Debatt

Barnevernet sine oppgåver må flyttast til Nav

  • Kari de la Cour
    Sosionom

Når det kommunale sosiale arbeidet ligg i Nav, må difor òg barnevernet sine oppgåver flyttast dit, skriver sosionom Kari de la Cour. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Det burde vera innlysande at nærleiksprinsippet gjeld for sosialt arbeid.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Professor Lars Inge Terum har i Aftenposten gjort seg til talsmann for at sosialhjelpa skal gjerast statleg. Han skriv i ein kronikk at ein må etablere «eitt Nav».

Eit slikt syn tyder på at Terum reknar sosialhjelp berre som økonomisk bistand, som enkelt kan delast ut etter vedtekne ordningar. No er sosialhjelp mykje meir enn berre pengar.

Tildeling av hjelp etter Lov om kommunale helse- og omsorgstenester bygger på så vel lokalkunnskap som personleg kjennskap. Området skil seg såleis frå dei oppgåvene som staten gjennom Nav har ansvar for.

Barn og foreldre skilt av lover og system

Eg går ut ifrå at tanken med den kommunale delen i si tid måtte vera å opphalda den fleksibilitet som sakshandsaminga i sosialkontoret byggde på og som borgarane treng.

Gjennom tidene har ein endra og flytta på dei sosiale oppgåvene i kommune og stat. Barnevernet vart ein gong skild frå både Sosialdepartementet og kommunalt sosialt arbeid. Det har eiga lov og høyrer under Barne- og familiedepartementet.

Kari de la Cour er sosionom. Foto: Privat

I dei land vi samanliknar oss med, er bistand til familien samla i ei lov. Ein kan hjelpa barna og samstundes sjå kva foreldra treng for å kunna vareta barna sine. Slik tenestene er bygde opp hjå oss, er born og foreldre skilde åt. Vi har eitt system for born og eitt for foreldra, og sakshandsamarane har ofte kvar sine utdanningar. Dei treng ikkje tala saman, og teiingsplikter verkar her og skiljande.

Lover og system set grenser mellom foreldre og born og går på tvers i familien.

Nærleiksprinsippet må gjelde

Eit heilskapleg syn på familien og det arbeid som skal gjerast, gjer det både sikrare, tryggare og enklare! Born treng å verta flytta frå foreldre som ikkje maktar sine omsorgsoppgåver. Akutt må ein også i somme tilfelle gripa inn for å ta born i vare. Men på lengre sikt kan ein ikkje hjelpa born i vanskar utan å kjenna foreldra!

Etter Lov om barnevernstenester skal det arbeidast for at barna om mogeleg kan flytta heim att. Ordningen vi har i Noreg, gjer dette vanskeleg.

Arbeidet med familien skulle vera fornemt sosialt arbeid. Det er brester på slik innsats vi i fleire tilfelle er dømde for i Den europeiske menneskerettighetsdomstolen. Skal ein få endra på dette, kan ein ikkje ha eit barnevern som er lausrive frå den sosiale tenesta og dei mange kommunale samarbeidsordningane.

Når det kommunale sosiale arbeidet ligg i Nav, må difor òg barnevernet sine oppgåver flyttast dit. Det burde vera innlysande at nærleiksprinsippet gjeld for sosialt arbeid.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

  1. Les også

    Anita Krohn Traaseth: Et Nav av muligheter

  2. Les også

    Trenger barnevernet en mastergrad i koordinering?

Les mer om

  1. Barnevern
  2. Nav
  3. Familie
  4. Den europeiske menneskerettighetsdomstolen

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Kort sagt, mandag 21. september

  2. DEBATT

    Kort sagt, fredag 25. september

  3. SID

    Det er absurd å ha eit opptakssystem som ikkje tar høgde for relevante karakterar

  4. OSLOBY

    Slik vil byrådet løse husleie-konflikten. «Alvorlig løftebrudd», svarer Rødt.

  5. BOLIG

    I dette hustaket er det en skjult oase

  6. NORGE

    Fylkesmannen om de to ungdomskriminelle brødrene: Oslo brøt loven