Debatt

Idrettsglede for alle, uavhengig av kjønnsidentitet

  • Håvard B. Øvregård
    Håvard B. Øvregård
    Seniorrådgiver verdiarbeid, Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF)

Laurel Hubbard (bildet) hadde tidligere den nasjonale juniorrekorden i vektløfting for menn på New Zealand og er en av de største favorittene til OL-gull i Tokyo. Denne gang i dameklassen, skriver Frode Saugestad i sin kronikk. Bildet er fra Commonwealth Games i 2018. Foto: Mark Schiefelbein / TT NYHETSBYRÅN

Problemet at det er for få transkvinner og transmenn som kjenner seg velkomne i idretten.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Dette er et svar til Frode Saugestads kronikk Menn i kvinneidrett er juks (3. desember).

Norsk idretts visjon er Idrettsglede for alle. Alle skal kunne oppleve idrettsglede, uavhengig av kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. I norsk idrett skal transkvinner og transmenn kunne oppleve idrettsglede like mykje som ciskvinner og cismenn.

Idrett er oftast kjønnsdelt. Dette er fordi kvinner og menn etter at puberteten har byrja, i gjennomsnitt har ulik fysisk kapasitet. Ei eiga kvinneklasse er naudsynt for at kvinner skal kunne ha meiningsfull konkurranse.

Dette er ikkje den einaste klassifiseringa vi har i idrett. Mange idrettar har ulike vektklasser, og i paraidretten vert alle utøvarar i konkurransar klassifiserte ut frå korleis deira funksjonsnedsetjing påverkar prestasjonspotensialet.

Kjønnsdeling i idretten har, lik kjønnsdeling på andre samfunnsområde, tatt utgangspunkt i at kjønn er ein dikotomi, at «kvinne» og «mann» er klart avgrensa og gjensidig ekskluderande grupper. Men slik er det ikkje i røynda. Personar som er trans, ikkje-binær, genderqueer eller interkjønn passar ikkje alltid inn i idrettens tokjønnsdeling.

Korleis skal vi då ivareta idrettsglede for alle?

Ulike råd for breidde- og toppidrett

I over ti år har Norges idrettsforbund (NIF) gitt råd i slike saker, med mål om å ivareta både idrettsglede og meiningsfulle konkurransar. Vi har difor gitt ulike råd for breiddeidrett og toppidrett.

I breiddeidrett rår vi til at alle får delta i den kjønnskategorien dei identifiserer seg med.

I toppidretten er vårt råd at ein følgjer IOC sitt regelverk, sist oppdatert i 2015, som i kvinneklassen set krav om dokumentasjon av testosteronnivå (under 10 nmol/l).

Dei rundt 30 gongane vi har gitt råd så langt, har vi hjelpt utrygge utøvarar og idrettslag slik at fleire har opplevd idrettsglede.

Vi ser at våre råd fungerer. Men vi er redd for at mange transpersonar ikkje tør å ta kontakt med idretten, at dei trur idretten med sine kjønnskategoriar ikkje ønskjer transpersonar velkomne. Det er ikkje «idrettsglede for alle».

NIF vil bidra til at fleire transpersonar vel å starte eller halde fram med idrett, og til at idretten blir tryggare på korleis dei skal møte desse. Her er breiddeidretten viktigast.

Les også

Viten: Bør Caster Semenya konkurrere i kvinneklassen?

Krev meir kunnskap

For toppidretten er dette eit tema som krev meir kunnskap og meir erfaring. IOC gjorde store endringar i sitt regelverk frå 2004 til 2015.

Nokre idrettar, som friidrett, har vedteke eigne reglar som går ut over IOCs råd.

Mest ytterleggåande er World Rugby som i oktober vedtok å tilrå at transkvinner ikkje på noko nivå fekk delta i kvinneklassen.

Fire av dei seks fremste nasjonale forbunda i rugby for kvinner har alt sagt at dei ikkje vil følgje World Rugby sitt råd om å stenge transkvinner ute. Forskarar på området, inkludert fleire av dei som medverka til World Rugby sitt arbeid, meiner at World Rugby misbrukar forsking i sine konklusjonar og ikkje har dekning for konklusjonar om auka skaderisiko.

I norsk idrett er problemet at det er for få transkvinner og transmenn som kjenner seg velkomne. Det ønskjer vi å endre. Vi vil ha idrettsglede for alle.

  • Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Har transkvinner lov til å være i damegarberoben? SE HELE FILMEN HER.

Les mer om

  1. Likestilling
  2. Kjønn
  3. Toppidrett
  4. Idrettspolitikk