Russaranes kollektive skuld
Å fråskriva russarane kollektiv skuld kan hindra dei i ta eit oppgjer med nasjonalisme og krigsbrotverk etter krigen slik tyskarane gjorde.
«Russerne er ikke kollektivt skyldige i Putins krig», er overskrifta over eit innlegg av sju norske Russland-ekspertar i Aftenposten 6. mars. Ja, det er klart Putin er den hovudansvarlege. Men han hentar dessverre legitimitet for invasjonen av Ukraina i ein utbreidd russisk nasjonalisme.
Eit klart fleirtal av russarane støtta invasjonen - 58 prosent ifølgje ei uavhengig meiningsmåling offentleggjort 8. mars (berre 23 prosent av dei spurte var mot), og Putin er like «demokratisk» vald som Hitler var.
I så måte er dagens russarar like kollektivt ansvarlege for Putins invasjonar som den tidas tyskarar var for Hitlers invasjonar før og under andre verdskrigen.
Å fråskriva russarane kollektiv skuld kan hindra dei i ta eit oppgjer med nasjonalisme og krigsbrotverk etter krigen slik tyskarane gjorde. Og utan det blir Russland truleg verande eit trugsmål mot omverda.
«Eit vestleg antirussisk prosjekt»
Grunnproblemet er at russarane ikkje har klart å finna ein nasjonal identitet tilpassa nye realitetar etter Sovjetunionens samanbrot og opprettinga av Russland, Ukraina og Hviterussland som sjølvstendige statar i 1991.
I staden har ein revansjistisk russisk stormaktsnasjonalisme fått stadig sterkare fotfeste i Russland (sjå mellom anna Plokhy 2017 og Kuzio 2022).
Putin har både fornekta eksistensen av Ukraina og stempla det som vestleg antirussisk prosjekt.
I staden hevdar han at Russland, Ukraina og Hviterussland saman utgjer ein allrussisk nasjon og er kjerneområdet i det han kallar Den russiske verda. Det vil seia alle etniske og språklege russarar i det tidlegare Sovjetunionen.
Denne diskursen munna først ut i okkupasjonen av Krim-halvøya og intervensjonen i Aust-Ukraina i 2014 og deretter 24. februar i år i invasjonen av heile Ukraina.
Klare fleirtal i val
Det store fleirtalet av russarar har støtta Putin og hans stormaktsnasjonalisme.
Putin har oppnådd så klare fleirtal i val at det ikkje berre kan skuldast manipulasjon (53 prosent i 2000, 72 prosent i 2004, 64 prosent i 2012, og 77 prosent i 2018).
Ifølgje Levada-senterets meiningsmålingar har eit stabilt fleirtal på 82-84 prosent av spurte russarar sidan 2014 støtta okkupasjonen av Krim.
I 2014–2015, på høgda av den russisk-ukrainske krigen, støtta i snitt 60 prosent av russiske respondentar dei russiske «frivillige» (i realiteten nasjonalistiske leigesoldatar) som kjempa i Donbas.
53 prosent støtta i 2021 utskiljinga av dei to «folkerepublikkane» Luhansk og Donetsk frå Ukraina. Berre 26 prosent meinte dei burde bli i Ukraina.
Putins idé om ein «evig union av broderfolk», som han fekk inntatt i den reviderte fedrelandssongen i 2000, er utsiktslaus utan Ukraina. Dessutan er Ukrainas integrasjon i ein allrussisk nasjon som kjerne i hans visjon om ein post-sovjetisk, eurasisk union avgjerande for Russlands status som stormakt. Også av den grunn er idéen om Ukraina som eigen, suveren nasjon utåleleg.
Det er derfor ikkje nok at Russland gir opp invasjonen av Ukraina. Russarane må også ta avstand frå Putin og hans imperialistiske nasjonalisme.