Debatt

Nei, Stad Skipstunnel stel ikkje pengane frå veg og bane

  • Alfred Bjørlo
    Alfred Bjørlo
    Ordfører i Stad (V)
Tunnelen gjennom Stadlandet blir verdens første konstruert for større båter.

«Gamle sanger om igjen» frå Aftenposten.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Andreas Slettholm sin kommentar om Stad Skipstunnel vekker gamle minner om «Tanta i Akersgata» som såg ned på distrikta frå ei svevande riksmålboble i spaser-avstand til Tostrupkjellaren. Slik er heldigvis ikkje Aftenposten på det jamne lenger. Men her såg vi eit tilbakefall til fortida.

Slettholm sin frykt for at sjøtransporten skal sluke pengane til utbyggingar i og rundt Oslo, er ugrunna. Nasjonal Transportplan si samla ramme er på svimlande 1000 milliardar kroner. Sjøtransporten sin del er på omlag 1 prosent - trass i at sjøtransport står for nær 50 prosent av all innanriks godstransport. Pengesluka ligg på land, ikkje på sjøen.

Direkte feil

Stad Skipstunnel er ikkje eit prosjekt som dukkar opp «ut av det blå» og stel pengane frå veg og bane, slik ein får inntrykk av i Slettholm sine skribleri. Stad Skipstunnel er prioritert i dagens Nasjonal transportplan – med oppstart i 2021. Kostnadsramma har lege stabil i mange år.

Alfred Bjørlo, ordfører i Stad kommune (V)

Det er direkte feil når Slettholm skriv at prisen «spratt opp med 600 mill i siste kvalitetssikringsrunde». Tvert imot er kostnadsramma lågare i Kvalitetssikring av styringsunderlag samt kostnadsoverslag (KS2) i 2020 enn i KS1 frå 2017, og samfunnsnytta større.

Det er også berre tullprat når Slettholm framstiller Stad Skipstunnel som eit prosjekt berre «Hareide, Frp og Nordvestlandet vil ha». Eit samla storting har sagt at Stad Skipstunnel skal byggast, med byggestart seinast i 2021.

Både Ap, Sp og Frp la inn startløyving til Stad Skipstunnel i sine statsbudsjett for 2021.

Står saman om tunnelen

Det er fordi eit samla Vestland – og Trøndelag – står saman om at Stad Skipstunnel er avgjerande for trygg og stabil transport av gods og passasjerar langs kysten.

LO, NHO og næringslivet langs heile Vestlandet har engasjert seg. Fiskeri- og havbruksnæringa, Kystrederiene og alle andre, som i motsetnad til Slettholm faktisk brukar sjøen på Vestlandet til dagleg, er krystallklare på at Stad Skipstunnel må kome. Og han vil bli brukt, mellom anna fordi aktiviteten i havbruksnæringa skal femdoblast i åra framover.

Havila, som i 2021 overtar halvparten av hurtigrute-trafikken, er like klare på at dei vil bruke Stad Skipstunnel med sine nye skip.

Ingen krav om fleire skipstunnelar

Eg kan også roe ned Slettholm dersom han fryktar at dersom Stortinget no gir Vestlandet éin skipstunnel, så vil krava om nye skipstunnelar kome som perler på ei snor. Stad Skipstunnel er unik – fordi Stadhavet er unikt. Det kjem ingen krav om fleire skipstunnelar.

Heilt til slutt: Det er rein bløff når Slettholm skriv at eg vil bruke «mindre penger på tog på Østlandet».

Eg støttar heilhjarta den styrka satsinga på jernbane i og rundt Oslo, med Venstre som pådrivar.

Problemet til jernbanen er at dei store byggeprosjekta har mangla kostnadskontroll og veks seg himmelhøgt over rammene sett i NTP.

Dette har samferdsleminister Hareide prisverdig gripe tak i. Det er då ganske utruleg at Slettholm snakkar seg vekk frå dette og i staden legg skulda på det einaste større prosjektet i NTP innanfor sjøtransport – som har hatt full kostnadskontroll.

Uansett: Slettholm er velkomen til Vestlandet – for å sjå og lære meir om sjøtransport som framtidas transportform.

Les også

Andreas Slettholm: Ministerens evangelium står ikke til troende

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Nyhetsbrev Vil du ha tips om ukens beste debatter?

Les mer om

  1. Stad
  2. Nasjonal Transportplan
  3. Skipsfart
  4. Skipstrafikk