvinne blir ansett av Follo tingrett som meir «mottakeleg» og «mindre traumatiserbar» av same overgrep?

La oss snu det rundt for argumentasjonens skuld – vil ikkje ein manns valdtekt av ei heterofil kvinne potensielte øydeleggje kvinna sitt forhold til sex med det motsatte kjønn for alltid? Kvar havnar dette på traumatiseringsskalaen til Follo tingrett?

Seier vi til potensielle valdtektsmenn at det løner seg å sjå seg ut heterofile kvinner når dei skal ut og valdta, for det er vanskelegare å bevise at ei heterofil kvinne ikkje innerst inne ønskar å bli valdteken?

Opnar for rare argumentasjonsrekker

Eg er ingen forskar, lege, dommar eller advokat, men eg er eit oppegåande, tenkande vesen, og eg ville ikkje satt pris på å bli valdteken verken av menn eller kvinner, og slik eg ser det handlar ikkje valdtekt om sex i det heile, men om makt.

Og mi oppleving av ein valdtekt har ingenting med kva eg samtykker til seksuelt på frivillig basis. På same måte vil eg ikkje sette pris på at nokon tvinger brennande varm te nedover halsen på meg fordi eg frå tid til annan likar å ta meg ein kopp te – eller kakao.

Eg ville ikkje satt pris på å bli valdteken verken av menn eller kvinne

Dersom ein skal legge Follo tingrett sitt resonnement til grunn, kan det opne for veldig mange rare argumentasjonsrekker.

Blir for eksempel kvinner som har mykje sex med menn mindre traumatisert av ein valdtekt enn kvinner som har lite sex med menn?

Blir kvinner som oftast har sex med raudhåra menn mindre traumatisert av ein raudhåra valdtektsmann? Kva så med valdtekt av prostituerte, er det valdtekt i det heile tatt?

Er det mindre traumatiserande å bli rana når du har gitt vekk pengar før?

Vanskeleg terreng å navigere i

Skal eg legge godvilja til, kan det tenkast at formuleringa handlar om at graden av tvil i saka er minimal.

Den er godt meint, og førte i det miste til at ei allereie latterleg låg straff blei litt strengare.

I valdtektssaker er det dessverre eit stort problem med manglande bevis, tvetydige signal, ord mot ord og mangel på vitne, og retten opplever vel her at dei har mindre tvil å forholde seg til enn vanleg.

Det er eit vanskeleg terreng å navigere seg i når ein skal til å «måle» traumene påført etter ein valdtekt

Problemet blir at ein trekkjer inn ein påstått samanheng mellom traumer og legning.

Ei straff skal vel reflektere skadeomfang, men det er eit vanskeleg terreng å navigere seg i når ein skal til å «måle» traumene påført etter ein valdtekt basert på faktorar som ikkje har noko med valdtekten å gjere.

Få med deg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter


Mer om tematikken?

Journalist Mala Wang-Naveen skriver:

Les også

Hendene var overalt. De slet i brystene. Klorte mellom lårene.

Vilde Hansen Bratland (21) skriver om dagen da alt falt på plass:

Les også

Etter 40 år med skam valgte pappa å fortelle at han hadde blitt utsatt for overgrep som liten

Denne teksten er sterk:

Les også

Tenk deg et IKEA-møbel. Du forsøker hardt å hamre inn trepluggen, men hullet er for lite. Slik føltes det å bli voldtatt

Oppsiktsvekkende tall:

Les også

99 av 100 voldtektssaker ender aldri med straff

22 år gammel jente skriver:

  1. Les også

    Den første gangen jeg ble voldtatt, anmeldte jeg. Den andre lot jeg være - på grunn av den første.

Les mer om

  1. Debatt
  2. Rettsstaten
  3. Homofili
  4. Seksualitet
  5. Seksualforbrytelser
  6. Voldtekt

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Kjensleløysa pregar homomiljøet som ein epidemi | Sondre Landvik

  2. DEBATT

    Vi må aldri unnskylde voldtekt, men ta ansvar. Og vi menn må ta et spesielt mannsvar | Luca Dalen Espseth

  3. A-MAGASINET

    Oslos ukjente sexfester for kvinner: – Gøy å ha god sex. Dette er en arena for det.

  4. A-MAGASINET

    Søstrene banket i veggen for å varsle hverandre om at faren var på vei

  5. A-MAGASINET

    Forsidepike i «undertøyskjole». Innrømmelser om å nyte vin. Dette har skapt bråk i KrF.

  6. A-MAGASINET

    Den nye masseflukten fra Latin-Amerika: – Jeg vil heller dø i forsøket på å flykte enn å leve i Honduras, sier Karla (27)