Debatt

Eg er også bekymra, Listhaug. Eg er bekymra for barn på flukt. | Espen Breivik

  • Leder Av Røde Kors Ungdom
  • Espen Breivik
SJB_4880-KJj9YhC4s9.jpg

I dag snakkar vi om flyktningar, i morgon er dette våre naboar, kollegaer, og dine barns leikekameratar.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I Aftenposten 8.januar uttrykkjer innvandring— og integreringsminister Sylvi Listhaug ei bekymring for sine eigne barn på grunn av dagens flyktningsituasjon. Eg er også bekymra, Listhaug. Eg er bekymra for asylbarna.

  • Her kan du lese hele intervjuet med Sylvi Listhaug:- Det er klart jeg er bekymret for mine egne barns fremtid
    I det dei fleste av oss er gode og mette på julemat, legg regjeringa fram 40 forslag for å stramme inn den norske asyl- og innvandringspolitikken. Europas strengaste, vert det sagt.
Espen Breivik

Eit av tiltaka er å auke bruken av midlertidig opphald for einslege mindreårige asylsøkjarar. Dette rammar nokon av dei mest sårbare av dei alle, barn som aleine søkjer om beskyttelse i Noreg. Som land er vi forplikta å beskytte barn gjennom barnekonvensjonen. Men sikrar vi barna sitt beste når ein risikerer å verte kasta ut av landet som 18-årsgave frå norske myndigheiter?

Psykisk ødeleggende å leve i usikkerhet

Å leve i usikkerheit for eiga framtid øydelegg unge menneske psykisk. Dette erfarer Røde Kors Ungdom når vi møter unge asylsøkjarar i våre sosiale aktivitetar på mottak. Det er også kjent at mange forsvinn frå asylmottaka når dei fyller 18 år av frykt for å bli sendt tilbake til det dei ein gong flykta i frå. Det er disse barna eg er bekymra for, Listhaug.

Dei unge gutane og jentene vi møter i aktivitet er fulle av framtidshåp, nysgjerrighet, eit ynskje om å ta del i eit nytt samfunn, men også frykt og usikkerheit. Usikkerheita aukar og trua på framtida minkar desto lengre ein må leve i midlertidighet. «Eg er ikkje eit menneske om eg berre må sitte her og vente» fekk eg ein gong høyre av ein ung afghanar.

Dette er våre barn, Listhaug. Barn på flukt er barn vi skal vere bekymra for

Barn med midlertidig opphald kan miste livsglede og motivasjon til å gå på skule og lære seg norsk. Våre frivillige møter unge asylsøkjarar som uttrykkjer ei stor bekymring for framtida og ei makteslausheit det kan vere vanskeleg å førestille seg. Det å leve i usikkerheit og midlertidigheit kan i seg sjølv vere traumatiserande.

Listhaugs roller står i konflikt til kvarandre

Som innvandring— og integreringsminister står Listhaug i fare for å ha to roller som står i konflikt til kvarandre. På den eine sida ynskjer ho å stramme inn og avskrekke flyktningar frå å kome til Noreg. Dette betyr tøffare kår for unge asylsøkjarar. På den andre sida har statsråden ansvar for norsk integreringspolitikk. Ho har ansvar for at vi saman ynskjer menneskjer på flukt velkommen til Noreg.

Når Listhaug utrykkjer ei frykt for at flyktningane trugar velferdsstaten, norske verdiar, ytringsfridom og hennar eigne barn, kan eg ikkje annan enn å fortelje ho; dette er våre barn, Listhaug. Barn på flukt er barn vi skal vere bekymra for. Barna som kjem hit for å finne tryggheit, som har vert gjennom ei farefull flukt og som ynskjer å starte nye, trygge liv saman med deg og meg her i Noreg.

Derfor ber eg deg; ikkje la innstrammingar ramme dei mest sårbare. I dag snakkar vi om flyktningar, i morgon er dette våre naboar, kollegaer, og dine barns leikekameratar. Eg er også bekymra, Listhaug, for at vi som samfunn ikkje klarer å ta vare på barn på flukt.

Få med deg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Populære innlegg i flykningdebatten:

Per Fugelli skriver:

Les også

  1. Er det Listhaugs splittende menneskesyn og manglende samfunnshåp vi vil bygge Norge videre med?

  2. Passkontrollører ved Øresund er tegn på sammenbrudd for europeisk migrasjonssamarbeid , skriver Jan-Paul Brekke

  3. Fire myter om flyktningstrømmen. Kronikk av Andreas Skulstad 

Per Edgar Kokkvold:

Les også

Vi må gjøre det klart at vi aldri vil akseptere fremtidige muslimske ghettoer der Allahs hooligans herjer

Ragnhild Holmås:

Les også

Ordene vi bruker om mennesker på flukt kan bety forskjellen på om vi hjelper dem, ignorerer dem eller setter fyr på mottakene deres

Les mer om

  1. Debatt
  2. Flyktninger
  3. Asylbarn
  4. Røde Kors
  5. Migrantkrisen i Europa
  6. Sylvi Listhaug