Debatt

Om det er kjøtt, grønsaker eller korn: Norske bønder må produsere det forbrukeren vil ha | Reidar Almås

  • Reidar Almås
    seniorforsker, Ruralis, Institutt for rural- og regionalforsking.

Kyr på beite på Jæren i Rogaland. Sindre Ellingsen/NTB scanpix

Mennesket er kjøttetar.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

«At jeg er kokebokforfatter, er tydeligvis noe Almås ikke synes gir særlig tyngde eller rett til å uttale seg om klimasaken», hevdar Hanne-Lene Dahlgren i Aftenposten 17. juli.

Det var ikkje mitt poeng. Ein kokebokforfattar har sin agenda: Å selje kokebøker.

Eg har ikkje googla henne, så derfor har eg ikkje funne ut at ho har jobba «som analytikar med statistikk og analyse i 10 år, blant anna i Google». Ein som har jobba i Google veit sikkert at eg er bygdesosiolog, landbrukshistorikar og forfattar av boka Klimasmart landbruk (2018). I denne boka finn ein dei fleste av mine kjelder til debatten om klima og landbruk.

Les også

Innlegget som startet debatten: Eit godt måltid med raudt kjøtt, norske poteter og grønsaker er eit klimavenleg og berekraftig måltid

Norsk landbruksmodell

Min agenda er å fremje ein balansert, klimatilpassa og berekraftig norsk landbruksmodell, og da må ein ikkje grave seg ned i tunnelar, men skaffe seg oversikt, både historisk og tverrfagleg. Eg har hatt stor glede av å arbeide fleirfagleg i så godt som heile min karriere, ikkje minst i dei åra på 1990-talet eg var med i Statens Ernæringsråd, noverande Nasjonalt råd for ernæring.

Dahlgren hevdar at det er «konsensus i anerkjente forskningsmiljøer om at kjøtt frå drøvtyggere ikkje er berekraftig». Her må vi skilje mellom norsk og internasjonal produksjon av storfekjøtt. Dahlgren viser til ein større global metaanalyse, Annual Review of Environment and Resources, som viser at «dyrehald står for rundt 10–15 prosent av den totale menneskeskapte globale oppvarmingen».

I Norge har Miljødirektoratet slått fast at utslepp frå alle husdyr og gjødsel frå desse husdyra står for under halvparten, eller 3,2 prosent, av klimagassutsleppa på i alt 8,4 prosent frå eit samla landbruk.

Vi kan raskt bli einige om at kraftforbasert produksjon på sau og storfe med tanke på eksport over store avstandar korkje er berekraftig eller klimavenleg. Slik import til Norge skjer i dag i liten grad på grunn av det norske tollvernet, men kan bli trappa kraftig opp dersom Norge inngår ein handelsavtale med Mercosur-gruppa som liknar den EU nettopp har inngått.

Les også

Kjøttparadokset: Vi liker kjøtt - men vil helst ikke tenke på dyret det en gang var

Dyrkajord til grasproduksjon

I ein rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi, det mest anerkjente norske fagmiljøet når det gjeld klima og landbruk, er konklusjonen:

«Kjøtt frå storfe og sau gir langt større utslipp av klimagasser enn kjøtt frå svin og fjørfe. En endring av kjøttproduksjonen kan derfor gi betydelig reduserte klimagassutslipp frå jordbruket. Det kan ikkje påvises med sikkerhet at utslippene er lavere i andre europeiske land. Dersom redusert produksjon av kjøtt frå storfe og sau i Norge skal føre til en reduksjon av klimagasser frå matproduksjonen globalt, må den følges opp med en tilsvarende endring i kostholdet, og ikkje med økt import.»

Her er vi ved sakas kjerne: Korn gir det viktigaste bidraget til norsk sjølvforsyning både gjennom dyre- og menneskemagen, men to tredjedelar av den norske dyrkajorda eignar seg berre til grasproduksjon.

Skal denne nasjonale ressursen utnyttast til å produsere mat og til å binde karbon, der jord i god hevd er minst like effektiv som skog, må vi halde grasetande husdyr.

Mennesket er kjøttetar, det har mellom anna bidratt til vår store hjerne. Dessutan trivst nordmenn best i opne landskap. Mens bonden må produsere det forbrukaren vil ha, om det er biff, grønsaker eller korn.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meiningar på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Kjøtt
  2. Landbruk
  3. Bærekraft
  4. Utslipp

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Å kutte ut kjøtt fra norske husdyr løser ikke klimaproblemet

  2. DEBATT

    Klimahensyn er ikke en god grunn til å velge bort norsk, rødt kjøtt

  3. DEBATT

    CO2-avgift på kjøtt er ikke bærekraftig

  4. NORGE

    Slik skal landbruket bli miljøvennlig

  5. KOMMENTAR

    EAT-dietten er ikke bærekraftig – i Norge

  6. DEBATT

    Vegansektene går inn i matfeltet med tunnelsyn