Har koding noko i matteundervisinga å gjere? | Sølve Selstø og Leiv Øyehaug
Svaret er ja – i alle fall innan høgare utdanning.
Digitalisering er eit ord vi høyrer ofte for tida. Teknologi knytt til datamaskinar blir stadig viktigare. Men dette aleine er ikkje nok til å konkludere med at koding må inn i matteundervisinga; her må vi argumentere betre enn reklamen: «Jeg følger med tiden, med uviklingen. Jeg forventer effektivitet».
Papir, blyant og kalkulator?
Mange av oss som brukar matematikk til problemløysing, har ein gong smerteleg fått erfare at det er unntaket snarare enn regelen at det som måtte dukke opp av likningar, integral og slikt kan løysast med papir, blyant og kalkulator.
Korleis kunne vi tru at vi var godt rusta med desse verktøya? Fordi lærebøkene gjennom mange år fóra oss med eksempel og oppgåver som var konstruert for å kunne løysast slik.
Om møtet med «den verkelege verda» vart brutalt, lærte vi oss fort å sette pris på løysinga: numeriske metodar. Ved hjelp av ein datamaskin og nokre linjer kode kan til dømes kva likning som helst løysast – rettnok berre tilnærma, men med ein feil som kan gjerast så liten vi vil.
Kvifor kode sjølv?
Men kvifor må ein nødvendigvis skrive kode og implementere desse metodane sjølv? Med gode implementeringar er jo matteproblema løyst – ein gong for alle? Eitt svar er at dette må til for å gjere det til ei erfaring for brukaren. Om det heile blir ståande som ei abstrakt erkjenning av at «problemet kan løysast», er læringsverdien låg.
Frå kritisk hald har det blitt hevda at koding i matteundervisinga vil stå i vegen for djupnelæring. Bak ser det ut til å ligge ein tanke om at koding ikkje kan bidra til å bygge grunnleggande forståing. Dette stemmer dårleg med vår erfaring; ofte har vi opplevd at teori og samanhengar har blitt tydelegare nettopp ved å kode løysinga.
«Vil berre ha fisken»
Styresmaktene legg stor vekt på algoritmeomgrepet når dei argumenterer for koding i matten. Dette har dessverre gjort fleire av oss usikre på om det er snakk om programmering til støtte for matten eller for programmeringa si eiga skuld.
Vidare har algoritme-fokuset gitt næring til kritiske røyster som meiner at koding vil legge til rette for ei instrumentell tilnærming til matematikken.
Men sjølv om der er ein fare for at pc-en kan bli brukt ukritisk, er det verd å minne om at problemet i høgste grad også er til stades når elevar sit med papir og blyant.
Ein av ingeniørstudentane våre sa det med ein analogi: «Vi vil berre ha fisken, slutt å prøve å gi oss ei fiskestang.» Det er ikkje uvanleg at teknologistudentar ser slik på matematikken etter å ha gått på skulen i 13 år.
Ei gåvepakke til studentane
Om kodinga skal bli ein fruktbar del av matteundervisinga, er fullt og heilt avhengig av at dei aktuelle fagpersonane faktisk ønsker og evnar det.
Kanskje er vi enda ikkje heilt der i grunnskulen. Men innan høgare utdanning kan det ikkje vere tvil: Numeriske metodar må vere ein sentral del av matteundervisinga. Her er retningslinjene for ingeniørutdanninga tydelege. Dette er ei gåvepakke til studentane våre – ei gåve vi somlar litt med å få papiret av.