Debatt

Ein suksess for barna

  • Olaug Nilssen

Som ressurssenter kan spesialskulane dele kompetanse og fremje integrering.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Det vekker sterke kjensler og frykt når det blir snakk om nedlegging av spesialskular. I Bergen har ein komité føreslått å "ikke videreføre" Tveiterås skole, som er ein spesialskule for barn med utviklingshemming og store lærevanskar. Eg er mor og leiar av foreldreutvalet på denne skulen. Saman med andre foreldre har vi gått til mediene for å vise kor viktig det er at slike skular består.

I fleire reportasjar i Bergens Tidende og NRK står foreldre fram og fortel om einsemd og isolasjon i den ordinære skulen og meistring og trivsel på spesialskulen Tveiterås. Etter skulebyte landar barna, og greier endeleg å lære, om det no er å lese, tilberede pizza sjølv eller å klatre opp i stolen sin utan hjelp. Spesialskulane er ofte ein ubetinga suksess for barna våre, og det er fortvilande at sterke krefter føreslår å fjerne dette tilbodet.

Den beste kompetansen

Spesialskulane har dei største fagmiljøa, og spesialpedagogane har dei beste muligheitene til å styrke og utvikle sin kompetanse. Dei ulike barna krev som regel kvar sin tilnærmingsmetode, men det hjelper å ha samanlikningsgrunnlag gjennom eigen og andres erfaring. Spesialskulane har muligheit til større rausheit og tilpassing i alle situasjonar, noko som kan vere alfa og omega i det møysommelege tolmodigheitsarbeidet det kan vere å nå fram til eit barn med spesielle behov.

Meistring på eigne premiss

Det finst barn som treng spesialskulane. Nokre barn er så sensitive for støy og uoversiktelegheit at normale klasserom, skuleklokke og skulegardar blir eit stressmoment og hinder for å tileigne seg kunnskap. Nokre barn har tilsvarande store sosiale utfordringar, og kan oppleve krava om tilpassing som uoverkomelege. Då er det ikkje alltid ei god løysing å isolere vedkomande bak eit skjermbrett eller i eit grupperom.

Nokre barn merkar sjølv at dei skil seg frå dei andre barna, og får få muligheiter til å oppleve meistring på eigne premiss. Det er ikkje alltid god tilrettelegging hindrar einsemd og isolasjon. Og nokre gongar finn barn med spesielle behov sine første vener når dei får flytte til ein spesialskule.

Eit enkelt spørsmål er dette likevel ikkje. Alle har rett til undervisning på sin nærskule, men mange opplever diverre å bli pressa ut. Det er ikkje lett å vere det urolege barnet som blir ønska bort av både lærarar, medelevar og andre foreldre i nabolaget. Det er heller ikkje lett å stå på krava dersom det ligg eit spesialskulealternativ i nærleiken. Alle har rett til eit tilpassa opplegg i sin nærskule.

Og like viktig som det er å sikre spesialskular som eit alternativ, er det sjølvsagt å sikre at skulane greier å ta imot dei barna med spesielle utfordringar som kan og vil vere der. For mange er skulen ein viktig inngangsport til inkludering i lokalsamfunnet.

Ikkje sovepute

For å unngå at spesialskulane skal bli soveputer for ordinære skular, bør dei tilby å dele sin kompetanse med andre. Fleire spesialskular gjer også dette i dag. I sitt høringssvar til Bergen kommune, viser Tveiterås skole til at dei i lengre tid har drive utoverretta verksemd med både strakstiltak og anna hjelp til skular som treng støtte. Skulen føreslår at dei i framtida kan tilby hospitering i ein periode for elevar og spesialpedagogar som skal skreddarsy eit nærskuletilbod.

Nokre barn treng eit spesialskuletilbod. Lat spesialskulane hjelpe til med å skape reelle valmuligheiter for barn med særskilte behov.

Les mer om

  1. Debatt

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Til foreldre som er urolege for bruken av Ipad i klasserommet

  2. DEBATT

    Meninger: På fire minutter i Stortinget klarte Heidi Nordby Lunde (H) å gravlegge partifelle Bent Høies prosjekt.

  3. KRONIKK

    Kjensleløysa pregar homomiljøet som ein epidemi | Sondre Landvik

  4. KRONIKK

    Rett til spesialundervisning – gir rett til hva?

  5. SPORT

    For 40 år sidan spelte ho elitehandball på asfalten for Os. No er Brit Eirin (70) nominert til Årets eldsjel.

  6. KOMMENTAR

    Å erstatte lærebøker med Ipad for 5-åringar fortoner seg som ein sci fi-dystopi