Debatt

Ei likeverdig replikkveksling | Ingvild Bryn

  • Ingvild Bryn
    journalist, NRK
Eg tek avstand frå påstanden i debattinnlegget om at den unge debattanten vart utsett for «moralisende og latterliggjørende håndtering.», skriver Ingvild Bryn i dette innlegget.

NRKs Ingvild Bryn svarer på kritikken fra Malcolm Langford og Eirinn Larsen.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.
Les også

Dette er innlegget Bryn svarer på: Klimastreikende ungdom behandles som de første kvinnesaksforkjemperne

Malcolm Langford og Eirinn Larsen har rett i at 13-åringen Agnes Lægreid på Dagsrevyen fekk vist kor modne, godt informerte og spissa dei unge er i dag. På bakgrunn av samtalen vi hadde før sending, visste eg at Agnes Lægreid ville svare konkret og presist.

Langford og Larsen tek feil når dei påstår at intervjuet ikkje handla om kva ungdom vil endre i klimapolitikken. Lægreid stod saman med Ola Elvestuen og fekk følgjande oppmoding:

«No har du klimaministeren her, kva vil du seie til han?» Deretter vart det ei likeverdig replikkveksling mellom dei to.

Spørsmålet om kor mykje dei unge er villige til å ofre for klimasaka, står eg inne for. Eg tek avstand frå påstanden i debattinnlegget om at den unge debattanten vart utsett for «moralisende og latterliggjørende håndtering.»