Camus – ein fransk forfattarhelt og uvenn med Sartre | Sylfest Lomheim

Forfatteren Albert Camus (i midten) og hans kone Francine ble møtt av Svenska Akademiens faste sekretær, Anders Österling, ved ankomst Stockholm i desember 1957.

I talen sin i Stockholm takka Camus læraren for utdanninga og helsa mora som aldri hadde kunna lesa sonen sin.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Desse januardagane markerer Frankrike at det er 60 år sidan forfattaren og filosofen Albert Camus døydde.

Han og redaktøren i forlaget Gallimard var på veg opp Rhone-dalen mot Paris. Bilen vart knust mot eit tre, begge døydde momentant. I den halvopne dokumentmappa låg eit uferdig manus, Det første mennesket (Le premier homme).

Sylfest Lomheim er professor i norsk og oversettelse og tidligere direktor i Språkrådet.

Gjennombrotet hadde kome med Den framande (L’Etranger) i 1942. Han følgde opp suksessen med Pesten (La Peste) i 1947 og vart internasjonalt kjent. Dei to danna grunnlaget for nobelprisen i litteratur i 1957. Ved tusenårsskiftet vart Den framande kåra til Frankrikes viktigaste roman mellom 1900 og 2000.

Ein uvanlig prisvinnar i litteratur

Camus var fødd i Algerie i 1913 og voks opp i små kår. Mora var enke, var døv og kunne knapt snakka eller skriva. Faren fall i verdskrigen i 1914.

Takk vere ein lærar fekk den tuberkulosesjuke guten stipend til å ta artium.

I talen sin i Stockholm takka Camus læraren for utdanninga og helsa mora som aldri hadde kunna lesa sonen sin. Ein uvanleg prisvinnar i litteratur. Camus var òg den nest yngste vinnaren nokon gong. Rudyard Kipling, i 1907, var to år yngre.

Catherine Camus, dottera, har hatt ansvaret for den litterære arven etter faren og har budd i huset han kjøpte, i den idylliske landsbyen Lourmarin, litt nord for Aix-en-Provence. Det var ein sensasjon då Gallimard i 1994 gav ut den uferdige romanen Det første mennesket, forsiktig redigert av Catherine Camus. (Eg hadde kontakt med henne på åttitalet då eg skreiv avhandling om metaforane i Den framande; analyse og omsetjing.)

Vraket av bilen der Albert Camus ble drept 4. januar 1960 nær Villeneuve la Guyard ans Sens.

Brotet med Sartre

Så Sartre. Han og Camus vart kjende då Camus kom til Paris i 1940. Begge tilhøyrde venstresida, og dei jobba saman i motstandsavisa Combat. Etter krigen vart dei raskt Frankrikes to mest kjende filosofar og forfattarar, med Café de Flore som møtestad. Men samsynte var dei knapt, det vart tydelegare etter kvart.

Heilt ulikt Camus kom Sartre frå ein borgarleg og velsituert familie. Og som dogmatisk kommunist forsvara han Stalin sine middel for å nå mål.

Camus var udogmatisk, fridomsdyrkande og motstandar av all slags vald, «sosialistisk demokrat» kalla han seg.

I 1952 kom det til brot, med tilhøyrande offentleg debatt, og dei vart aldri venner igjen. Verre enn verst var det at Camus fekk nobelprisen i 1957.

Sartre nekta ta imot prisen, ville ha pengane

I 1964, fire år etter Camus’ død, ønskte Svenska Akademien å etablera balanse og tildelte Sartre prisen. Han nekta å ta imot, han såg på prisen som «ei borgarleggjering av kunsten», noko han var prinsipiell motstandar av.

I ettertid, i memoarane til eit sentralt akademimedlem, har det vorte dokumentert at Sartre tok kontakt igjen på sytttitalet. Han skreiv at han gjerne ville få overført pengane. Sartre fekk eit kort og korrekt avslag; pengesum og pris høyrde saman.

Dei to største franske intellektuelle i etterkrigstida, kjende i heile den vestlege verda, var langt frå like.

Om Sartre seier eg: Større er ikkje dei store. Om Camus seier eg: Han er fransk forfattarhelt.

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.