Debatt

Regjeringen og beltevognar: Det motsette av frislepp | Alfred Bjørlo

  • Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune

Regjeringen foreslår ikke fri bruk av beltevogner i naturen, men å prøve ut tråkkemaskiner, som uansett finnes, til å frakte folk opp på høyder i nærheten av eksisterende skianlegg, påpeker ordføreren i Eid kommune. Foto: Katrine Nordli

Eldsjelene ved dei fleste små alpinanlegg rundt i landet har ein minst like sterk kjærleik for fjellet og naturen som tilsette rådgjevarar i organisasjonar i Oslo.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Regjeringen foreslår ikke fri bruk av beltevogner i naturen, men å prøve ut tråkkemaskiner, som uansett finnes, til å frakte folk opp på høyder i nærheten av eksisterende skianlegg, påpeker ordføreren i Eid kommune. Foto: Katrine Nordli


Aftenposten omtaler 16. februar det som blir kalla eit «frislepp av beltevogner» i norsk natur. Det kan då vere greitt å vere klar over følgjande:

1. Maskiner som uansett finst

Saka omhandlar eit framlegg frå Regjeringa om å prøve ut såkalla catskiing. Catskiing er å nytte ei trakkemaskin som uansett finst og blir brukt ved eit alpinanlegg (trakkemaskin = «snowcat» på engelsk), til å frakte folk til utvalde toppar i nærområdet til skianlegget. Det er vanleg andre stader i verda, mellom anna for å redusere presset på utbygging av skiheisar og gondolar høgt til fjells.

2. Strengt regulert

Det Regjeringa har foreslått, er å prøve ut såkalla catskiing i strengt regulerte former i eit avgrensa område rundt nokre få alpinanlegg (maks seks).

3. I faste traséar

Sjølv i desse få, avgrensa områda vil det på langt nær vere fritt fram for kvar og ein korleis catskiing kan føregå. Det blir berre tillete å køyre maskina i faste traséar i direkte tilknyting til alpinanlegga. Desse traseane skal vere regulert inn i arealdelen av kommuneplanen. Kommuneplanen er det viktigaste verktøyet storsamfunnet har for å gjere avvegingar mellom ulike interesser for arealbruk.

4. Berre ei prøveordning

På toppen av alt blir ikkje dette foreslått som ei fast ordning. Berre som ei avgrensa prøveordning i seks år framover – knytt til maksimalt seks alpinanlegg i Noreg der det på førehand har vore gjennomført ein kommuneplan-prosess.

Harpefossen skisenter

Eid kommune har arbeidd med saka i fleire år i samarbeid med vårt lokale skisenter, Harpefossen. Vi har vore opptekne av ei sterk «innramming» av ordninga – nettopp for å unngå frislepp av motorisert ferdsel i fjellet.

Eg kan også forsikre at det i vårt arbeid med catskiing ikkje ligg nokre pengegriske, multinasjonale kapitalkrefter bak med skumle mål om å øydeleggje norsk natur.

Harpefossen skisenter er eigd av to lokale idrettslag – Haugen og Stårheim IL. Anlegget er drive takka vere eldsjeler og dugnadsinnsats frå hundrevis av frivillige.

Eldsjelene ved Harpefossen Skisenter – og dei fleste andre små alpinanlegg rundt i landet – er folk som er glade i naturen. Dei bur der, lever liva sine der og brukar all si fritid der gratis. Fleire av dei har flytta frå storbyen til Nordfjord nettopp for å leve i og med naturen. Dei har ein minst like sterk kjærleik for fjellet og naturen som tilsette rådgjevarar i organisasjonar i Oslo.

Slepp heisanlegg og gondolar

Ved å tilby catskiing ser dei eit høve til å gjere den flotte naturen rundt skianlegget tilgjengeleg for endå litt fleire – og ha eit side-tilbod som er med å styrke grunnlaget for å drive noko så krevjande som eit alpinanlegg i distrikts-Noreg med avgrensa publikumsgrunnlag. Det har vi som lokale politikarar prøvd å finne gode ordningar for. Utan å bryte med hovudregelen om ein fjellheim utan frislepp for motorisert ferdsel.

Framlegget Regjeringa har lagt på bordet er definitivt ikkje eit frislepp. Det er ei fornuftig, restriktiv og sterkt avgrensa tilnærming til å gjere naturen rundt enkelte alpinanlegg litt lettare tilgjengeleg – utan å byggje seg oppover i fjellet med heisanlegg og gondolar.

Dei som tvilar er velkomne til Eid, Nordfjord og Harpefossen for å sjå og høyre. Snakk heller med oss enn å drive kampanjar mot oss på syltynt grunnlag.

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les også:


Les mer om

  1. Alpinanlegg
  2. Natur
  3. Naturvern
  4. Friluftsliv

Relevante artikler

  1. DEBATT
    Publisert:

    Vindkraftutbyggingen vil rasere norsk natur i hei, skog og fjell.

  2. DEBATT
    Publisert:

    Det tradisjonelle idrettslivet gir mannsdominans og klasseforskjeller

  3. DEBATT
    Publisert:

    Forsvarets spregninger kan skade unik og særdeles sårbar Oslofjordfjord-torsk

  4. DEBATT
    Publisert:

    Aftenposten og fortellingen om Røkkes ark

  5. DEBATT
    Publisert:

    Jeg er en av de borreliose-syke som måtte til utlandet for å få diagnose og nødvendig behandling | Tore Beito

  6. DEBATT
    Publisert:

    Er du villig til å avstå 762 kroner for å verne Lofoten? | Klaus Mohn