Debatt

Fleksibilitet og tid er svaret for vidaregåande | Ragnhild Lied

  • Ragnhild Lied
    Utvalgsleiar

Den generelle studiekompetansen har lenge vore under press. Mange institusjonar innfører difor tilleggskrav, skriv Ragnhild Lied. Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Eit 11. skoleår er ein dårleg idé.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Forskarane Martin Flatø og Fartein Ask Torvik og direktør Camilla Stoltenberg, ved Folkehelseinstituttet, har eit innlegg i Aftenposten 7. juli der dei kommenterer enkelte forslag frå eit utval eg har leia (NOU 2019:25). Eitt av utvalet sine forslag er at dagens rett til vidaregåande opplæring, som er ein tidsavgrensa rett, skal bli erstatta av ein tidsuavgrensa rett til å fullføre opplæringa.

Folkehelseinstituttet argumenterer i staden for å innføre eit frivillig 11. skuleår. Dei viser til eit ekstra grunnskuleår i Danmark og seier: «Ordninga er særleg god for gutter, som har størst fare for ikkje å fullføre vidaregåande opplæring.»

Det kommunale tilbodet har blitt vurdert av Danmarks evalueringsinstitutt (2016):
«Effektanalysen viser, at selv når det korrigeres for de store forskjelle i elevgrundlaget, så har det kommunale 10.-klassetilbud placeret i tilknytning til en folkeskole en negativ effekt med hensyn til at påbegynde, blive fastholdt på og genneføre en gymnasial uddannelse.»

Innføring av tilleggskrav

Dette viser at det neppe er grunnlag for å teikne eit svært positivt bilete av eit 11. skuleår for elevar som slit. Dessutan må fleire av dei utfordringane elevane møter, handterast
undervegs i vidaregåande. Den generelle studiekompetansen har lenge vore under press. Mange institusjonar innfører difor tilleggskrav. Det pressar elevar til tidlege val av fag. Difor har Lied-utvalet foreslått tiltak for å styrke den generelle studiekompetansen.

Det må også få konsekvensar for elevar som tar påbygging til generell studiekompetanse.
Lied-utvalet var også opptatt av at det må vere mogleg å skifte utdanningsprogram undervegs. Til det trengst ein kombinasjon av fleksibilitet og romsleg med tid i vidaregåande. Ikkje eit frivillig, ofte standardisert 11. år i grunnskulen.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Folkehelseinstituttet
  2. Videregående skole

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Elever i videregående skole bør gis mulighet til å velge en tredje vei

  2. NORGE

    Utvalg foreslår færre timer med fremmedspråk: – Jeg er så glad for å ha lært et ekstra språk så godt

  3. DEBATT

    Fremmedspråkene er nå truet i norsk videregående skole

  4. NORGE

    – Et 11. skoleår gjorde meg tryggere i fagene og mer sosial

  5. SID

    Jeg holdt selv på å droppe ut av videregående. Vi trenger endring.

  6. DEBATT

    Forslag til endringer i videregående skole kan bli dramatisk for norskfaget