Debatt

Kort sagt, onsdag 20. januar

  • Debattredaksjonen

Vi samler opp avisens kortinnlegg i spalten «Kort sagt». Her er dagens innlegg. Foto: FOTO: Ketil Blom Haugstulen / Ellen Eriksen

Gaming. Her er dagens kortinnlegg.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Har psykologien fasiten om gaming?

Kor mykje bør barn spele? Spørsmålet stillast i ein reportasje i Aftenposten, der psykologar får kome med fasiten. Men når det gjeld dataspel, veit truleg foreldre best.

Når psykologar uttalar seg om dette temaet, handlar det ofte om barna sin «funksjon». Psykolog Beate W. Hygen seier at den viktigaste målestokken for bekymring er «om spilling får så negative effekter at barnet får vansker og strever». Psykolog Gaute Godager meiner at «tidsbruk i seg selv gir ikke grunnlag nok for bekymring». Det avgjerande er «om det er funksjonsfall».

Eg meiner tidsbruk er vesentleg. Noko av det viktigaste foreldre gjer, er å hjelpe barna til å bruke tid på meiningsfulle aktivitetar. Tenkjer vi at dataspel er viktig for eit godt liv, lar vi barna spele. Tenkjer vi at musikk eller bøker har verdi, oppfordrar vi barna våre til å bruke tid på det.

Målestokken min er altså ikkje «funksjon», men normative tankar om det gode liv. Så, lurer du på om poden gamer for mykje? Ikkje spør ekspertane, men deg sjølv: Vil ein annan aktivitet gjere at barnet får meir glede av livet?

Odin Fauskevåg, Institutt for pedagogikk og livslang læring, NTNU


  • Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Kort sagt
  2. Gaming

Kort sagt

  1. DEBATT
    Publisert:

    Kort sagt, tirsdag 2. mars

  2. DEBATT
    Publisert:

    Kort sagt, lørdag 27. februar

  3. DEBATT
    Publisert:

    Kort sagt, fredag 26. februar

  4. DEBATT
    Publisert:

    Kort sagt, onsdag 24. februar

  5. DEBATT
    Publisert:

    Kort sagt, torsdag 25. februar

  6. DEBATT
    Publisert:

    Kort sagt, tirsdag 23. februar