Norsk språk er blitt ein truga art

Bildet viser HF-bygget, Universitetet i Bergen og SV-bygget, Universitetet i Oslo.

Vi oppmodar studentar og tilsette til å engasjere seg for meir norsk i akademia.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Innlegget er forfattet av representanter for Forleggerforeningen, Bokhandlerforeningen, Riksmålsforbundet, Noregs Mållag, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Nynorsk kultursentrum.


Ni av ti vitskaplege artiklar frå norske universitet og høgskular er på engelsk.

Det er den største trugselen for norsk som samfunnsberande språk i framtida.

Norske universitet og høgskular må ta større ansvar for norsk fagspråk. Utan at dei tilsette ved desse institusjonane brukar nynorsk og bokmål aktivt i forsking og formidling, blir også det norske kvardagsspråket fattigare.

Institusjonane er forplikta til å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk (universitets- og høgskolelova paragraf 1-7).

Gjennom tildelingsbreva er også institusjonane pliktige til å utarbeide språkstrategiar.

Vi er samde om tre prioriteringar alle universitet og høgskular bør gjere for å sikre norsk fagspråk:

1) Pensum på nynorsk og bokmål

Dei fleste som blir utdanna i norsk høgare utdanning, skal formidle faget sitt i norsk arbeids- og samfunnsliv. Det er viktig at desse møter god og oppdatert fagtekst med utgangspunkt i norske samfunnsforhold på nynorsk og bokmål.

Vi oppmodar sektoren til å velje litteratur på norsk. Der ein nyttar engelskspråkleg pensum, bør det særleg på bachelornivå bli utarbeidd støttemateriell på norsk.

Dette vil også gjere studentane tryggare på engelsk fagspråk, dersom dei vel å gå vidare i utdanninga.

Institusjonane må både ta ansvar når dei vel pensum, og når dei lagar system for fordeling av arbeidstid og økonomisk premiering av vitskapleg tilsette og fagmiljø. Å utvikle og nytte god pensumlitteratur på nynorsk og bokmål må bli ei meir sentral oppgåve.

Mangelen på nynorsk er svært stor i enkelte fagområde og kan trenge særskilde satsingar, i tillegg til styrking av pensumlitteratur på norsk generelt.

2) Termlister for alle fagområde

Innafor alle fagområde er det sentrale omgrep på framandspråk, som engelsk og latin. Universiteta og høgskulane må etablere og vedlikehalde termlister for sentrale fagomgrep frå framandspråk til nynorsk, bokmål og nordsamisk. Det fører til felles praksis og vil også gjere fleire fagfolk meir språkleg medvitne i sitt daglege arbeid.

3) Forskingsformidling på nynorsk og bokmål

Mange universitet og høgskular er med på arbeidet for å formidle kunnskap på nynorsk og bokmål gjennom Store norske leksikon. Tilsette bør bli oppmoda og ha incentiv til å delta i leksikonarbeidet.

Det er også viktig at vitskapleg tilsette formidlar lengre tekstar til allmennmarknaden. Institusjonane må leggje til rette for at forskarar kan skrive fagbøker som rettar seg mot lesarar utanfor eigen sektor.

Vi oppmodar studentar og tilsette til å engasjere seg for meir norsk i akademia, gjennom å bruke norsk fagspråk oftare. Det gjer vitskaplege stemmer viktigare i norsk samfunnsdebatt og kvardag. Det kan gjere Noreg endå betre og klokare.


Heidi Austlid, Forleggerforeningen
Elin Øy, Bokhandlerforeningen
Trond Vernegg, Riksmålsforbundet
Peder Lofnes Hauge, Noregs Mållag
Arne Vestbø, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
Per Magnus Finnanger Sandsmark, Nynorsk kultursentrum


  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Interessert i språk? Les også: