Debatt

Tvilsam og vulgær framferd. Me må opne augo for seksuell trakassering i folkemusikken og folkedansen.

  • Flere forfattere

Flere titall stiller seg bak dette innlegget. Noen av dem som signerer, fra venstre: Vegar Vårdal, Berit Opheim, Tuva Syvertsen, Margit Myhr, Knut Aastad Bråten, Benedicte Maurseth og John Ole Morken. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard/Erlend Aas/Eivind Kaasin/Terje Bendiksby/NTB

Tida er overmogen.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Se nederst i saken for navn på innleggsforfatterne.

«Enn så lenge ser det ut til at i bokbransjen skal det vere trygt å trakassere. Dei utsette er ingen sitt ansvar.» Forfattar Agnes Ravatns søndagskommentar i Aftenposten er diverre altfor attkjenneleg. Også for mange i folkemusikk- og folkedansmiljøet.

For nokon av oss er det eit sjokk at seksuelle overgrep og trakassering skjer i utstrekt grad i vårt eige miljø. Mange har likevel opplevd ulike grader av trakassering, som i sum utgjer eit mønster. Eit mønster som me må opne augo for, ein tradisjon me for lenge sidan skulle ha avliva.

Men ingen av oss har korkje sett eller høyrt om at nokon varslar. No er tida overmogen for det. Med denne teksten samlar me oss om dette eine: Å gjere folkemusikk- og folkedansmiljøet til ein trygg arena der alle skal kunne delta like fritt – utan atterhald.

Skakande historier kjem fram

Me er eit lite miljø med frivillige lag, utøvarar, utdanningsinstitusjonar og arbeidsplassar. Det er bygt på sosiale situasjonar kor ulike generasjonar møtest, ofte inkludert alkohol. Og kor kroppskontakt i dansen er ein naturleg del av det sosiale samværet. Det er også eit miljø med ein sentral opplæringstradisjon.

Me opplever det i det store og heile som eit godt miljø. Det er sterke sosiale band, folk møtest i felles kjærleik til og interesse for folkemusikken- og folkedansen. Men i delar av miljøet er ein mannstung og patriarkalsk tanke- og veremåte framleis dominerande.

Tvilsam og vulgær framferd og verbale utsegn vert gjerne omtalt og bortforklart med latter og humor. Me finn ei dyrking av enkeltpersonar og gjev dei løyve til å oppføra seg annleis enn andre.

I dei seinare åra har det kome fram ei rekke skakande historier om kvinner som har vore utsett for valdtekt eller forsøk på valdtekt. Som utan varsel har røynt svært støytande og ubehagelege tilnærmingar og opplevingar. Somme har også vore utsett for verbal trakassering, vald og andre audmjukande opplevingar.

Mange av dei som har utført desse handlingane, har ulike roller. Nokre har posisjonar og makt som gjer terskelen for å melde frå særleg høg. Kven vil då varsle og «øydelegge» eit elles så fint miljø med å dra ned omdømet til enkeltpersonar? Dessutan er miljøet så lite, at ein vil kanskje treffe att vedkomande det gjeld i årevis vidare, på kappleikar og festivalar.

Ein kjenner også til at menn har vore utsett for trakassering av kvinner, men i langt mindre omfang. Her kan mørketala vera store og bør undersøkjast.

Me treng sterkare tiltak

I likskap med forfattarane er også fåtalet av folkemusikarane og folkedansarane del av eit felles system kor ein naturleg kan varsle og sanksjonera. Me har sjeldan eit verneombod eller ein tillitsvald å vende oss til. Og kva skal vere sanksjonane?

I samband med #metoo-rørsla i 2017 sende Folkorg ut retningslinjer ved seksuell trakassering og overgrep. Me treng sterkare tiltak. Eit profesjonelt apparat som kartlegg omfanget, og legg til rettes eit lågterskeltilbod for varsling som kan ta i vare både dei som vert utsette for trakassering og overgrep, og dei som utfører det.

Me ber innstendig Norsk senter for folkemusikk og folkedans, med si overordna organisatoriske rolle ovanfor folkemusikkfeltet, om å sette i gang strakstiltak. Me treng ein strategi på vegner av Folkorg, Noregs Ungdomslag og andre folkemusikkorganisasjonar. Gjerne i samråd med Creo.

Me treng at miljøet vedkjenner seg at det skjer, og grip inn. Me treng eit djupdykk i dette og tiltak for å sikra den framtida me ynskjer for komande generasjonar i folkemusikken og folkedansen. Berre slik kan me både avdekke ukultur, og vite i kva omfang og i kva fora det skjer. Ikkje minst kan me medvitsgjera og ansvarleggjera heile miljøet.

Dei som signerer kronikken, har ikkje nødvendigvis vore utsett for direkte eller alvorlege #metoo-opplevingar sjølve. Men dei stør dei som har det:

Anja Savic Røed, Annbjørg Lien, Annlaug Børsheim, Anne Svånaug Blengsdalen, Anne Hytta, Arne Anderdal, Benedicte Maurseth, Berit Opheim, Bjørn Sigurd Glorvigen, Britt-Pernille Frøholm, Erlend Apneseth, Guro Kvifte Nesheim, Hans Hulbækmo, Hans Kjorstad, Helga Myhr, Helga Møller Berg, Hilde Bjørkum, Henrik Nordtun Gjertsen, Håkon Asheim, Ingrid Lingaas Fossum, Irene Tillung, Jo Einar Jansen, Johanna-Adele Jüssi, John Ole Morken, Jorun Marie R. Kvernberg, Kari Finne Sognnæs, Karin Brandsbol, Kjell Bitustøyl, Knut Aastad Bråten, Lajla R. Buer Storli, Laura Ellestad, Lisa Haugland, Magni Rosvold, Marianne Tomasgård, Margit Myhr, Mari Midtli, Mathilde Øverland, Mette Vårdal, Mikael Hedne, Nina Fjeldet, Ole Aastad Bråten, Ragnhild Furebotten, Rannveig Djønne, Rasmus Kjorstad, Sara Fjågesund Aase, Selma French Bolstad, Silje Hålien, Silje Risdal Liahagen, Steinar Rygg, Torill Aasegg, Tove P. Hagen, Tove Solheim, Tuva Færden, Tuva Syvertsen, Unni Boksasp, Vegar Vårdal, Åsmund Fauske Jøtun, Gabriel Fiflet

  • Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter
  1. Les også

    Bokbransjen har ikke glemt #metoo. Nå skal seksuell trakassering på agendaen igjen.

  2. Les også

    Hvorfor er #metoo-dekningen annerledes i Danmark?

Les mer om

  1. #metoo
  2. Seksuell trakassering
  3. Folkemusikk
  4. Metoo
  5. Overgrep

#metoo

  1. KRONIKK

    Forskjellen på norske og danske mediers #metoo-dekning er enorm. Hvorfor?

  2. KOMMENTAR

    Seksuell trakassering i bokbransjen: No kan ein berre halde på, utan sanksjonar

  3. DEBATT

    Utelivsbransjen hoppet bukk over #metoo: – Reagerer ingen internt?

  4. DEBATT

    Arbeiderpartiet skal være ledende på likestilling, men er det slik?

  5. NORGE

    Bok om LO beskriver trakassering, fyll og sexkjøp