Debatt

Har Den norske kyrkja gløymt sjela?

  • Sivert Angel
    Professor, Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo
  • Joar Haga
    Førsteamanuensis, Fakultet for teologi, diakoni og ledelsesfag, VID Vitenskapelige Høgskole

Gudstjenesten i Nidarosdommen palmesøndag var en av dem som ble streamet fra tom kirke av hensyn til smittefare. Foto: Gorm Kallestad/NTB

Det finst eit viktigare kyrkjeleg samfunnsbidrag enn ønsket om å vera best på smittevern.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, avlyste i år alle dei fysiske påskegudstenestene.

Regjeringa hadde tilrådd at arrangement burde avlysast, men det var ikkje eit krav. Utan offentleg drøfting har preses lukka ned kjerneaktiviteten til den institusjonen han leiar.

Preses ser ut til å hevda at fysiske påskegudstenester ikkje er så viktige, det er ein slags bonus. Kristenfolket kunne heller sjå på skjerm eller nynna ein påskesalme for seg sjølv, skreiv han i Vårt Land.

I Tyskland vart ønsket om å avlysa fysiske gudstenester i påsken møtt med sterk kritikk. Den leiande biskopen ville ikkje la staten instruera kyrkja. Kyrkja er sett til å pleie det sjelelege livet. Å ta sjelelivet frå kyrkjefolket er ein stor kostnad, peika han på, og såg fysiske gudsteneste som avgjerande for sjeleleg liv.

Kvifor vart fysiske gudstenester vurderte så ulikt?

Vil gjera staten blid

I Tyskland på 1600-talet forstod ein kyrkja som ein eigen institusjon som fyrstane ikkje kunne styre som dei ville. Kyrkja stod fram som ein eigen «stand». I Danmark-Noreg vart kyrkja derimot langt sterkare integrert i den framveksande statsmakta, eit trekk som vart vidareført etter 1814.

Er kyrkja framleis prega av eineveldet? Statsvitarar har vist korleis grepet med å skilja ut statsorgan som private føretak har gjeve staten større kontroll. Føretaka må no konkurrera om statleg gunst. Dei må visa seg verdige til å få oppdrag.

Staten treng ikkje senda styringssignal, for føretaka er føre var. Dei føler seg fram til kva det er som vil gjera staten blid.

Kyrkja etterapar institusjonen ho ynskjer å vera verdig til å få overføringar frå

Tidlegare påla biskopane kyrkjelydane eit minimum av gudstenester, men dei kunne ikkje nekta dei å feira fleire. Ein preses som krev at alle kyrkjelydar legg ned gudsteneste sine, vitnar om ei kyrkje i endring.

Heile organisasjonen er innretta slik at signal frå toppen vert følgde med ein gong. Kyrkja etterapar institusjonen ho ynskjer å vera verdig til å få overføringar frå.

Viktigare enn smittevern

Å legga til rette for at folk kan samlast om ord og sakrament er ikkje avgjerande for denne kyrkja. Ho er snarare oppteken av å senda dei rette signala på rett måte. Saman med staten skal ho byggja det beste samfunnet.

Men då tapar ein det viktigaste kyrkjelege bidraget til demokratiet or syne: Å feira gudstenester som driv frykta ut og trøystar dei motlause. Gudstenesta har eit språk som tek utgangspunkt i ei soge med eit guddommeleg opphav, om Kristus som vann over døden for oss og slik gav oss ein kristen fridom.

Vi meiner dette er eit viktigare kyrkjeleg samfunnsbidrag enn ønsket om å vera best på smittevern. Gudstenesta opnar eit rom for det å vera menneske utan frykt. Denne bodskapen gjer det mogeleg å føra ein fryktlaus samtale.

Det er no kyrkja sin bodskap er viktig, no når inngrepa i livet til det einskilde mennesket er store og motførestillingane er få.

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter
  1. Les også

    Oslo domkirke strømmet påskens gudstjenester: – Mange er ensomme og kjenner på et stort savn

  2. Les også

    Seksuelle opplevelser blir ødelagt av Kirkens syndsbegrep

  3. Les også

    Det finnes ingen reell grunn til å stenge kirkene

Les mer om

  1. Smittevern
  2. Den norske kirke
  3. Påsken