Debatt

Ho er 4 år, og Tingeling på veg heim. No er ho 11 år, og eg har for lengst fortalt ho at det ikkje er alle som vil ho vel. | Kjetil Aarseth

  • Kjetil Aarseth
    Ålesund

Korleis blir framtida for døtrene mine? Eg har brukt eit gammalt bilete av den eldste som illustrasjonsfoto. På biletet er ho lykkeleg uvitande om at menn tek seg til rette, skriv Kjetil Aarseth. Foto: Kjetil Aarseth

Den viktigaste kampen har andre damer tatt. Dessverre trur eg kampen fortset for døtrene mine. Men vit at eg er med. #metoo

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

#metoo. Eg har ikkje kommentert denne saka. Sakene. Dei altfor mange sakene. Hittil. Ikkje fordi eg ikkje vil. Ikkje fordi eg ikkje tør. Men fordi at eg har sett at dei modige jentene og kvinnene i alle aldrar har lykkast med å rette søkelyset på det sjølv. Og ikkje minst fått til endring denne gongen. Sjølv.

Eg har ikkje noko som helst behov for å kome inn frå sida som ein riddar i skinande rustning. Damene har fått til endringa sjølv. Endringa skjer allereie. Allereie og altfor seint. Men vit at eg er med.

Kjetil Aarseth Foto: Privat

Modige enkeltkvinner har sagt ifrå i årevis utan å bli høyrt. Med metoo-kampanjen har den moderne medievirkelegheita fungert på aller beste vis. Alle enkeltopplevingane er blitt synlege. Dei ufattelege mengdene har blitt synlege. Kvinner har sett at ein ikkje står åleine. Alt dette gir kraft.

Eg har ikkje kommentert før av grunnar som eg har nemnt ovanfor. Men no vil eg fortelje.

Les også

Aftenposten mener: #metoo er avgjørende viktig

Slutten av 80-talet.

Garderobeprat på fotballaget. Medspelarar omtalar jenter og damer på særs nedlatande måtar. Eg er for liten, spinkel og med for dårleg sjølvtillit til å seie ifrå. Eg vil berre høyre til. Vere usynleg. Eg er med, men manglar stemme.

Tidleg nittital.

Garderobeprat i klasserommet. No er eg litt eldre, har blitt stor og sterk. Fått sjølvtillit. Eg minner klassekameraten om at han manglar klasse. Eg minner han om at han har ein kjærast som er intetanande om det han seier. Han fortel meg at eg er prippen og kan passe mine eigne saker. Eg har fått ei stemme, men ingen høyrer.

Midten av nittitalet.

Eg har sett meir. Altfor mykje. Eg spør faren min om ufine menn. Særleg i fylla. Han fortel at det dessverre er vanleg. Har vore vanleg. Alltid.

Les også

#nårmusikkenstilner: «Plutselig stakk han to fingre inn i meg under skjørtet mitt».

Slutten av nittitalet.

Eg blir invitert på julebord i eit firma eg frilansar for. Eg blir grabba i skrittet av ein kvinneleg kollega. Eg blir forbanna, men avviser ho vennleg. Vil ikkje lage styr. Eg fortel ho måndagen etter at dette ikkje var greitt. Ho legg seg flat og beklagar. Eg tilgir og eg set ein strek over det. Ho er ikkje heilt ferdig med det og skammar seg.

Nokon dagar seinare fortel ho om det til den kvinnelege toppsjefen. Så blir eg kalla inn på teppet og fortalt at dette må eg tole. At eg ikkje må lage dårleg stemning. At eg er ei pyse. «Vi kvinner har måtte tole dette i alle dei år». Rollene er snudd. Dette er unntaket frå regelen. Regelen. Smak på ordet. Men eg forstår betre korleis det er etter mi oppleving. Eg blir høyrt, men latterleggjort.

Les også

Ydmyk(et) mann skriver: #OnlyMe?

For ti år sidan.

Eg er vikarlærar. Ein gut kallar ei jente «hore» høgt i ein time. Alle høyrer det. Så gjer eg meg høyrt. Med ein gong. Eg gjer det klart for han og klassa at dette er uakseptabelt. At det vil bli varsla i systemet til klassekontakt, rektor og foreldra til fyren. Eg varslar. Ingenting skjer. Eg blir høyrt, men ignorert.

I førre veke.

Ei venninne arbeider på ein uteplass. Ho prøvar å megle i ein krangel mellom rasande menn frå publikum og barpersonalet. På få minutt rekk ho å bli kalla dei verste ting. Hore. Megge. Verre ord som startar med F. Grunnen til forbannelsen? Ølet vart servert i plastglas til sikkerheit for dei på scena og publikum på golvet.

Les også

#utentaushetsplikt: 3200 norske leger og medisinstudenter bryter tausheten. Vil stoppe trakassering og maktmisbruk.

Framtida.

Korleis blir det for døtrene mine? Eg har brukt eit gammalt bilete av den eldste som illustrasjonsfoto. På biletet er ho lykkeleg uvitande om at menn tek seg til rette. Ho er 4 år og Tingeling på veg heim. No er ho 11 år og eg har for lengst fortalt ho at det ikkje er alle som vil ho vel. At ho bestemmer over eigen kropp. At ho set grensene. At ho må seie ifrå. 11 år! No ventar år som ungdom, så kvinne, der ho dessverre skal ha bruk for råda frå meg.

Den viktigaste kampen har andre damer tatt. Dessverre trur eg kampen fortset for døtrene mine.

Men vit at eg er med.

#metoo

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. #metoo
  2. Seksuell trakassering