Debatt

Høgare mål og fleire tellekantar - klimaet treng ein Astrid Søgnen | Bård Vegar Solhjell

  • Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær, WWF Verdens naturfond

Også klimaet kunne trenge ein Astrid Søgnen – ein målbevisst byråkrat med eit tydeleg mandat, som måler alt, følgjer opp systematisk og ikkje aksepterer slinger i valsen, skriver tidligere SV-politiker Bård Vegar Solhjell. Foto: Stig B. Hansen

Kan norsk klimapolitikk vennlegast få Astrid Søgnen på free transfer?

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Eg har hatt gleda av å vere statsråd både for klima og utdanning. På begge felta går debatten om måling og resultatkontroll både høgt og lågt.

Eg har ofte drøymt om ...

På klimaområdet har eg ofte drøymt om systemtenking og styringskultur som liknar den Oslos vidgjetne skuledirektør Astrid Søgnen er kjent for.

Også klimaet kunne trenge ein målbevisst byråkrat med eit tydeleg mandat, som måler alt, følgjer opp systematisk og ikkje aksepterer slinger i valsen.

Les også

Astrid Søgnen: - Hva slags inntrykk har du egentlig fått av meg?

Bård Vegar Solhjell Foto: Rolf Øhman


Kva om vi hadde ein PISA-debatt om klima

I den norske skuledebatten har den internasjonale PISA-undersøkinga prega dagsorden. Der målast resultat i ulike land på område som rekne- og skriveferdigheiter.

Tidlegare hadde vi liten kunnskap om resultata til elevane. No vert norske resultat målt, offentleggjort og samanlikna med andre land. Så blir dei brukt i politisk styring.

Annleis på klimafeltet: Om vi samanliknar konkrete utsleppskutt, er resultata av norsk klimapolitikk systematisk svakare enn i nesten alle andre europeiske land. Men vi kuttar ikkje meir av den grunn.

Skyv på klimamål

Noreg har hatt klimamål sidan 1990. Dei har vore satt som mål om prosentvise kutt nokre år framme. Så har tida gått, utsleppa har auka og Stortinget har vedtatt nye mål – lenger fram i tid. No har vi gitt opp målet for 2020. Det er 2030 som gjeld.

Når det likevel er mogeleg å seie at Noreg har nådd klimamåla undervegs, er det fordi vi har konstruert eit system som gjer at vi kan seie akkurat det. Vi kjøper utsleppskvotar utanlands, fremst gjennom deltaking i EU sitt kvotesystem.

No skal samarbeidet utvidast til å gjelde transport, bygg og landbruk.

Auka utslepp frå olje og transport

I ly av kvoteregimet har Noreg sett ei kraftig auke i utsleppa frå petroleum og transport. Framsteg på andre sektorar gjer at dei samla utsleppa går ned. Så vidt.

Problemet er at dette ikkje er nok. Den nye rapporten frå FN sitt klimapanel viser at vi må halvere utsleppa for kvart tiår framover. Ifølgje statsbudsjettet ligg vi an til å kutte berre 13 prosent innan 2030.

Eit kvotesystem for klimautslepp er ein god idé når det fungerer som det skal. Men kvotemarknaden i EU har hatt for mange billige kvotar.

Skjerpa utsleppsmål

Miljøkomiteen i EU-parlamentet har no gått inn for å skjerpe utsleppsmålet frå 40 til 55 prosent innan 2030. Det kan nok hjelpe. Uansett må alle no redusere eigne utslepp. Nordmenn òg.

Vi kan ikkje skyve ansvaret for å omstille Noreg over på dei som skal arve landet. Og anten norsk næringsliv omstiller seg eller ikkje, kan vi trygt gå ut frå at konkurrentane kjem til å gjere det.

Les også

Vi må forstå hvorfor to graders temperaturøkning er farlig

Kva no? Her er tre forslag:

For det fyrste må vi halvere utsleppa for kvart tiår. Målet om 40 prosent kutt i 2030 er ikkje nok.

For det andre må vi halde orden på klimautsleppa våre. Vi treng eit budsjett med talfesta tak for utslepp i ulike sektorar, klare årlege mål, og eit tøft embetsverk à la Astrid Søgnen.

For det tredje treng vi fleire modige satsingar. Gjennom initiativ som elbil-politikken og regnskogspengane har Noreg bidratt til klimakutt i global skala. Meir av det!

Ikkje enkelt, noko av det – men det er jo slikt vi har politikarar til.

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Astrid Søgnen
  2. Klimapolitikk
  3. Bård Vegar Solhjell
  4. Miljø
  5. Debatt

Relevante artikler

  1. KRONIKK

    Det største talet er kostnadane ved å ikkje gjere noko

  2. NORGE

    – Jeg våger knapt å fortelle hva jeg jobber med. Det er blitt en skam, føler jeg.

  3. POLITIKK

    I dag skal Ap vise KrF hva partiet gikk glipp av da de valgte høyresiden

  4. KRONIKK

    Kva har ein ulovleg dyremarknad i ein ukjend kinesisk storby med oss å gjere? Alt.

  5. ØKONOMI

    Klimamålet 2020 glipper. Elektriske ferger bidrar til å få opp farten i klimakuttene.

  6. DEBATT

    Meninger: Anbefaler felles nordisk OL-søknad