Debatt

Tida er overmoden for å innføre lobbyregister

  • Alfred Bjørlo
    Alfred Bjørlo
    Stortingsrepresentant (V)
Stortingets presidentskap sa nylig nei til å opprette et lobbyregister.

Motstanden mot å opne opp Stortinget bikkar over i parodien.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Tida er overmoden for at Noreg innfører lobbyregister og får slutt på hemmeleghald om kven som besøker Stortinget for å påverke.

Likevel seier Ap, Høgre, Frp og Sp nei. Motstanden mot å opne opp Stortinget bikkar no over i parodien.

Større og større aktualitet

Behovet for å «lette på sløret» om kven som besøker Stortinget og kva dei gjer der, får større og større aktualitet.

Sikkerheitssituasjonen etter Russlands angrepskrig mot Ukraina, avsløringane om bruk av dei såkalla «gullkorta» til lobbyisme og sviktande tillit til Stortinget etter avsløringane om pendlarbustader pressar fram stadig større behov for å få slutt på alt unødvendig hemmeleghald på Stortinget.

Alle desse sakene har Stortingets presidentskap sett på med stort alvor. Då skulle du tru at dei også ville sjå på løysingar for å skape meir openheit og gjenvinne tillit.

Men nei.

Fleirtalet i presidentskapet seier nok ein gong nei til lobbyregister – slik Venstre har foreslått og eit samla Media- og kommunikasjons-Noreg ønsker.

Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) har varsla gjennomgang av Stortingets adgangsreglar. Han liker heller ikkje at tidlegare stortingsrepresentantar bruker sitt adgangskort til å drive lobbyaktivitet.

Likevel avviser Gharahkhani som del av fleirtalet i presidentskapen å utgreie innføring av lobbyregister.

Vil ikkje utgreie

Presidentskapen meiner i si innstilling til Stortinget at « ... registrering av dem som oppsøker stortingsrepresentantene i påvirkningsøyemed, vil ikke nødvendigvis føre til mer transparens eller åpenhet i forholdet mellom representantene og andre samfunnsaktører. (…) Dessuten vil et lobbyregister være arbeidskrevende å håndtere ... »

Ap, Høgre, Frp og Sp er så sikre på at lobbyregister er ein uting at dei ikkje ein gong vil utgreie moglege løysningar, slik Venstre ber om.

Ja, dei er faktisk så sikre på at ingen nye argument for meir openheit på Stortinget har dukka opp det siste året at innstillinga er ordrett den same som sist gong Venstre fremja forslaget.

Ingenting nytt – berre nei på repeat.

Gir størst makt til økonomisk sterke

Lobbyisme er ikkje noko kriminelt. Det er ein naturleg og nødvendig del av politikken – og ei viktig demokratisk kjelde til supplerande informasjon ut over det Stortinget får i saksdokumenta.

Men som «gullkort»-sakene syner, er det eit stort press på Stortinget frå sterke organiserte interesser. Utstrekt lobbyisme utan openheit og kontroll gir størst makt til økonomisk sterke og velorganiserte særinteresser, medan andre sit utanfor.

Det er årsaka til at stadig fleire land no innfører lobbyregister – og at Europarådet sitt antikorrupsjonsorgan (Greco) har bedt Noreg innføre lobbyregister og kallar mangelen på regulering av lobbyisme i Noreg ein «vesentlig svakhet i systemet».

Må vere meir openheit

Debatten om korleis Stortinget skal gjenreise tilliten, er i full sving. Eitt av svara må vere meir openheit. No må det luftast ut på Stortinget.

Dessverre ser det ut til at folkestyre og openheit framleis er ord som passar Stortingets presidentskap best på 17. mai. Når kvardagen kjem, er det tilbake til nei til openheit på repeat.


  • Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Mest lest akkurat nå

  1. 1
    SPORT
    Publisert:

    Den 49 år gamle rapperen er like godt trent som en fotballproff. Testresultatene er knapt til å tro.

  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5