Debatt

Han såg det vakre i det uperfekte | Sigrun Blaavarp

  • Sigrun Blaavarp
    Sigrun Blaavarp
    Forskningsgruppa for songlyrikk, Universitetet i Agder

Leonard Cohen døde 7. november 2016. Her fra en opptreden under Coachella Valley Music & Arts Festival i California i 2009. Foto: Chris Pizzello / TT NYHETSBYRÅN / NTB scanpix

Leonard Cohen nytta bilete og tonar som han voks opp med i synagogen i Montreal.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Leonard Cohen hadde sitt siste døgn i livet 7. november for tre år sidan. You Want It Darker er tittelen på den siste plata han gav ut, og der syng han: «Hineni, hineni / I’m ready, my Lord».

For Leonard Cohen var klar då livet tok slutt. Sjølv om han hadde leukemi og ikkje kunne sleppa unna dei forferdelege smertene grunna brot i ryggrada, var det eit fall i leilegheita natt til den 7. november 2016 som gjorde at han ikkje vakna att. Det hebraiske «hineni» tyder «her er eg» – Abraham sa dette til Gud då han skulle til å ofra sonen sin Isak.

Sigrun Blaavarp er lektor ved Numedal vidaregåande skule og tilknyttet Forskningsgruppa for songlyrikk ved Universitetet i Agder.

Merkelappane som florerte om Cohen, slik som «captain of gloom» eller«high-priest of pathos», tykte han sjølv lite om. Dei som var så heldige å møta han, veit at han var ein uhøgtidleg øvsteprest av humor og ein kaptein av kurtise. Så kva er arven etter den musiske rabbien frå Montreal?

Bibelske referansar

Cohen kom frå ei lang line av prominente figurar i det jødiske miljøet i Canada. Trass namnet Cohen (som er hebraisk og tyder prest), gjekk han aldri inn i den tradisjonen og vart rabbinar. Men i tekstane hans finn me melankolske tonar frå austeuropeisk, jødisk songtradisjon og bilete frå Torahen, som jo er Det gamle testamentet i Bibelen, altså tekstar som kristne og jødar har sams.

Eit bilete han som enigmatisk lyrikar jamt vende attende til, var å sjå det vakre i det uperfekte. Det er i det vanlege mennesket me kan skimta det heilage. Som skriftkunnig jøde kjende han sin Torah, og han song jamvel: «I’m the little Jew who wrote the Bible».

Var han audmjuk her, eller var han tvert om høg på seg sjølv? No var Cohen ingen høg herre, knapt 170 cm, men svaret er nok at han rett og slett kjende seg heime i sin Torah, og sikkert er det at han i song etter song nytta mengder av bibelske referansar.

Les også

So long, Leonard

Leonard Cohen samlet et stort publikum under sin konsert på Moldejazz i 2009. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Ingen sundagsskulesong

«Hallelujah» er ein song som har vorte covra altfor mange gonger og vert rekna som ei sliten sviske. Det hebraiske hallelujah, eit ord som til og med ein norsk seksåring kjenner, kva tyder no det? Hallelu er eit såkalla lydmålande ord (onomatopoetikon) for å syngja, jamfør norsk lalala. Jah er Jahve, Herren. Då skjønar me at «syng for Herren» ikkje utan vidare høyrer heime i gladkristen sørlandsk sundagsskulesong.

Cohens song handlar om kong David – han som sende Uria ut til ein sikker død, fordi David sjølv hadde lyst på kona hans. David, den store helten i jødedomen, var altså ingen feilfri mann. Songen tek oss vidare i soga, til Samson og Delilah. Samsons makt og styrke sat som kjent i hårmanken hans. Delilah, kvinna som han elska, skar av han håret. Desse dramatiske kjærleikshistoriene, over to tusen år gamle, fyller Cohen ut i songen med sine eigne feil og dårlege val. Dette står verkeleg i kontrast til «lovpris Herren».

«Hallelujah»-songen syner at når mange Cohen-lyttarar «kosar seg» med hans musikk, er det likevel truleg sjeldan dei til fulle tek inn dei bibelske referansane og den jødiske symbolikken. Men dei som grip djupna i songane, vil kjenna ei oppleving som slår inn med kraft.

Sang ikkje berre om Gud og om kvinna

Cohen er kjend for å syngja om Gud og om kvinna. Båe to sentrale storleikar i Cohens liv. Det vidgjetne albumet Death of a Ladies’ Man, produsert av den myteomspunne Phil Spector, var ei plate Cohen sjølv ikkje var stolt av; han kalla plata grotesk.

Med songtitlar som «Don’t go home with your hard-on» er det ikkje rart at biletet som kvinnebedårar har festa seg. Og «the beast» var noko han song om gjennom heile karrieren. Her vil mange då tru at det handlar om Dyret, Satan, men i røynda syng han eigentleg om sin eigen libido: «the beast won’t go to sleep». På sine eldre dagar måtte sjølv Cohen innsjå det: «the wretched beast is tame».

Sigrunn Blaavarp møtte Leonard Cohan hver gang han var i Norge de siste årene han turnerte.

Var også oppteken av samtidskritikk

Det overraskar kanskje somme å høyra at Cohen ikkje berre var oppteken av kvinna, sex og gud, men òg av krig, miljø, samtidskritikk og frykt for framtida. På nittitalet, med albumet The Future, malar han fram ein skummel visjon av ei øydelagd jord: «Take the only tree that's left / Stuff it up the hole in your culture».

Han sa det òg på Skavlan, nokre år seinare, at om me menneske skal slutta å vera nærsynte og nytingssjuke, må det tvang til for at noko skal skje. Miljøspørsmålet kan ikkje overlatast til einskildmenneska. Dei som styrer, må ta tak og bestemma. Al Gore var gjest i same program. Han sa i meir typisk amerikansk-optimistisk stil at menneske har potensial til endring. Etter førti år med sokalla miljøpolitikk har lite vorte gjort. Klima og miljø er tema mange ikkje tenkjer på som typiske Cohen-emne, men dét var dei.

Ljoset hans skin framleis

Norske Marianne Ihlen og Leonard Cohen i en scene fra dokumentaren Marianne & Leonard: «Words of Love». Foto: Babis Mores / TT NYHETSBYRÅN / NTB scanpix

Me veit at Cohen ikkje mangla merksemd då han levde, og det har heller ikkje mangla merksemd etter han døydde. Av fleire grunnar hadde han ein spesiell status i vårt land. Forholdet hans til Marianne Ihlen har vorte mykje omtala og nyleg vist fram i dokumentarfilmen til Nick Broomfield. Og merksemda held fram. Den 22. november kjem eit posthumt album med songar som sonen hans, Adam, har ferdigstilt, med namnet Thanks for the Dance. Cohen snakkar framleis til oss frå «Tower of Song».

Les også

Cohens kjærlighetsbrev til norske Marianne solgt for 7,6 millioner kroner

Men forstod me han? Forstår med han? Cohen nytta bilete og tonar som han voks opp med i synagogen i Montreal. Me menneske er ikkje fullkomne: «There is a crack in everything», det er i våre feil, i sprekkane, at ljoset kan skina inn: «That’s how the light gets in». Ljoset hans skin framleis, flamma brenn. Hadde Cohen levd, ville han ha oppmoda oss om å heva glaset med kosher-raudvin og seia fram den vakraste skål-helsing i verda: for livet! L'chaim!

Sigrun Blaavarp er lektor ved Numedal vidaregåande skule, men arbeider også med et forskningsprosjekt på Universitetet i Agder om Leonard Cohens metaforikk og skrivekunst.

  1. Les også

    Leonard Cohen er død: «En av musikkens mest ærverdige og produktive visjonære er gått bort»

  2. Les også

    Kort og godt om Cohen

  3. Les også

    Cohen døde kort tid etter den norske eksen: – De døde på en måte sammen. Det er så utrolig vakkert.

  4. Les også

    Min hyllest til Leonard Cohen | Ingeborg Moræus Hanssen

  5. Les også

    Cohens plater fra 6 til 1

Les mer om

  1. Leonard Cohen
  2. Jødedom
  3. Klima og miljø
  4. Canada
  5. Debatt

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Settes fylkene i stand til å håndtere ansvaret for nasjonal relevant kultur?

  2. DEBATT

    Kort sagt, fredag 1. november

  3. DEBATT

    Jeg kjenner meg ikke igjen som noen kompis

  4. DEBATT

    Vi er i samme båt, både Hurtigruten og resten av cruisenæringen

  5. DEBATT

    Kort sagt, søndag 10. november

  6. DEBATT

    Ledere i Statkraft om ny rapport: Det internasjonale energibyrået undervurderer fornybarutviklingen