Debatt

Ein bonde har ikkje tid til å krangle og argumentere | Kristin Slyngstadli

  • Kristin Margrete Mo Slyngstadli
    odelsjente

Ein dag tek olja slutt, og da må vi ha noko anna å leve av. Det blir då den norske maten, skriv Kristin Slyngstadli. Foto: Ørn Borgen / Aftenposten

Dei er meir opptatte med å lage maten din.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Ein bonde er ein sjølvstendig næringsdrivande, med dagane fulle av arbeid. Dei jobbar døgnet rundt og får lite søvn. Ein bonde er ein livsslitar som tek helsa på risiko i det livet som dei har ofra.

Bøndene veit kor viktig jobben deira er. Dei elskar å vite at dei kan gi deg mat. Dei elskar jobben sin kvar dag dei står opp. Dei tek harde val kvar dag. Så kvifor har vi da ein del folk der ute som er så imot dei norske bøndene?

Eg er sjølv odelsjente, og det er heilt overraskande kor mange i Noregs befolkning som kan så lite og støttar veldig lite av det arbeidet som ein bonde gjer. Spesielt pelsdyrnæringa blir sett ganske sterkt ned på, og folk lager oppstyr. Ikkje berre i pelsdyrnæringa, men med storfe og sau også.

Kristin Slyngstadli er odelsjente. Foto: Privat

Les også

Les også: Når «byfolket» uttaler seg om pelsdyrnæringen, blir jeg lei meg | Henrikke Evanger Raasok

Mykje arbeid

Forstå bonden sin side. Det er mykje arbeid ein bonde har, og kravet frå dykk er jo at dyra skal ha det betre enn oss menneske sjølve. Dyra lever i reine luksusen her i Noreg i forhold til mor eller bestemor di, som mest sannsynleg ligg på sjukeheim og får mat som smaker papp.

I dag slit bøndene med tørke, i fjor og forfjor var det vått. Bønder driver med gambling kvart år.

Dei veit aldri kva dei har i vente. Dei gjer alt dei kan for å tene inn nokre kroner i lommeboka. Dei går etter kvotar, men slik som årets klima er, så kan det hende dei ikkje får levert inn kvoten som dei har kjøpt seg opp til, og da tener dei mindre.

Les også

Les også: Tørkekrisen: Bøndene taper for hver uke som går

Grønsaker, kjøtt og mjølk

Ein dag tek olja slutt, og da må vi ha noko anna å leve av. Det blir då den norske maten. Eg skal seiw dykk at det er ikkje noko land som kan levere meir trygg mat enn Noreg.

Vi treng både grønsaker, kjøtt og mjølk her i landet. Bruk heller fritida på å hjelpe bonden enn å hakke ned på dei. Dei treng meir arbeidskraft enn det du kan tenkje deg.

Tenk deg om før du legg ut noko som du ikkje kan noko om. Ein bonde har ikkje tid til å krangle og argumentere, for dei er meir opptatt med å lage maten din.

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Landbrukspolitikk
  2. Gårdsliv