Debatt

Nordmenn vil ikkje snakka norsk til meg | Miguel Ángel Quesada Pacheco

  • Miguel Ángel Quesada Pacheco
    Professor, spansk språk og latinamerikastudium, Universitetet i Bergen

Professor Miguel Ángel Quesada Pacheco Foto: Eivind Senneset, Universitetet i Bergen

Ofte undrast eg på om innfødde nordmenn set pris på utlendingar som strevar etter å læra seg norsk.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.


Eg las Helene Uri sine innlegg i Aftenposten 22. og 29. september, særleg der ho skreiv: «Jeg synes rett og slett det er uhøflig at jeg som norsktalende i min egen by går inn på en restaurant og blir snakket til på et fremmed språk...»

Eg deler same oppfatning som Uri, av di eg har hatt mange liknande røynsler, men i motsetning til Uri, kjem mine frå nordmenn som prøver seg på å snakka eit framandspråk til meg, ofte utan omsyn til norskkunnskapane mine, eller utan å spørja om eg beherskar rikets språk.

Les også

Helene Uri: Er jeg gammel og sur som syntes det er uhøflig?

Då eg kom til Noreg, var eg ivrig etter å læra norsk språk og kultur som best eg kunne. Men til mi overrasking opplevde eg i fleire tilfelle motvilje hjå dei innfødde mot å snakka norsk til meg. Ein person sa ein gong til meg: «Eg snakkar norsk til deg den dagen du har lært å snakka rett.» Det skjer framleis i dag at når eg treffer på kjenningar, helsar mange til meg med hola eller hello lenge før eg rakk å seia heisan!, som om dei ville «markere territoriet» eller «vera fyrst til mølla.»

Blir snakka til på engelsk

Ein gong gjekk eg på eit bibliotek. Ein mann hjelpte meg med det eg skulle ha. Alt føregjekk på norsk inntil han såg namnet mitt, då byrja han snakka til meg på engelsk. Eg vart så forbausa at eg laut spørja han kvifor han gjorde det. Sidan namnet mitt var utanlandsk, så gjorde han det.

Ein annan gong var eg i ein matvarebutikk. Då eg skulle betala, snakka den butikktilsette til meg på engelsk. Eg vart sinna: «Har eg bede deg om å snakka engelsk til meg?» spurde eg. Når eg vert snakka til på engelsk spør eg: «Snakkar du norsk?» eller «Unnskyld, eg snakkar ikkje engelsk» men til tider skjer det, at vedkomande held fram på utanlandsk utan omsyn til innvendinga mi.

Les også

Helene Uri: Hurra! Jeg er ikke sur!

Uhøfleg og diskriminerande

Kvifor gjer mange nordmenn det? Ymse svarar med at dei vil vera hjelpsame og høflege. Eg motmælar: «Takk, men eg har ikkje bede deg om det». Tvert om ser eg på dette som uhøfleg, sjølvisk og, kvifor ikkje, diskriminerande. Eg hadde sett pris på om ein i det minste kunne spørja meg: «Skal me snakka norsk eller engelsk?» eller «snakkar du norsk?»

På sett og vis er dette forståeleg. «Noreg er eit lite land», pleier nordmenn å seia om seg sjølve, og norsk er eit lite brukt språk på verdsbasis. Men eg har òg budd i mindre samfunn enn Noreg og blant langt færre språktalarar enn norsk (til dømes guaymí i Panama, boruca i Costa Rica, pesh i Honduras, ja, til og med med islendingar), og alle dei har sett pris på at ein freistar å snakka til dei på deira språk.

Les også

Her blir flyktningane sende rett på jobb i staden for toårig kurs

Snakk meir norsk til utlendingane!

Kjenner nordmenn seg heidra når ein utlending talar til dei på norsk? Eller ser dei det på som ein slags konkurranse av typen «lærar han norsk, kan eg ikkje øva meg på utanlandsk»? Ofte undrast eg på om nordmenn set pris på utlendingar som strevar etter å læra seg norsk, eller om morsmålsvørdnad ikkje er eit relevant omgrep for dei. Ja, kanskje dei er medskuldige i at mange utlendingar i Noreg ser bruk av engelsk som ei «selvfølgelighet», slik Uri skriv. Når i all verda skal ein læra norsk under slike omstende?

Kan hende det er på tide å starta ein kampanje med sikte på å oppmoda utlendingar om å læra seg meir norsk, samt å oppmuntra nordmenn - og særleg ungt folk - til å snakka meir norsk til utlendingane. Alle vil etter mitt syn ha gagn av det.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Språk
  2. Nynorsk
  3. Engelsk