Debatt

Det er lett å tykkja synd i dei barnlause. Men kva med barnet? | Kari de la Cour

  • Kari de la Cour
    Kari de la Cour
    Sosionom

Barnet som veks i kjend mors liv, kan med bistand frå medisinsk hald ha halvparten av sitt opphav frå egget til ei anna kvinne, skriv debattanten. Foto: Shutterstock / NTB scanpix

Det er stor skilnad på å få vita om eller møta kvinna som fødde deg, men som av ulike grunnar måtte gje deg frå seg, og ei som gav bort egget sitt.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

No har Høgre nett hatt landsmøte, og eit fleirtal sa ja til eggdonasjon der donor er kjend. Einslege kvinner skal òg få tilbod om assistert befruktning, sjølv om det ikkje er medisinske årsaker til deira barnløyse. Slik sidestiller ein sæddonasjon og eggdonasjon.

Over tid har mange debattert tema knytt til barnløyse både hos kvinner og menn. Det er menneskeleg å freista bøta på det som vrangt er, og lenge var løysinga adopsjon. Ganske tidleg fann forskarar ut at kunnskap om identiteten til dei biologiske foreldra var viktig å sikra for dei bortadopterte. Vi veit at mange adopterte ynskjer å vita kven dei stammar ifrå, og ein del vil gjerne treffa foreldre og slekt.

  • Klart flertall sier ja til å åpne for eggdonasjon i Norge: Kvinner bør få lov til å få barn fra transplanterte egg, mener to av tre unge. Til våren skal Regjeringen avgjøre saken

Er sæden berre ei sædcelle?

Etter kvart som den medisinske handsaming av barnløysa har gjort store framsteg, er ikkje lenger adopsjon så aktuelt. Ved kunstig befruktning talar vi i dag om både egg- og sæddonasjon.

Barnet som veks i kjend mors liv, kan såleis med bistand frå medisinsk hald ha halvparten av sitt opphav frå egget til ei anna kvinne. Men er denne halvparten berre eit egg? Det kan òg ha ein halvpart av seg frå ein fråverande far, ein sæddonor. Men er sæden berre ei sædcelle? Kva betyr det for eit menneske å ha kjennskap til sine biologiske foreldre?

Eit namn er ikkje ein person

Kvifor vart det så viktig å gje adoptivborn høve til å vita om kven foreldra deira er eller var? Vil opplysing om identiteten til framande egg- eller sæddonorar vera nok og gje tilfredsstillande svar til born som vert fødde med slik bakgrunn?

Eit namn er ikkje ein person. Kor stor hjelp er det eigentleg for eit menneske at det etter fylde atten år, eventuelt kan få vita kven som gav det sitt egg eller sin sæd?

Dette er mor og far som kanskje aldri visste om barnet vart noko av, som ikkje heller ynskte å kjenna til det eller har gjort seg tankar om kven dette menneske vart eller kva liv det fekk.

Kva skal eit menneske stilla opp med av slik kunnskap om sitt opphav? Er det kan henda mest eit illusjonsverk når lovgjevarar tykkjer at ein på slik vis har sikra barnet rett til å vita kven det stammar ifrå?

Adoptivbarns og donorbarns opphav

Det er stor skilnad på å få vita om eller møta kvinna som fødde deg, men som av ulike grunnar måtte gje deg frå seg, og ei som gav bort egget sitt. Like eins er det skilnad på å motta informasjon om sæddonorfar og få høyra om eller treffa far som kjende mor. Frå danske intervju med unge sæddonorar veit vi at nokre til dømes selde sæden sin for å få ein tur på byen.

Ein kan ikkje samanlikna adoptivborns og donorborns opphav. Utgangspunktet er heilt ulikt.

Det er skilnad på å sikra rettar for born som er fødde, og medvite å leggja til rette for borns oppvekst utan høve til tilknyting og kjennskap til biologiske foreldre.

Kven er mor til barnet?

Ein talar om såkalla altruistisk eggdonasjon. Ei syster eller veninne kunne til dømes gje egg til den barnlause. Ser ein ingen problem her? Kven er mor til barnet? Dette er ikkje berre eit juridisk spørsmål. Det kan verta påtrengjande i slekts- og venenettverket, og ikkje minst for barnet.

Om mange norske kvinner skulle gje av sine egg til kjende eller ukjende medsystrer, veit vi ikkje, men signaleffekten av legitimering kan vera stor. Det kan òg vera, slik det er peika på, at det er eit skritt på vegen til å lovleggjera surrogati.

Ved å lovfesta barnets rett til som myndig å kunna søkja opplyst kven egg- eller sæddonor er, jamstiller ein her med adopsjonslova. Dermed skulle omsynet til barnet vera teke i vare, og vegen bana for ulike medisinske hjelperåd til barnlause. Men dette er mykje meir komplisert. Det gjeld store spørsmål som: Kven er eg? Korleis skal eg leva med kunnskap om at biologiske foreldre ikkje veit om meg? Og kva er mitt menneskeverd? Er det til dømes ikkje større enn at lovgjevarar kan bestemma at eg etter fødsel reelt sett ikkje treng biologiske foreldre?

Menneskesyn og menneskeverd

Når styresmaktene skal lovgje om og leggja til rette for medisinsk handsaming av barnløyse som impliserer egg og sæd frå framande, må samfunnet sitt menneskesyn gjerast klart og barnet sitt menneskeverd leggjast til grunn. Dette stiller store krav til lovgjevar. Det kviler eit stort ansvar på styresmaktene når eventuelt vedtak skal gjerast om at det frametter skal kunna lagast born utan reell rett til å kjenna sine røter.

Er barnløyse grunn nok til at vi fundamentalt endrar på viktige livstilhøve for barnet og kan henda også for etterkomarane? Det er lett å tykkja synd i dei som treng hjelp. Men kva med barnet? Med den kunnskapen vi har i dag om borns behov sett også i samanhang med det problematiske ved ikkje å kunna reprodusera seg sjølv, er det då nok for lovgjevar å tenkja at borna er ynskte og sikkert får det godt? Så lettvint tek ein ikkje på ansvaret sitt ved vurdering om adopsjonsgodkjenning. I samband med at vi i Noreg fekk Lov om adopsjon, vart det presisert at styresmaktene hadde ansvar for barnet. Dette er hundre år sidan, men slik må det vera i dag òg.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Eggdonasjon
  2. Donorbarn
  3. Sæddonasjon

Relevante artikler

  1. NORGE
    Publisert:

    Stortingsflertall for en rekke endringer i bioteknologiloven

  2. POLITIKK
    Publisert:

    Høyres sier ja til eggdonasjon, ja til at enslige kan få assistert befruktning, men nei til surrogati

  3. NORGE
    Publisert:

    En av Norges mest kontroversielle lover blir snart vedtatt

  4. A-MAGASINET
    Publisert:

    John Erik forsvant fra moren for 32 år siden. Her møtes de igjen.

  5. KRONIKK
    Publisert:

    Hvorfor sa Bioteknologirådet ja til at en enslig mor kan bli forelder?

  6. A-MAGASINET
    Publisert:

    En ungdomsgjeng skjøt og drepte familien Lillelid ved en motorvei i USA. Bare Peter (2) overlevde.