På tide å nyansere myten om den hjelpelause og lett påverkelege ungdomen | Joachim Laberg
Vi menneske, inkludert ungdom, er ikkje ukritiske slavar av den bodskapen som til ei kvar tid vert formidla til oss gjennom media.
– Ungdom sliter maks, og det er veldig ofte på grunn av måten vi påvirker dem. Så enkelt er det bare, sa Kristin Gjelsvik under den godt omtalte Vixen Awards med oppfølging under Debatten på NRK.
Nei, så enkelt er det ikkje.
Det har vore kjent i mange tiår at vi menneske, inkludert ungdom, ikkje er ukritiske slavar av den bodskapen som til ei kvar tid vert formidla til oss gjennom media.
At ikkje alle har fått dette med seg, er uheldig, fordi det er eit obligatorisk poeng når ein snakkar om temaet mediepåverknad.
Alt er ikke influensernes ansvar. Ungdom må også tenke selv. | Oda Litland
Kritiske og medvitne
Seinast i 2019 har to ulike forskingsrapportar (Sifo og Medietilsynet) med ulikt siktemål og ulikt datagrunnlag vist at også unge menneske har eit medvite og kritiske forhold til media. Ikkje alle i like stor grad. Men vi snakkar om eit klart fleirtal og eit klart medvit.
Eller som Sifo-forskarane sjølve skriv: «de unge [demonstrerer] høy grad av digital kompetanse og refleksivitet over hvordan innhold på sosiale medium kan påvirke dem. Stort sett er de fleste ungdommene tilfreds med sin egen kropp og utseende og svært få sier de ønsker å ty til inngrep for å fikse på det de er misfornøyd med.»
«Hele 74 prosent av jenter og 93 prosent av gutter sier de ikke har prøvd tannbleking og lignende, hårextensions, profesjonell fjerning av hår, silikonimplantat eller fettransplantasjon, Botox eller restylane, og fillers.»
Vil ikkje ta operasjonar
Det tyder ikkje at ungdomen ikkje kan tolka medieinnhald som ei form for kroppspress. Ein annan Sifo-rapport (frå 2014) viser at 80 prosent av dei spurte jentene seier at dei opplever kroppspress, og det er denne rapporten Gjelsvik har referert til.
Men det er tre ting vi skal legge merke til med denne rapporten.
Det eine er at respondentane refererer til at det er andre enn dei sjølve som vert påverka negativt av reklame og usunne kroppsideal.
Det andre er korleis det vert understreka, igjen, at media åleine ikkje er årsaka til usunt kroppsbilete.
Det tredje er at respondentane har tydeleg kritiske standpunkt til retusjert reklame og plastisk kirurgi.
Gjelsvik hevdar at rapporten seier at ni av ti unge jenter vil endre på kroppen sin ved hjelp av kirurgiske inngrep. Men det er feil, fordi rapporten understrekar at ynskje om å endre på kroppen må forståast «som å bli større eller mindre gjennom diett og/eller trening, siden de ikke ville ta kosmetisk kirurgi for å endre på noe».
Ja då, påverknad frå media kan vere eit problem, men for dei fleste er det ikkje eit problem av så stort omfang at det er skadeleg for dei. Dessutan får ikkje ungdom verdiane sine berre frå Instagram og blogg. Og som Nova-forskar Ingunn Eriksen sa til Barnevakten i 2018 i samband med ei sak om kroppspress: «Det vi ser, ut fra kvalitativ forskning, er at sosiale medium ikke ser ut til å være kjerneårsaken bak utviklingen av psykiske helseplager.»
Ein av fleire faktorar
Media er ikkje den einaste syndebukken. I staden er det snakk om at media er ein av fleire faktorar som for nokre kan vere eit problem. Nyansane her er utruleg viktige, men desse forsvinn heilt når Gjelsvik seier «så enkelt er det bare».
Vi må hugse at 89 prosent av alle unge mellom 16 og 24 bruker sosiale medium «daglig, eller nesten daglig», og 89 prosent av all ungdom har ikkje eit så stort problem med eigen mediebruk at det fare for mental og fysisk helse.
Problemet er at det har blitt etablert ein måte å forstå og snakke om fenomenet influensarar og mediepåverknad på som er misvisande. Og det er ikkje usannsynleg at oppfatningar om media si sterke påverknadskraft er eit resultat av denne diskursen.
Den unyanserte framstillinga av media sin påverknadskraft og av unge si påståtte manglande kritiske evne og mentale styrke gir lettvinte svar på komplekse problem. Når kritiske motrøyster ikkje får same grad av eksponering, ender vi opp med ein samtale som tilslører røynda og i verste fall er fordummande, sjølv om det er godt meint.
Influensere reklamerer for dem. Norske firmaer tjener millioner på dem. Men virker skjønnhetspillene?
«Fyrste gong nokon seier dette»
Eg ser resultat av dette kvar gong elevane mine skal drøfta problemstillingar knytt til ungdom, sosiale medium og mediepåverknad. Særleg tidleg i opplæringa.
Trass i at dei har tilgang på fagstoff som gir ein ganske nyansert framstilling, kjem det same svaret om att og om att: Sosiale medium viser fram perfekte kroppar, og dette skaper kroppspress og negativt selvbilde for ungdom.
Eg vil ikkje kritisera ungdommen. Eg vil kritisere dei som har lært dei dette. For som 10-klasse sa til meg då dei var «prøve-elevar» på VGS og eg fortalde at det ikkje er slik at sosiale medium gjer alle ungdom sjuke: «Dette er fyrste gong nokon fortel oss noko slikt.»
Eg tykker det er godt at Kristin Gjelsvik insisterer på å snakke om influensar-bransjen som big business, og at etisk/kritisk refleksjon ikkje kan avfeias som personkonfliktar. Men det må gå an å gjere dette utan feilaktige generaliseringar og forenklingar.