Grøne intensjonar som ender opp med eit mageplask | Klaus Mohn
Rapporten om grøn konkurransekraft etterlet eit lappeteppe av innspel frå eit bredt sett av særinteressar.
Mange av tilrådingane kan vanskeleg knyttast til grøn omstilling, og rapporten legg lita vekt på kostnadseffektivitet og konsistens rundt overordna mål for klimapolitikken.
Dei lange rekkene av råd i rapporten reflekterer snarare at idéane er mange for å verne eigne verksemder mot verknadane av ein strammare energi- og klimapolitikk. Spesielt gjeld dette om ein samstundes kan tappe offentlege budsjett til fordel for eigen vekst og vidareutvikling.
Vidløftig oppgåve
Å foreslå ein overordna strategi for grøn konkurransekraft var ei vidløftig oppgåve for det smålåtne utvalet som ble oppnemnt av Solberg-regjeringa sommaren 2015. Ikkje berre skulle dei kombinere klare forventningar frå klimakåte politikarar med høge ambisjonar om vekst og vidareutvikling i alle delar av norsk næringsliv. I tillegg måtte arbeidet bli til i ei verd i rask endring, med gradvis konsolidering av overordna klimapolitiske avtaler og mål, store skift i olje- og gassmarknadane og ei rivande utvikling i teknologi og kostnadar knytt til energieffektivisering og nye fornybare energiløysingar.
At resultatet skulle stake ut ein klar og konkret kurs for politikken på området, var mykje å forvente. Og det har me heller ikkje fått. På overflata er resultatet konsensusprega og lite kontroversielt. I sluttrapporten er den overordna strategien representert gjennom lange lister av generelt formulerte utsegn som igjen reflekterer innspel frå ei rik rekke av interessegrupper i norsk næringsliv.
Utydeleg og lite konkret
Ei positiv vinkling kunne være rapporten representerer ein koalisjon av interesser i beste tradisjon for Noreg, sjølv om interessene i denne samanhengen er avgrensa til næringslivet. Men akkurat dette kan like gjerne bli rapporten sin akilles-hæl. Mykje av det som står att av strategiske grep er nemleg såpass utydeleg og lite konkret at dei overordna formuleringane blir nærmast umuleg å være ueinig i.
Risikoen er dermed at rapporten etterlet eit sett av signal til utforminga av politikken som både er skeivt og uklart. Her kan politikarane shoppa synspunkt etter dagsform. Det rapporten manglar av tiltak som svir, tek han igjen i teknologioptimisme og gode formål. Nok ein gong blir me difor lulla inn ei førestilling om at me kan få både i pose og sekk, at klimapolitikken ikkje kostar og at om han kostar, så er det andre som skal ta rekninga. Klimautfordringa krevjer meir enn som så.
Fått det de er ute etter
Samstundes er rapporten frå Connie Hedegaard og Idar Kreutzer så brei og omfangsrik at han har noko å by på for nær sagt alle. I tida som kjem vil me utvilsamt oppleve at mange vil gripe til passande delar av rapporten for å underbygge tiltak som i sum slett ikkje treng å gi den utviklinga me er ute etter, og slett ikkje til den kostnaden me kunne ønske oss. Det var kanskje og meininga med mandatet, og i så fall har politikarane fått akkurat det dei var ute etter.
I staden for å framstå som talerøyr for tunge næringsinteresser burde rapporten om rapporten om grøn konkurransekraft vist kritisk distanse til settet av tilrådingar frå interessegruppene som har deltatt, og teke eit perspektiv basert på samfunnsøkonomisk lønsemd og kostnadseffektivitet.
Ein refleksjon av pengerikdommen
Eksempla spenner frå nyskaping og entreprenørskap på eine sida til fangst og lagring av CO2-utslepp på andre sida – der Hedegaard og Kreutzer langt på veg gjer seg til talerøyr for grupper med sterke økonomiske interesser i ei bestemt innretting av klimapolitikken. Desse eksempla er diverre ikkje eineståande. Tilsvarande refleksjonar kunne til dømes vore reist mot initiativa til ei rekke nasjonale råd og senter, samt rådet om etablering av CO2-fond for transport og industri.
Diverre blir rapporten om grøn konkurransekraft dermed ein refleksjon av pengerikdommen i Noreg, med sterke interessegrupper som står i kø for å bruke andre sine pengar til å løyse sine eigne utfordringar. Både norske skattebetalarar og klimautfordringa har fortent betre.