Debatt

Kort sagt, søndag 25. oktober

  • Debattredaksjonen

Vi samler opp avisens kortinnlegg i spalten «Kort sagt». Her er dagens innlegg. Foto: FOTO: Ketil Blom Haugstulen / Ellen Eriksen

Vindkraft og miljøhensyn. Dette er dagens kortinnlegg.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Miljøomsyn får meir vekt i vindkraftsaker

Vindkraft gir fornybar energi, men kan også gje store inngrep i naturen. Klima- og miljødepartementet og Fylkesmannens miljøvernavdeling er sjølvsagt involvert i handsaminga av vindkraftsaker, og i den nye vindkraftmeldinga har miljøomsyn fått større vekt. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har også tett dialog med Miljødirektoratet når det gjeld kunnskapsgrunnlaget.

Silje Ask Lundberg og Hanna Nyborg Støstad frå Naturvernforbundet hevdar at miljøstyresmaktene ikkje har noko makt i vindkraftsaker. Det er feil. Miljøstyresmaktene følgjer opp miljøverknadene av vindkraftprosjekt, og dei andre departementa blir involvert i Olje- og energidepartementets avgjerder om klage på konsesjon.

Sektorprinsippet for departementa har vore gjeldande i norsk forvaltning sidan 1990-talet. Klima- og miljødepartementet har eit overordna ansvar for å samordne regjeringas klima- og miljøpolitikk. Det skal utvikle og gjennomføre eigne tiltak og vere pådrivar overfor ulike sektormyndigheiter.

Ei rekke saker frå andre departement påverkar også miljøet og blir handtert av ansvarleg sektordepartement i lag med Klima- og miljødepartementet. Det gjeld til dømes Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Olje- og energidepartementet, Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Det kan ikkje vere slik at Klima- og miljødepartementet skal ha sektoransvaret for alle saker som har med miljø å gjere. Omsynet til miljøet vårt er nemleg ikkje eit særansvar for ein sektor eller eitt departement. Det er eit grunnleggjande omsyn som må innarbeidast i alt arbeid regjeringa gjer. Det er mitt ansvar som klima- og miljøminister å sjå til at det skjer.

Vindkraftmeldinga viser at regjeringa tek miljø på alvor. Miljøomsyn skal få større vekt i vindkraftsaker. Vi skal mellom anna sette større krav til miljøutgreiingar, stille tydelegare vilkår, og det skal vere færre endringar undervegs i prosjekta. Vi har også føreslått i meldinga at Fylkesmannen skal få ei meir formell rolle når det gjeld konsekvensutgreiingar.

Verdifull natur og kulturmiljø skal ikkje gå tapt. Det er ingen tvil om at vi må bygge ned mindre norsk natur. Det er ut frå dette omsynet at ei rekke område i Noreg ikkje vil vere eigna for utbygging av vindkraft.

Sveinung Rotevatn, klima- og miljøminister (V)

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Kort sagt
  2. Vindkraft

Kort sagt

  1. DEBATT

    Kort sagt, fredag 20. november

  2. DEBATT

    Kort sagt, onsdag 18. november

  3. DEBATT

    Kort sagt, tirsdag 17. november

  4. DEBATT

    Kort sagt, mandag 16. november

  5. DEBATT

    Kort sagt, fredag 13. november

  6. DEBATT

    Kort sagt, torsdag 12. november