Ville Quisling latt seg påverka? | Gunnar Skirbekk

  • Gunnar Skirbekk
Vidkun Quisling i Oslo forhørsrett under landssviksaken mot ham i mai 1945.

Ein kristen SS-mann. Ville det ha påverka prestesonen Vidkun Quisling? Kunne det ha gjort eit utslag, for norske jødar?

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Carl Emil Vogt har gjort interessante funn som viser at Vidkun Quisling fekk informasjon om Nazi-Tysklands jødeutrydding i forkant av deportasjonen av norske jødar 26. november 1942 (Aftenposten 12. november, kronikk og nyhetssak).
Så er spørsmålet, som Vogt reiser: «… i hvilken grad trodde han det han leste?» Og som svar seier Vogt at «det samlede inntrykket fra artiklene» ikkje var «til å ta feil av»: «Quisling må ha tatt informasjonen om massakrene til seg».

Eit rimeleg svar. Gitt at Quisling var ein normal person, i ein normal situasjon. Var han det?

Gunnar Skirbekk er professor emeritus i filosofi ved Universitetet i Bergen.

Då Expressen 29. april 1945 publiserte fotografi frå Buchenwald, nekta den verdskjende svenske vitskapsmannen (og Hitler-vennen) Sven Hedin å sjå på fotografia: «Man bör vara mycket skeptisk mot sådana bilder. Man vet inte vad som är sant og vad som är konst.»

Ved same høve sa den svenske generalmajor Hjalmar Falk følgjande: «Nej, jag vill inte se dessa bilder. Jag tror i alla fall inte på dem. Det finns så många sätt att förfalska sådana saker. Och för övrigt har ju det engelska propagandaministeriet redan vidgått dessa saker.» (Sitat frå Peter Ohlins artikkel «Bergman’s Nazi Past», Scandinavian Studies 4/2009, s. 450.)

Var Quisling mindre forstokka?

Kanskje er det sant at Quisling tok informasjonen til seg. Kanskje var han, hausten 1942, mindre forstokka enn desse to representantane for den svenske samfunnseliten, fredsvåren 1945. Eller kanskje ikkje?

Spørsmålet aktualiserer ei anna sak: I august 1942 besøkte den kristne SS-mannen og kjemikaren Kurt Gerstein dei industrialiserte dødsleirane i Polen. Som kristen vart han djupt sjokkert over det han var vitne til.

På nattoget frå Warszawa til Berlin møtte han den svenske diplomaten Göran von Otter og fortalde det heile til han. Som fagmann, som kjemikar, kunne Gerstein bevitne at tusenvis var myrda kvar dag. Det hasta. Informasjonen måtte ut. Han bad von Otter om å bringe denne informasjonen vidare til det svenske Utrikesdepartementet.

Kva som seinare hende, er uvisst. Det kom aldri noko frå Utrikesdepartementet om saka. Det finst heller ikkje dokumentasjon om saka i departementets arkiv

Og Kurt Gerstein? Han la saka fram for den tyske kyrkjeleiaren og motstandsmannen Otto Dibelius. For øvrig tok han sitt eige liv, som krigsfange i alliert varetekt. (Kjelde: boka Mein lieber Reichskanzler! av Staffan Thorsell, Bonnier 2006. Boktittelen er tatt frå eit handskrive brevutkast frå oktober 1941, forfatta av svenskekongen og stila til Adolf Hitler.)

Prestesonen Quisling

Så er spørsmålet: Dersom det faktisk skulle vere slik at Quisling hausten 1942 psykologisk sett var i stand til å avvise den informasjonen han fekk om den pågåande jødeutryddinga i regi av Nazi-Tyskland, korleis ville det ha vori om han, prestesonen Quisling, hadde fått dei nemnde sjokk-meldingane frå ein kristen, frå ein kristen SS-mann, som hadde sett det heile, som kjemikar og fagmann, og som var djupt sjokkert?

Ville det ha gjort ein forskjell? Ein kristen SS-mann. Ville det ha påverka prestesonen Vidkun Quisling? Kunne det ha gjort eit utslag, for norske jødar?

Det får vi aldri vite. Men dette opnar på nytt eit smerteleg spørsmål: Kva skjedde med den meldinga som den svenske diplomaten Göran von Otter så innstendig vart beden om å formidle til Utrikesdepartementet, for at departementet skulle bringe det vidare?

Parolen i Sverige, då verdskrigen rasa, var denne: «en svensk tiger». Ordet «tiger» er her eit verb.

Les også:

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.