Debatt

Kjære Robert Steen. Velkomen til den verkelege verda. Velkomen til Sogn og Fjordane. | Alfred Bjørlo

  • Alfred Bjørlo, ordfører (V) i Eid i Sogn og Fjordane

Det finst ei verd utanfor Oslo. Det finst ei verd til og med i Sogn og Fjordane, skriv Alfred Bjørlo. Foto: Terje Pedersen/Erik Johsen/Ørn E. Borgen/ Stein Bjørge/ Trond Hansen / NTB Scanpix /Aftenposten

Du anar ikkje kva du snakkar om.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Foto: /Berit Roald/Vidar Ruud/ NTB scanpix

Foto: Pedersen, Terje / Roald, Berit/ NTB scanpix

Kjære Robert Steen.

Finansbyråd for Arbeiderpartiet i Oslo. Master of Business Administration frå Handelshøyskolen BI. Med røynsle frå å selje rubrikkannonser i Aftenposten før du gjorde karriere i Oslo Ap.

Du som presterte å seie følgande på NRK Radio torsdag:

«Årsaken til at vi har en del offentlige arbeidsplasser i Oslo, handler om at Oslo er et kompetanse-sentrum. Der vi i Oslo kan trekke på akademia og privat næringsliv i stor utstrekning, er dette vanskeligere i en del andre deler av landet, som for eksempel Sogn og Fjordane».

Kjære Robert Steen:

Velkomen til Eid.

Velkomen til Nordfjord.

Velkomen til Sogn og Fjordane.

Velkomen til den verkelege verda.

Tenk på dette neste gong

Neste gong du køyrer gjennom Bjørvika-tunnelen - tenk på at alle dei avanserte styrings-systema der (og i andre vegtunnelar i Oslo) er laga av ei bedrift på Nordfjordeid som har ypperste kompetanse i Noreg på sitt teknologiske område.

Neste gong du ser ned på Barcode - tenk på at dei enorme vindusflatene der stort sett er laga av ei bedrift i Vågsøy i Nordfjord som lagar dei mest avanserte vindauga i landet.

Vinduene i Barcode i Oslo er laget i Vågsøy. Foto: Stein Bjørge

Neste gong du kikkar ned på mobiltelefonen din for å få levert neste talepunkt frå LO, tenk på at skjermen er laga med silisium av verdas ypperste kvalitet frå Elkem i Bremanger.

Neste gong du kjøper klede frå Skogstad, Ricco Vero eller handlar kjøtprodukt frå Nordfjord Kjøt - tenk på at det finst nokon i Stryn som har klekt ut ideane, bygd opp kompetansen og skapt store merkevarer.

  • Hør Trine Eilertsen og resten av Aftenpodden diskutere kampen mellom Oslo og resten av Norge her.

Nordfjord Kjøt har base i Sogn og Fjordane. Foto: Trond Hansen

Neste gong du besøker ein eldre-institusjon i byen din som du har ansvar for, tenk på at dei avanserte baderoms-løysingane er designa, produsert og levert av ei bedrift på Sandane - leiande internasjonalt på sitt felt.

Og då har eg ikkje ein gong nemnt fisken. Ikkje den fornybare energien. Ikkje dei avanserte fartøya som no blir levert frå Brødrene Aa og Havyard, som syner veg internasjonalt inn i det grøne skiftet.

Kongeparet på besøk i Havyard i Hyllestad. Foto: Erlend Aas/NTB Scanpix

Eller Europas største og grønaste datasenter - som gründerar i Måløy har fått fram og no blir realisert i Nordfjord med internasjonale IT-gigantar på laget.

Næringslivet går som det grin

Kjære Robert Steen: Du anar ikkje kva du snakkar om.

Torsdag kveld var eg i vårt eige operahus på Nordfjordeid og såg 128 ungdomsskuleelevar bløme på scena to timar, i ein sjølvskreven musikal med eit nivå som du ikkje vil tru er mulig av heilt vanlege 13-, 14- og 15-åringar.

Kjære Robert Steen: Du anar ikkje kva du snakkar om, skriv Alfred Bjørlo. Foto: Ole Gunnar Onsøien, O / NTB scanpix

Fordi vi har kompetanse på kultur. På sceneproduksjon. På kvalitet i skulen. På samarbeid utanom det vanlege mellom vidaregåande skule, ungdomsskule og kulturskule.

Eg veit ikkje om det er av interesse for deg, men 8 av 20 av dei beste skule-kommunane i Noreg er frå Sogn og Fjordane.

Les også

Distriktene stemmer frem opprøret. Nå varsler storbyene at de vil slå tilbake.

Herunder Eid. Mellom anna på grunn av eit tett samspel mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet) og kommunane i fylket - som sikrar høgare kvalitet på utdanning og lærarar her enn dei fleste andre stader.

Fosshaugane Campus, en del av Høgskulen på Vestlandet. Foto: Ørn E. Borgen / Aftenposten

Vi ligg på topp i Noreg på gjennomføring av 12-årig skuleløp og har eit ungdomsmiljø som er mangfaldig, fritt og godt. Vi har eit næringsliv som går som det grin og treng fleire folk.

Der Oslo har 46.000 statstilsette, har Sogn og Fjordane 2.000

Men vi er ikkje så heldige som Oslo at vi renn over av statlege kompetanse-arbeidsplassar. Der Oslo har 46.000 statstilsette, har Sogn og Fjordane 2.000 og Eid 62.

Det er 75 statstilsette pr 1000 innbyggjarar i Oslo, 19 i Sogn og Fjordane og usle 10 pr 1000 innbyggjarar i Eid.

Les også

Leikanger skulle få én arbeidsplass fra Oslo - så tok den en annen vei

60 eller 100 er enorm skilnad for Eid

Eg forstår godt at du er uroleg for dei som kan stå i fare for å misse jobben. Eg har respekt for det.

Men prøv å skjerpe deg ørlite grann.

Det finst ei verd utanfor Oslo. Det finst ei verd til og med i Sogn og Fjordane.

Med blømande lokalsamfunn. Med kompetanse. Med privat næringsliv. Med akademia. Men som har måtta sjå på i år etter år at statlege kompetansearbeidsplassar blir bygd ned og forsvinn. Til Oslo. I tusental.

Hydros fabrikker i Årdal kommune i Sogn og Fjordane. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Eg trur Oslo vil vere ein utmerka by å bu i uansett om det er 45.000 eller 46.000 statlege arbeidsplassar der.

Men det kan betyr ein enorm skilnad for Eid om her er 60 eller 100.

Kjære Robert Steen, byråd for Ap i Oslo: Til sommaren arrangerer vi ein av Noregs største Rockefestivalar på Eid: Malakoff Rockfestival.

Vi klarar det vi vil. Du er herved invitert.

***


Teksten ble først publisert på Alfred Bjørlos Facebook-side.

Her er noe av dialogen som fulgte i kommentarfeltet:


Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les også

Her kan du lese intervju med Bjørlo og Steen: – Det er ufattelig provoserende


Lese videre? Vi anbefaler:

  1. Les også

    Regjeringen flytter hundrevis av statlige arbeidsplasser ut av Oslo

  2. Les også

    Problemer i distriktene, sa du? Her er utfordringene størst (for abonnenter)

  3. Les også

    Leikanger skulle få én arbeidsplass fra Oslo - så tok den en annen vei

  4. Les også

    Distriktene stemmer frem opprøret. Nå varsler storbyene at de vil slå tilbake.

  5. Les også

    LO mot flytting av statlige arbeidsplasser fra Oslo: – Det går ikke an å behandle folk sånn

Les mer om

  1. Distriktsopprøret?
  2. Sogn og Fjordane
  3. Robert Steen
  4. Næringsliv
  5. Arbeidsmarkedet
  6. Distriktspolitikk
  7. Eid

Distriktsopprøret?

  1. POLITIKK

    Opprøret mot globalisering brukes til å forklare Trump-valget og Brexit. Men vil det påvirke norske velgere?

  2. POLITIKK

    Hver tredje nordmann mener innvandring truer norsk kultur

  3. POLITIKK

    Skal flere hundre statlige arbeidsplasser flyttes fra Oslo til distriktene? Denne opptellingen viser at det foreløpig dreier seg om 96.

  4. SID

    Oslo-makta, her er ei helsing frå det fjerne land. Ikkje gjer oss meir fjerne.

  5. DEBATT

    Det er brutalt å kreve raushet av folk som mister jobben etter et stortingsvedtak

  6. DEBATT

    Nordmenn ønsker selv å sentralisere makten til Oslo.