Debatt

Men kva meiner Forskningsrådet om forskinga?

Forskningsrådets innlegg om klima kunne ha vært skrevet av hvem som helst, mener Klaus Mohn.

Frå direktøren i Norges Forskningsråd hadde eg forventa noko anna – og meir.

  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I møte med klimautfordringa «… må kunnskapsnasjonen Norge kjenne sin besøkelsestid, ta ansvar og se muligheter og løsninger». Det skriv Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskningsrådet (NFR), i eit debattinnlegg i Aftenposten.

Innlegget er dominert av ei lang rekke generelle bodskap som dei færraste vil ta avstand frå. Det kunne vore skrive av nær sagt kven som helst. Frå direktøren i Norges Forskningsråd hadde eg forventa noko anna, og noko meir.

Ønskjer innblikk

Vel så interessant som overordna synspunkt på klimautfordringa ville det vere å få vite korleis NFR vil bidra til å dekke behovet for forsking og ny kunnskap i møte med klimautfordringa.

I denne samanhengen burde Tveit heller greie ut om korleis klimautfordringa påverkar NFR sine strategiar og planar, i staden for å minne om det overordna alvoret i klimaendringane – som allereie er godt kjent for alle.

Ikkje minst skulle kunne ein ønske seg innblikk i korleis NFR vil tilpasse seg nye tankesett rundt samfunnsutfordringar som utgangspunkt for forsking, innovasjon og næringspolitikk. Der går debatten no høgt på andre arenaar. Om dette skriv NFR-direktøren knappast noko som helst.

Avgjerande finansiering

Forskingsrådet forvaltar meir enn ti milliardar kroner kvart år. Det er ein ressursrik og viktig institusjon for utvikling av forskingsbasert kunnskap. Og om det er noko som blir viktig i møtet med klimautfordringa, så er det nettopp utvikling av ny kunnskap.

Forskinga kan gje ny og verdifull innsikt om klimaendringane, opplyse det offentlege ordskiftet og føre til betre informerte avgjerder for politikken på området.

Korleis finansieringa av forskinga blir innretta i tida som kjem, blir difor avgjerande. Ikkje berre for sjølve kunnskapsutviklinga, men óg for universiteta og høgskulane, for instituttsektoren og i sin tur for klima- og næringspolitikken.

I denne debatten burde leiinga av Forskingsrådet engasjere seg med opne, nyanserte og fordomsfrie refleksjonar rundt forsking og kunnskapsutvikling som respons på dei store samfunnsutfordringane i vår tid.

  • Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les også

  1. FN slår full alarm om klimaendringene: – Verden hørte. Men den lyttet ikke.

  2. Unge Høyre-leder Ola Svenneby om rapporten: – Høyre må ta en ny oljedebatt

  3. Etter FNs sjokkrapport: Frp garanterer at de vil stanse regjeringens viktigste klimagrep.

Les mer om

  1. Klimaforskning
  2. Norges Forskningsråd
  3. Universitetet i Stavanger
  4. Klaus Mohn
  5. Klimaendringer