Debatt

Frittalande ekspedisjonssjefar

  • Alfred Kvalheim
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Takk til professor Einar Lie for kommentaren hans «Et forsvar for fagligheten» i Aftenposten 13. september. Rollene til politisk leiing og embetsverk i departementa bør vere avklart, og teksten gir gode tankar kring denne problemstillinga.

Som tidlegare ekspedisjonssjef blei eg ein gong beden om å gå på TV for å diskutere framlegg til budsjett-tiltak med generalsekretæren i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon.

Problematisk

Somme av tiltaka var omstridde politisk. Difor sa eg meg villig til å forklare framlegga offentleg, men ikkje forsvare dei. Statsråden var klok nok til å sjå dilemmaet for ein embetsmann som etter eit eventuelt regjeringsskifte måtte ha tillit også hjå den nye statsråden.

Ei anna sak er at embetsverket lojalt må hjelpe den aktuelle politiske leiinga med å utforme meldingar og proposisjonar til Stortinget, utgreiingar, svar på spørsmål, talar og anna av politisk karakter.

Eg ser det, som Einar Lie, problematisk med den stadig aukande staben av statssekretærar, politiske rådgivarar og kommunikasjonsfolk som statsrådar utstyrer seg med. Statsrådane får dermed mindre tid til personleg kontakt med embetsverket sitt for å gi oppdrag og få faglege råd.

Faglege innspel

Til slutt to utfyllande opplysningar om politiske eller faglege innspel som kom frå tilsette i Finansdepartementet for 40-50 år sia.

Hermod Skånland kritiserte særleg ideen til Høgre om «dynamisk skattepolitikk», dvs. at skattelette kunne gi auka skatteinngang.

Forsking hadde aldri vist at dette var muleg. Høgre-representant og økonomiprofessor Erling Petersen kom med kritikk av Skånland i Stortinget og spurde finansminister Ole Myrvoll (V) om ein embetsmann kunne seie slikt. Myrvoll — som også var økonomiprofessor - svarte med å stille motspørsmål om korleis den dynamiske verknaden kunne bli oppnådd.

Den frittalande ekspedisjonssjefen fekk ingen reprimande frå talarstolen i Stortinget.

Sjøl var eg medskuldig i fråsegna (ikkje annonse) som tilsette i Finansdepartementet kom med under EF-striden i 1972 om at det var uråd å talfeste ei økonomisk vinning ved norsk medlemskap, slik Ja-sida hadde gjort. Fråsegna var såleis ikkje ei utfordring til Bratteli-regjeringa.

Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Debatt