Debatt

Distriktsprogramråda - ein godt bevart NRK-løyndom | Georg Arnestad

  • Georg Arnestad, seniorrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal

Noreg er eit langstrekt land. Det som høver i Finnmark, passar ikkje inn på Sørlandet. Kvifor skal dei då ha dønn likearta distriktssendingar? spør Georg Arnestad. Foto: Sigtor Kjetså

Kvifor deltek ikkje NRKs distriksprogramråd i debatten om den einsrettande formateringa av sendingane?

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Det er lovfesta at NRK skal ha eit kringkastingsråd. Det er òg lovfesta at det skal vere «et distriktsprogramråd for hvert distriktskontor.» NRK har i dag 15 slike distriktskontor.

Rundt Kringkastingsrådet er det full openheit, stor merksemd og iblant kraftig støy. Med distriktsprogramråda, som alle har fem medlemmer oppnemnde av respektive fylkesting, er det motsett. Det er heilt taust.

Har ingen plass i offentligheita

Distriktsprogramråda eksisterer knapt. I den norske offentlegheita har dei ingen plass.

Ingen av råda har ei heimeside på nett. Det finst ikkje tilgjengelege møtereferat eller samla informasjon om kven medlemmene er. Når møta vert haldne, veit dei berre sjølve.

Det same gjeld kva for saker råda drøftar, og kva for synspunkt som kjem fram i møta. Dei har ikkje sett eit einaste fingeravtrykk etter seg i NRK.

Distriktsprogramråda er ein godt bevart løyndom. Kvifor det vart slik, veit ingen. Og dette gjeld alle dei 15 råda. Det burde og skulle sjølvsagt vere full openheit kring verksemda til distriktsprogramråda. Akkurat som det er for Kringkastingsrådet. Dette er truleg også intensjonen i kringkastingslova.

Inkjeseiande koseprat

Siste månadene har det vore ein brei debatt i Noreg om innhaldet i distriktsendingane til NRK, utløyst av ein artikkel av Anki Gerhardsen i Aftenposten (1.2.17). Ho skildra her utviklinga av distriktssendingane som «tomhet satt i system.» «Det substansløse innholdet» utgjer ein altfor stor del av NRKs regionale radiotilbod, hevda ho.

Sidan har debatten gått, i mange medium.

I denne debatten finst det knapt synlege spor etter eit einaste distriktsprogramråd.

Dette trass i at eit sentralt tema i debatten har vore den einsrettande formateringa av distriktssendingane, som NRKs Distriktsdivisjon, med sine lyttargranskingar av kva folk vil ha, står bak.

  • Les intervju om distriktsdekningen i NRK med nyhetsdirektør Alexandra Beverfjord og distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen.

I aukande grad har vi fått ei sendeflate som fyller distriktsradioen med inkjeseiande koseprat og pludring, knising, fjas og internasjonale kommersielle poplåtar frå 1980- og 90-talet. Pluss tallause vêrmeldingar og mengder av sms-ar og koselege bilete frå lyttarane.

Kliss like sendingar landet over

Den einsretta formateringa av distriktsradioen gir oss kliss like sendingar landet over. Det er nærmast ein skandale at distriktsprogramråda ikkje har gripe tak i dette.

Endeleg kan de her gjere noko de aldri før har klart: setje eit fingeravtrykk etter seg som viser at de verkeleg finst og har noko å seie. Sei heilt klart og tydeleg frå til den mektige divisjonsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen at de forlanger auka lokal fridom i distriktssendingane, og at distrikta sjølve skal og bør ha meir å seie når det gjeld form, format, opplegg og musikk i sendingane.

Noreg er eit langstrekt land. Det som høver i Finnmark, passar ikkje inn på Sørlandet. Sunnfjordingar og hedmarkingar er ulike. Kvifor skal dei då ha dønn likearta distriktssendingar?

Om ikkje dei bortgøymde distriktsprogramråda får gjort noko med dette, bør dei straks avviklast. Ingen vil sakne dei.

Interessert i å lese mer mediedebatt?

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. NRK
  2. Debatt
  3. Kringkastingsrådet