Kort sagt, onsdag 22. desember
Kirken og klimasaken. Her er dagens kortinnlegg.
Eit kristent engasjement for Jordas framtid
Klimakrisa er vår tids største utfordring. Når Kyrkjemøtet har tatt opp korleis kyrkja kan engasjere seg både ved å feie for eiga dør og som ein del av samfunnet, så vekkjer det reaksjonar. Vi lyttar til det. Mange takkar. Men sakleg kritikk er også viktig, slik til dømes kommentator Frank Rossavik kjem med i Aftenposten 13. desember.
Han gjev uttrykk for at kyrkja kan ha gode grunnar for eit engasjementet for klima og miljø. Det er også første hovudpunkt i vedtaket, som ikkje så mange har fått med seg. Dette handlar også om det mest grunnleggjande i bodet om nestekjærleik: Skal det vere leveleg og trygt på denne kloden for oss menneske, no og i framtida?
Kyrkjemøtets vedtak har ei setning om at ein oppfordrar den norske regjeringa til å lytte til oppmodingane frå FNs generalsekretær og Det internasjonale energibyrået (IEA): Dersom verda skal nå Paris-målet og unngå katastrofe, må verda stoppe å leite etter og utnytte meir fossilt brennstoff enn det som alt er funne.
Dette har blitt oppfatta som krav om umiddelbar utvinningsstopp og som eit angrep på dei som arbeider i petroleumsverksemda. Det var ikkje poenget. Dei som arbeider «i olja» har bidratt og bidrar stort til verdiskapinga i Noreg.
Kyrkja påberopar seg ingen spesialkompetanse i korleis det grøne skiftet skal løysast konkret. Vi tar opp slike spørsmål ut frå eit djupt engasjement for vår felles klode og vår felles framtid. Saman må vi finne gode svar, uansett kva vi meiner eller har av politisk ståstad.
Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kirke